Verb
Japanske verb for «å gje» og «å ta imot». Kva verb ein bruker blir bestemt av statusen til gjevaren og mottakaren. Verb eller gjerningsord er ein ordklasse typisk knytt til noko som skjer, og kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt og anna. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne). Innhaldsliste 1 Valens 1.1 Univalente verb 1.2 Bivalente verb 1.3 Trivalente verb 1.4 Andre typar valens 2 Verbbøying 2.1 Finitte verbformer 2.1.1 Modus 2.1.2 Tid (tempus) 2.1.3 Aspekt 2.2 Infinitte verbformer 2.2.1 Infinitivar 2.2.2 Gerundiumsformer 2.2.3 Partisippformer 2....