Love Is All Around






















Love Is All Around
Singel av The Troggs
frå albumet Cellophane


B-side
«When Will the Rain Come»

Utgjeve
Oktober 1967

Innspelt
1967

Sjanger

Rock

Lengd
2:45

Selskap

Page One, Fontana, Mercury

Låtskrivar(ar)

Reg Presley

Produsent

Larry Page

The Troggs-kronologi
«Hi Hi Hazel»
(1967)

Love Is All Around
«Little Girl»
(1968)



«Love Is All Around» er ein song av det engelske rockebandet The Troggs. Han vart skriven av frontmannen Reg Presley og var visstnok inspirert av ei fjernsynssending av bandet Joy Strings frå Frelsesarmeen av «Love That's All Around».[1][2] Songen vart først gjeven ut på singel i Storbritannia i oktober 1967 og nådde der femteplassen på singellista. På Hot 100-lista i USA gjekk songen inn på 98. plassen i februar 1968 og nådde sjuandeplassen i mai 1968, og låg i alt 16 veker inne på lista. Songen vart òg gjeven ut på albumet Cellophane.


«Love Is All Around» ar blitt spelt av mange andre artistar, inkludert R.E.M., som The Troggs spelte inn albumet Athens Andover med i 1992. R.E.M. sin versjon kom ut som B-sida til singelen deira «Radio Song» i 1991. Wet Wet Wet sin versjon vart spelt inn for filmen Four Weddings and a Funeral i 1994 og vart ein enorm hit verda over, og låg mellom anna 15 veker på toppen av UK Singles Chart.




Innhaldsliste





  • 1 Salslister


  • 2 Wet Wet Wet-versjonen

    • 2.1 Salslister


    • 2.2 Innhald


    • 2.3 Salslister og salstrofé

      • 2.3.1 Vekeslister


      • 2.3.2 Årslister


      • 2.3.3 Salstrofé




  • 3 Andre versjonar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff




Salslister |














Liste (1967–68)
Plassering
Tyskland (Media Control AG)[3]15
Irland (IRMA)[4]17
Nederland (Mega Single Top 100)[5]17
UK Singles (Official Charts Company)[6]5
US Billboard Hot 100[7]7


Wet Wet Wet-versjonen |




















Love Is All Around
av Wet Wet Wet
frå albumet Four Weddings and a Funeral og Picture This


Utgjeve
9. mai 1994

Innspelt
4. januar 1994

Sjanger

Rock

Lengd
3:59 (album)
4:12 (TV mix-versjonen)
4:14 (remix)

Selskap

PolyGram, Records Service

Låtskrivar(ar)

Reg Presley

Produsent

Graeme Clark, Graeme Duffin, Wet Wet Wet

Wet Wet Wet-kronologi
«Cold Cold Heart»
(1993)

Love Is All Around
«Julia Says»
(1995)



Richard Curtis møtte Wet Wet Wet for å spørje om dei ville spele inn ein song for filmen hans Four Weddings and a Funeral.[8] Bandet fekk velje mellom tre songar. Dei to andre var «I Will Survive» av Gloria Gaynor og «Can't Smile Without You» av Barry Manilow.[8] Songaren Marti Pellow har fortalt at valet av «Love is All Around» var eit lett val «fordi me visste me kunne gjere han til vår eigen».[8] Songen, som har ein annan introduksjon enn The Troggs-versjonen, vart spelt inn 4. januar 1994 og kom ut i mai.



Salslister |


15. mai 1994 gjekk «Love Is All Around» inn på UK Singles Chart på ein fjerdeplass.[9] Etter å ha klatra til andreplassen veka etter, nådde han toppen av lista 29. mai.[10] Der vart han liggande i 15 veker. Det er det nest lengste ein song har lege på toppen av denne lista, berre slått av Bryan Adams sin «(Everything I Do) I Do It for You», som låg 16 veker på toppen av lista i 1991. Songen låg i alt 22 veker inne på Topp 75.[11] Songen låg så lenge på toppen av somme radiostasjonar nekta å spele songen, fordi mange lyttarar var lei av han. Bandet valte til slutt sjølv å trekkje singelen attende frå sal.[12] Fram til 2016 hadde singelen seld 1,88 millionar eksemplar i Storbritannia, noko som gjer han til den bestseljande kjærleiksballaden gjennom tidene.[13] I Noreg låg songen 11 veker på toppen av VG-lista.


