Bergpreika

Bergpreika på ei freske i Markusklosteret i Firenze, måla av Fra Angelico 1437-45

Bergpreika, måla av Carl Bloch

Bergpreika på eit glasmåleri i Herzogenbuchsee kyrkje i Sveits, laga av Emil Gerster i 1910-11 etter eit måleri av Eugène Burnand
Bergpreika er etter Bibelen Jesu første og lengste tale. I følgje Matteusevangeliet kapittel 5-7[1] heldt Jesus talen på eit fjell like etter at han hadde samla læresveinane til seg. Delar av talen finst òg i Evangeliet etter Lukas. 
Innhaldsliste
 1 Oppbygging
 2 Oppfatningar
 3 Sjå òg
 4 Kjelder
 4.1 Referansar
 
Oppbygging | 
Bergpreika er av teologar rekna som ein tematisk samansetjing av forskjellige Jesuord om korleis Guds rike kjem til uttrykk i livet til kvart einskild menneske. Preika har fleire delar: 
- Introduksjonen
 Dei som høyrer himmelriket til (sæleprisingane)[2], [3]
 Saltet og lyset [4]
 Jesus og Moselova [5]
 Om korleis ein skal be [6]
 Jesu læresveinar og verda [7]
 Jesu læresveinar og dømmesykja [8]
 Jesu læresveinar og dei falske lærarane [9]
Oppfatningar | 
Det er ulike meiningar om korleis kristne skal oppfatte dei radikale krava i bergpreika, slike som forbodet mot skilsmisse eller kravet om å elske fiendane sine. I Den katolske kyrkja har krava i bergpreika vore rekna som gjeldane for dei mest fromme, som munkar og nonner, medan alminnelege kristne berre skal overhalde dei alminnelege bodorda. Martin Luther tolka krava i bergpreika som uoppnåelege; han meinte den viktigaste funksjonen var å få folk til å innsjå at dei ikkje kan nå frelsa ved å halde lova, berre gjennom tru. Saligprisingane er sett på som uttrykk for den største trøyst Kristus kan gje det lidande mennesket: «Jo meir vi lid, jo meir tolmodig vi ber smertene våre, dess større blir løna vår i himmelen».
Ei moderne tolking av bergpreika er Dierich Bonhoeffers Nachfolge (1937), som vart skriven på 1930-talet som ein reaksjon på den ukritiske måten den kristne kyrkja tilpassa seg det tyske samfunnet på.
Sjå òg | 
- Bjelken i ditt eige auge
Kjelder | 
- Svensk og dansk wikipedia
- Lundes bibelkommentar 1987/1996, ISBN 82-520-4423-9
Referansar | 
 ↑ Matt. 5-7
 ↑ Mat. 5,3-12
 ↑ Luk. 6,20-49
 ↑ Mat. 5,13-16
 ↑ Mat. 5,17-48
 ↑ Mat. 6,1-18
 ↑ Mat. 6,19-34
 ↑ Mat. 7,1-14
 ↑ Mat. 7,15-29