Sarpsborg Fotballklubb
Sarpsborg Fotballklubb er eit idrettslag i Sarpsborg, stifta 8. mai 1903. SFK er eit av dei mest meritterte cuplaga i Noreg, i tida 1906-64 deltok klubben i tov NM-finalar og sigra i seks av dei. SFK kunne heve kongepokalen i 1917, 1929, 1939, 1948, 1949 og 1951. I seriespel er tredjeplassane frå 1964 og 1965 det beste Sarpsborg har oppnådd. Innhaldsliste 1 Nasjonalt lag 2 Lokalt lag 3 Klubbprofilar 4 Merittar Nasjonalt lag | Sarpsborg Footballclub vart stifta av briten Hugh Kenworthy, kontorsjef ved Borregaard-fabrikkane. Sarpsborg etablerte seg snøgt i toppen av norsk klubbfotball. Både i i 1907 og 1907 kom laget til cupfinale, der det vart tap 0-1 og 0-3 mot høvesvis skienslaget Odd og oslolaget Mercantile. Ti år seinare vart SFK klar for ein ny cupfinale, og i Stavanger vart laget norsk meister etter 4-1 mot SK Brann i 1917, i den aller fyrste norske cupfinalen på grasbane. Åtte år etterpå vart rollene omsnudd då Brann van...