Sotsji
Sotsji Сочи | |||||
---|---|---|---|---|---|
Sotsji sett frå Svartehavet | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||||
Grunnlagd Bystatus | 1838 1917 | ||||
Borgarmeister | Dsjambulat Tsjatuov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By | 3 502 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 331 100 94,5 /km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 30 moh | ||||
Tidssone - Ved sommartid | MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 354000–354396 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8622 | ||||
Nettstad: www.sochiadm.ru |
Sotsji (russisk Сочи) er ein russisk kurstad ved Svartehavet og foten av Kaukasus der mellom anna det høgaste fjellet i Europa, Elbrus, ligg på 5648 moh. Byen skal arrangere Vinter-OL 2014. Byen har om lag 330 000 innbyggjarar og ligg i Krasnodar kraj. Byen har ein internasjonal flyplass, Adler-Sotsji lufthamn, ei hamn og jernbanesamband.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Klima
3 I dag
4 Bakgrunnsstoff
5 Kjelde
Historie |
Frå 700-talet til 1600-talet høyrte området til kongane av Georgia, som bygde eit dusin kyrkjer der. I bydelen Loo står ruinane etter ein bysantinsk basilika frå 1200-talet. Frå 1600-talet vart kysten dominert av Det osmanske riket. Etter den tyrkisk-russiske krig vart byen formelt avstått til Russland i Adrianopeltraktaten i 1829.
Byen vart offisielt grunnlagt i 1838 som fortet og busetnaden Aleksandrija (Александрия). Fortet fekk det nye namnet Navaginskij (Навагинский) alt i 1839. Under krimkrigen vart det gjeve opp av dei russiske styrkane og vart ikkje gjenoppbygd før i 1864 som utposten Dakhovskij (Даховский). I 1874 fekk utposten det nye namnet Dakhovskij Posad (Даховский Посад).
Byen fekk så namnet Sotsji i 1896. Det nye namnet er frå ybiske namnet på elva som renn gjennom byen, Soatsjsje (eventuelt frå det adygeiske Sjatsja).
Under Sovjetunionen utvikla byen seg til ein særs populær kur- og badeby. Josef Stalin bygde seg ein datsja der og han vert rekna for å ha vore hans yndlingsdatsja. Den russiske staten har framleis ein representasjonsstad der, dit dei stundom tek med seg utanlandske dignitærar.
Klima |
Sotsji og omlandet har det varmaste klima i Russland. Snø er ytst sjeldan i låglandet, sidan gjennomsnittstemperaturen i dei kaldaste månadane er +7 C (januar og februar). I juli er gjennomsnittstemperaturen + 26 C. Somrane er lange og varme, noko som saman med kjeldene, grønkledde fjell og fine strender langs Svartehavet, har gjort byen til ein populær ferieby.
I dag |
Sotsji har mange hotell, sanatorium og mineralbad. Vegetasjonen er subtropisk med palmar, blomar og parkar. Sør for sentrum ligg den høgt lovpriste Dendrarij botaniske hage med mange eksotiske planter. Utanfor byen ligg Dagomy teplantasje og i nord finn ein det kaukasiske biosfærereservatet, som UNESCO har oppført som del av verdsarva.
Byen har eit delfinarium og mange sportsanlegg for tennis, fotball og symjing. Om vinteren er det skisport i fjella nokre få mil innanfor byen. Kvar sommar vert filmfestivalen «Kinotavr» halden i Sotsji.
Den 4. juli 2007 vart det avgjort at Sotsji skal arrangere Vinter-OL 2014. Dei to konkurrerande kandidatbyane var sørkoreanske Pyeongchang og austerrikske Salzburg.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sotsji
Kjelde |
- Denne artikkelen bygger på «Sotsji» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.
Byar i Krasnodar kraj | ||
---|---|---|
Administrativt senter: Krasnodar | ||
Abinsk · Anapa · Apsjeronsk · Armavir · Beloretsjensk · Gelendzjik · Gorjatsjij Kljutsj · Gulkevitsji · Jejsk · Khadyzjensk · Korenovsk · Kropotkin · Krymsk · Kurganinsk · Labinsk · Novokubansk · Novorossijsk · Primorsko-Akhtarsk · Slavjansk-na-Kubani · Sotsji · Temrjuk · Tikhoretsk · Timasjovsk · Tuapse · Ust-Labinsk |
Vertsbyar for Dei olympiske vinterleikane | |
---|---|
|
Vertsbyar paralympiske vinterleikar | |
---|---|
1976: Örnsköldsvik • |
|