Reg Presley brukte dei store inntektene han fekk som låtskrivar av songen på forsking av mellom anna kornsirklar.[14] Pellow spelte òg inn sin eigen versjon av songen i 2002 på albumet Marti Pellow Sings the Hits of Wet Wet Wet & Smile.



Innhald |


Amerikansk promosingel
  1. «Love Is All Around (Remix)»

  2. «Love Is All Around»

CD 1
  1. «Love Is All Around»

  2. «I Can Give You Everything» (7" Arthur Baker soul remix)

  3. «Ain't No Stoppin'/Le Freak»

CD 2 Limited Edition Digi Pack
  1. «Love Is All Around»

  2. «Is This Love?» (live)

  3. «Love Is All Around» (TV mix)

  4. «I Can Give You Everything» (12" house mix)

Kassett
  1. «Love Is All Around»

  2. «I Can Give You Everything» (7" Arthur Baker soul remix)

7"
  1. «Love Is All Around»

  2. «I Can Give You Everything» (7" Arthur Baker remix)


Salslister og salstrofé |







Vekeslister |










































Liste (1994)
Plassering
Australia (ARIA)[15]1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[16]1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[17]1
Canada (RPM)[18]17
Danmark (IFPI)[19]2
Finland (Suomen virallinen lista)[20]1
Frankrike (SNEP)[21]2
Tyskland (Media Control AG)[22]2
Irland (IRMA)[23]2
Nederland (Mega Single Top 100)[24]1
New Zealand (RIANZ)[25]1
Noreg (VG-lista)[26]1
Skottland (Official Charts Company)[27]1
Spain (AFYVE)[28]5
Sverige (Sverigetopplistan)[29]1
Sveits (Schweizer Hitparade)[30]2
UK Singles (Official Charts Company)[10]1
US Billboard Hot 100[31]41
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[32]8



Årslister |
















Liste (1994)
Plassering
Australia (ARIA)[33]1
Den austerrikske singellista[34]2
Den franske singellista[35]14
New Zealand (Recorded Music NZ)[36]1
Den sveitsiske singellista[37]5
UK Singles (Official Charts Company)
1


Salstrofé |

























Region
SalstroféSalstal
Australia[33]3× Platina
210,000^
Austerrike[38]Platina
30,000
Tyskland[39]Platina
500,000
Nederland[40]Gold
40,000
Sverige[41]Platina
20,000
Storbritannia[42]3× Platina
1,900,000[13]


Andre versjonar |


Frø dei fekk internasjonal suksess med singelen sin «These Eyes», vart «Love Is All Around» spelt av The Guess Who kring 1967/68, og finst på samlealbumet This Time Long Ago.[43] Songen vart òg spelt av Lotta Engbergs orkester som «Du ger mig av din kärlek» med svensk tekst av Peter Stedt i 1994 [44] medan ei spansk utgåve, «El amor me envuelve (sabes que te amo)» vart spelt inn av Rocío Banquells i 1999 på albumet hennar Fuerza Del Amor. Andre versjonar er spelt av The Johnny Mann Singers i 1968 på albumet This Guy's In Love With You • The Look Of Love.[45]


Songen er òg blitt nytta i filmane Get Real (1998)[46], Love Actually (som julesongen «Christmas Is All Around» framført av Bill Nighy som den oppdikta rockestjerna Billy Mack)[47] og ein episode av situasjonskomedien The Vicar of Dibley. R.E.M. sin versjon er nytta i filmen I Shot Andy Warhol.[48]



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Love Is All Around» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2018.



  1. Synthia Andrews, ND & Colin Anderson (2010). The Complete Idiot's Guide to the Akashic Record. Alpha, a member of Penguin Group (USA) Inc. ISBN 978-1-101-19798-1. Henta 4. april 2018. 


  2. Bill Davidson. «Love That's All Around». The Joy Strings. Arkivert frå originalen 12. juli 2012. Henta 4. april 2018. 


  3. "The Troggs - Love Is All Around". Charts.de. Media Control.


  4. «The Troggs - Love Is All Around». Irishcharts.ie. 


  5. "Dutchcharts.nl – The Troggs – Love Is All Around" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.


