Surrealisme
Surrealisme er ei kunstretning i biletkunsten og litteraturen som oppstod i byrjinga av det 20. hundreåret og var inspirert av det umedvitne, slik dette vert definert i psykoanalysen.
Surrealismen var påverka av Freud og teoriane hans om det undermedvitne. Den teoretiske og ideologiske grunngjevinga for kunstretninga stod frå 1921 fyrst og fremst den franske forfattaren, kunstteoretikaren og kritikaren André Breton for ved at han mellom anna skreiv dei ulike surrealistiske manifesta (les Manifestes du surréalisme).
Ordet surrealisme tyder over realiteten eller utover realiteten. Retninga freista å framstille det umedvitne ved å nytte som middel forvrenging av røyndomen og framandgjering. Forfattarar, målarar og skulptørar søkte grunnlaget for kunstuttrykka i menneskets eigen røyndom i det umedvitne, nytta inntrykk frå rus og draum som inspirasjonskjelde, freista å utvide medvitet og røynda på globalt nivå og å forkaste alle gjeldande verdiar. Surrealismen inneber difor ei anarkistisk oppfatning av kunsten og av verda.
Innhaldsliste
1 Surrealistiske biletkunstnarar
2 Surrealistiske forfattarar
3 Surrealistiske fotografar
4 Surrealistiske filmskaparar
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Surrealistiske biletkunstnarar |
Hans Arp (1887–1966)
Leonora Carrington (f. 1917)
Giorgio de Chirico (1888–1978)
Salvador Dalí (1904–1989)
Paul Delvaux (1897–1994)
Oscar Dominguez (1906–1957)
Marcel Duchamp (1887–1968)
Edgar Ende (1901–1965)
Max Ernst (1891–1976)- Alberto Giacometti
Rudolf Hausner (1914–1996)
Frida Kahlo (1907–1954)
René Magritte (1898–1967)
Robert Matta (1912–2002)
Joan Miró (1893–1983)
Richard Oelze (1900–1980)
Meret Oppenheim (1913–1985)
Wolfgang Paalen (1905–1959)
Kay Sage (1898–1963)
Yves Tanguy (1900–1955)
Surrealistiske forfattarar |
Antonin Artaud (1896–1948)
André Breton (1896–1966)
René Char (1907–1988)
René Crevel (1900–1935)
Robert Desnos (1900–1945)
Paul Eluard (1895–1952)
Joyce Mansour (1928–1986)
Octavio Paz (1914–1998)- Gisèle Prassinos
Benjamin Péret (1899–1959)
Raymond Queneau (1903–1976)
Philippe Soupault (1897–1990)
Tristan Tzara (1896–1963)
Boris Vian (1920–1959)
Surrealistiske fotografar |
- Paola Pivi
- Man Ray
Surrealistiske filmskaparar |
Luis Buñuel (1900–1983)
Kjelder |
- Byggjer i utganspunktet på Wikipedia på bokmål, versjonen av 27.11.07
Bakgrunnsstoff |
- Teksten til det surrealistiske manifestet.
- André Breton. Manifestes du surréalisme. [Paris] 1985: Gallimard; Folio/essais 5. ISBN 978-2-07-032279-4 ISBN 2-07-032279-3
|