Landskappleiken


Landskappleiken er ei årleg tevling i norsk folkemusikk og -dans, skipa av Landslaget for Spelemenn, eit tidlegare særlag i Noregs Ungdomslag. Kappleiken finn stad annakvart år i hardingfeledistrikt og annakvart år i vanleg feledistrikt.


Det vert alltid halde kappspel i hardingfele, fele og kveding, men òg som oftast i munnharpe og andre eldre folkeinstrument i tillegg til pardans, lausdans og lagdans.



Historie |


Frå 1888 og frametter hadde det vore halde ei rekkje mindre kappleikar, som sette standard for utviklinga av kappleikstradisjonen med omsyn til døming og reglement. «Landskappleikar» vart haldne med ujamne mellomrom frå 1896 av, mange av dei arrangerte av Vestmannalaget i Bergen. Kappleiken skifte år om anna mellom Bergen og Kristiania. Frå 1918 var stemnet halde årleg. Nokre gonger i mellomkrigstida vart det halde parallelle landskappleikar på to stader, soleis i 1923 (Oslo og Bergen), 1931 (Kristiansand og Oslo), 1935 (Bø i Telemark og Kongsberg) og 1946 (Notodden og Oslo).


Den første røynlege Landskappleiken vart halden i 1923 etter initiativ frå Landslaget for spelemenn, som vart skipa same året. Stemnestaden var nok ein gong Bergen, og vinnaren av kappleiken var Dreng Ose frå Setesdal. Den parallelle kappleiken i Oslo var vunnen av Alfred Maurstad. Året etter kom det med ei klasse for vanleg fele, første gong vunnen av Olav Moløkken. Frå 1924 vart landskappleiken skift mellom fleire stader i landet. I 1927, 1938 og 1940 var det ikkje halde landskappleik etter dei opplysningane som finst.


Under andre verdskrigen låg mykje av dette arbeidet nede. Det vart halden kappleik på Nesbyen i 1941 (vinnar Anund Roheim), men ikkje fleire gonger så lenge krigen vara ved. Kappleikane var oppe att frå 1946, og er i dag rekna som den viktigaste mønstringa av norske folkemusikkutøvarar. Kvalifisering til eliteklassene er utan unnatak avgjord på landskappleiken.


Dei første åra var landskappleiken ein rein spelemannskappleik, dominert av utøvarar på hardingfele. Med tida vart det reist krav om fleire klasser, og etter krigen kom dansarane med, sjølv om lausdans var med alt i 1897 det andre året Vestmannalaget skipa til kappleik i Bergen. Vokal folkemusikk har tevla i eigen klasse sidan 1958.


Så langt har Landskappleiken og Landsfestivalen for gamaldansmusikk halde seg unna kvarandre. Unnataket kom i 2009, då stemna vart haldne på Geilo under same paraply. Bakgrunnen for denne ordninga var at Landskappleiken hadde opplevd auka interesse og tilstrauming, og vokse i omfang, slik at mange lokale spelemannslag kvidde seg for å aksle arrangementet. Problemet vart løyst i eit samarbeid mellom spelemannslaga i Hol og Ål.


Stemnet vart kjend som NM i folkemusikk, men reiste ein del debatt i fagkrinsar og i folkemusikkmiljøet. Det var innvendingar frå båe sider, og frå 2010 heldt ein stemna fråskilde som før.



Klassar |


Solo-klassane Spel Hardingfele og Spel Fele så vel som laus og pardans er delte opp i klassane D, C, B og A. C er for deltakarar fylt 12 år, B for fylt 18 år og A krev eit visst tal gode plasseringar i B-klassen. D-klassen er for dei eldste, men desse kan velje å halde fram i B, eller A om de er kvalifiserte. Vokal folkemusikk vart skild i A og B frå 1995, av di tilstrøyminga auka.


Felles-klassane Gruppespel, Lagspel og Lagdans er delt opp i Senior og Junior. Junior har eit spesielt alderskrav, men senior har ikkje noko aldersgrense. Mange lag som har for få unge spelemenn til å spela i Junior kan såleis delta i Senior-klassen.


Ei følgje av samanslåinga i 2009 var at dei tradisjonelle A og B-klassene vart slegne saman, og påmeldinga i mange klasser minka som følgje av dette. I dei store tevlingsklassene hadde dette ikkje vore tilfelle sidan 1950-talet, då stemnet var monaleg lite.



Bakgrunnsstoff |


  • Heimesidene til Landskappleiken


  • Vinnarar i dei ulike klassene ved folkedans.com

    Spire Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?