  6. "Chart Stats – Troggs – Love Is All Around" UK Singles Chart. Chart Stats.


  7. "Troggs?f=379&g=Singles The Troggs Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Troggs. Prometheus Global Media.


  8. 8,08,18,2 Stevens, Jenny. «How we made: Love Is All Around». The Guardian. Henta 4. april 2018. 


  9. «1994-05-21 Top 40 Official Singles Chart UK Archive - Official Charts». officialcharts.com. Henta 4. april 2018. 


  10. 10,010,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.


  11. Sloan, Billy (27 June 2004). «Wets Get Together Again». Daily Record (Trinity Mirror). Arkivert frå originalen 27 September 2007. 


  12. «Lights! Camera! Music! 21 chart hits from movie soundtracks». officialcharts.com. Henta 4. april 2018. 


  13. 13,013,1 Myers, Justin (4. april 2018). «These are the UK's 20 biggest selling love ballads of all time». Official Charts Company. Henta 4. april 2018. 


  14. «Reg Presley's 'Wild Things They Don't Tell Us'». BBC Wiltshire. Henta 3. april 2018. 


  15. "Australian-charts.com – Wet Wet Wet – Love Is All Around". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.


  16. "Wet Wet Wet – Love Is All Around – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.


  17. "Ultratop.be – Wet Wet Wet – Love Is All Around" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.


  18. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 4. april 2018. 


  19. «Billboard» (på Danish). 23. juli 1994. Henta 24. februar 2012.  CS1 maint: Unrecognized language (link)


  20. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3.  CS1 maint: Unrecognized language (link)


  21. "Lescharts.com – Wet Wet Wet – Love Is All Around" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.


  22. "Wet Wet Wet - Love Is All Around". Charts.de. Media Control.


  23. Irish Singles Chart Irishcharts.ie (Henta 10. april 2008)


  24. "Dutchcharts.nl – Wet Wet Wet – Love Is All Around" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.


  25. "Charts.org.nz – Wet Wet Wet – Love Is All Around". Top 40 Singles. Hung Medien.


  26. "Norwegiancharts.com – Wet Wet Wet – Love Is All Around". VG-lista. Hung Medien.


  27. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.


  28. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 


  29. "Swedishcharts.com – Wet Wet Wet – Love Is All Around". Topp 60. Hung Medien.


  30. "Wet Wet Wet – Love Is All Around – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.


  31. "Wet Wet?f=379&g=Singles Wet Wet Wet Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Wet Wet Wet. Prometheus Global Media.


  32. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 256. 


  33. 33,033,1 «The ARIA Australian Top 100 Singles 1994». Australian Record Industry Association Ltd. Arkivert frå originalen 2015-10-25. Henta 2016-01-18. 


  34. 1994 Den austerrikske singellista Austriancharts.at (Henta 4. april 2018)


  35. 1994 Den franske singellista Disqueenfrance.com Mal:Webarchive (Henta 30. januar 2009)


  36. «New Zealand Year End Chart 1994». THE OFFICIAL NZ MUSIC CHART. Recorded Music NZ. Henta 21. september 2016. 


  37. 1994 Den sveitsiske singellista Hitparade.ch (Henta 4. april 2018)


  38. Austrian certifications Mal:Webarchive. ifpi.at. Henta 4. april 2018.


  39. «Gold-/Platin-Datenbank ('Love+Is+All+Around')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 4. april 2018. 


  40. Dutch certifications. nvpi.nl. Henta 9. desember 2008.


  41. Swedish certifications Mal:Webarchive. ifpi.se. Henta 11. september 2008.


  42. UK certifications Mal:Webarchive. bpi.co.uk. Henta 4. april 2018


  43. Unterberger, Richie. «The Guess Who? This Time Long Ago». Henta 4. april 2018. 


  44. «Våra nya vingar | Svensk mediedatabas». SMDB. Henta 4. april 2018. 


  45. The Johnny Mann Singers – This Guy's In Love With You. The Look Of Love på Discogs


  46. IMDB.com. «Get Real 1998». Soundtrack. Internet Movie Database. 


  47. IMDB.com. «Love Actually Soundtrack». Internet Movie Database. 


  48. «R.E.M. - Love Is All Around». AllMusic. Henta 4. april 2018. 



Bakgrunnsstoff |



  • Heile songteksten på MetroLyrics






Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?