Vang kommune


«Vang» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Vang (fleirtyding).
























Vang kommune

kommune




kommunevåpen

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland


Adm.senter
Grindaheim

Areal
1 505 km²
 - land
1 314 km²
 - vatn
191 km²

Folketal
1 601 (1. januar 2018)
Folketettleik

1 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar

Vidar Eltun (Ap)


Kommunenr.
0545




NO 0545 Vang.svg




Wikimedia Commons: Vang

Nettstad: www.vang.kommune.no

Vang kommune er ein kommune i Oppland fylke. Kommunen ligg nørdst i dalføret Valdres og grensar i nord til Lom og Vågå, i aust til Øystre Slidre, i søraust til Vestre Slidre, i sør til Hemsedal i Buskerud, og i vest til Lærdal og Årdal i Sogn og Fjordane.


Dei fleste innbyggjarane i kommunen bur i Ryfoss, kommunesenteret Vang, Øye og på Tyinkrysset. Vang har fire barnehagar og ein kombinert barne- og ungdomsskule: Vang barne- og ungdomsskule.[1]




Frå Vang kommune. I bakgrunnen ligg Grindafjellet.


Kommunegrensene vart sist endra i 1882, då eit mindre område vart overført frå Vang til Øystre Slidre.





Innhaldsliste





  • 1 Geografi og samferdsel


  • 2 Næringsliv


  • 3 Historie


  • 4 Verdt å sjå


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff






Geografi og samferdsel |


Vang kommune femner Begnavassdraget i Valdres med fjelltraktene på begge sidene. Kommunen omfattar den sørlege delen av Jotunheimen med Bygdin og Tyin i nord. Vang er ei utprega fjellbygd, og nesten 90 % av arealet ligg høgre enn 900 moh. Høgst når fjella nord for Bygdin, med Urdanostinden (2157 moh.), Slettmarkpiggen (2190 moh.) og Vestre Kalvehøgda (2208 moh.) på grensa mot høvesvis Luster/Årdal, Lom og Vågå.


E 16 går på sørsida av Vangsmjøse og over Filefjell. Ved Tyinkrysset tar fylkesveg 53 av til Årdal; frå denne fører fylkesveg 252 frå sørenden av Tyin til Eidsbugarden. På nordsida av Vangsmjøse går òg fylkesvegar. Elles er det for det meste setervegar i Vang.



Næringsliv |




Utsyn over Vangsmjøse med tettstaden Vang bak fjellet til høgre i biletet


Vang er ein typisk jordbrukskommune. Den gjennomsnittlege storleiken på bruka er den minste blant dei andre kommunane i fylket, og hovudvekta er lagt på produksjon av gras som fôr til stor- og småfe. I Ryfoss på grensa til Vestre Slidre kommune er det noko industri, mellom anna sagbruk, betongvarefabrikk og eit mindre butikksenter. Turismen er viktig for kommunen; fleire høgfjellshotell og andre turistanlegg ved Bygdin og Tyin og langs hovuddalane. Tyin-Filefjell ligg attmed Tyinkrysset på austsida av Filefjell. Det er fleire kraftverk i Vang med ei samla yting på 88,1 MW, størst er Ylja (65 MW).


Om sommaren blir festivalen Vinjerock arrangert på Eidsbugarden i Vang, ved foten av Jotunheimen nasjonalpark.



Historie |




Vangssteinen


Vang, som resten av Valdres, vart opphavleg folkesett med immigrantar frå Vestlandet. I 1153 vart Valdres av denne grunnen inkludert av Kardinal Breakspear i bispedømet i Stavanger.


På den gamle tingvollen der Vang stavkyrkje ein gong stod, heldt Håkon VI ting i 1368. Då vart ein grensetvist løyst med ein grensestein som står til denne dag.


Høgt oppe i Filefjell står Nystua, der reisande ein gong fann ly når dei skulle over til Vestlandet. På andre sida av den tronge dalen som snor seg over fjellet ligg Maristua, som vart sett opp etter påbod av Dronning Margrete rundt 1390. Sjølv om Nystua fyrst er nemnd i 1627 er den sannsynlegvis mykje eldre. Begge desse skysstasjonane vart vedlikeheldne av staten fram til 1830.


I Smeddalen rett vest for Nystua stod for fleire hundre år sidan ei kyrkje, St. Thomaskyrkja på Filefjell. Det var ei stavkyrkje som er omtala fyrste gong i 1615, men truleg var den mykje eldre. På grunn av martnan som var mellom sogningar og valdrisar, og som tidvis var ganske valdelege, vart det bestemt at kyrkja skulle rivast. Det var så gale at det vart sagt at «når kjerringe sende maan sin på martnan so sende ho med håna ein likkjortel». I 1808 var kyrkja vekke, men martnan heldt fram.



Verdt å sjå |





Øye stavkyrkje



  • Øye stavkyrkje (bygt 1150-1200)


  • Høre stavkyrkje (bygt i 1180)


  • Vang stavkyrkje vart flytta på 1800-talet til Karpacz i Karkonosze-fjella i Polen


  • Vangsteinen utanfor Vang kyrkje


  • Leinekvernene på nordsida av Vangsmjøse

  • St. Thomaskyrkja på Filefjell

  • Ryfossen

  • Sputrefossen

  • Riddarstøga på Leirhol

  • Slettefjellveien

  • Tyin / Filefjell skisenter


Kjelder |




  1. «Vang kommune: Skule og utdanning». 


  • Geir Thorsnæs (8. juli 2010). «Vang - kommune i Oppland». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2010. 


  • Eirik Helleve (28. oktober 2011). «Vang kommune, Oppland». Allkunne. Henta 26. september 2014. 



Bakgrunnsstoff |


  • Nettsidene til Vang kommune


  • Vang i Valdres, aktuelt frå Vang kommune




Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister