Svartehavsregionen




Svartehavsregionen


Svartehavsregionen (tyrkisk Karadeniz Bölgesi) er ein av regionane i Tyrkia. Han grensar til Marmararegionen i vest, Sentral-Anatolia i sør, Aust-Anatolia i søraust, Georgia i nordaust og Svartehavet i nord.


Det bur kring 8,5 millionar innbyggjarar i regionen, og av dette bur 4,1 millionar i byar og 4,3 millionar i landsbyar. Regionen er derfor den einaste regionen i Tyrkia der det bur fleire folk på landet enn i byane. Sjølv om majoriteten er tyrkiarar, bur det òg noko laz-folk og georgiarar i regionen, og i motsetnad til dei same etniske gruppene i Georgia (der dei er georgisk-ortodokse) er dei sunnimuslimar.




Innhaldsliste





  • 1 Provinsar


  • 2 Geografi


  • 3 Turisme


  • 4 Kjelder




Provinsar |




Provinsar i Black Sea Region


  • Provinsen Amasya

  • Provinsen Artvin

  • Provinsen Bartın

  • Provinsen Bayburt

  • Provinsen Bolu

  • Provinsen Çorum

  • Provinsen Düzce

  • Provinsen Giresun

  • Provinsen Gümüşhane

  • Provinsen Karabük

  • Provinsen Kastamonu

  • Provinsen Ordu

  • Provinsen Rize

  • Provinsen Samsun

  • Provinsen Sinop

  • Provinsen Tokat

  • Provinsen Trabzon

  • Provinsen Zonguldak


Geografi |


Svartehavsregionen har ein bratt, berglendt kyst med elvar som stupar ned smale kløfter frå kystfjella. Nokre større elvar, som skjer seg gjennom Dei pontiske fjella, har sideelvar som renn gjennom breiare dalar. Det går berre få vegar frå kysten og over fjella til det indre av regionen sidan fjella som som varierer frå 1500 til 1800 meter over havet i vest til 3000-4000 meter over havet i aust med Kaçkarfjella, dannar ein nesten ugjennomtrengeleg mur mellom kysten og det indre. Dei høgareliggande fjellsidene på nordvestsida er som regel dekte av tett skog. På grunn av desse naturlege tilhøva har Svartehavskysten historisk sett vore isolert frå Anatolia.


Det milde, fuktige maritime klimaet langs Svartehavskysten har dannar eit kommersielt lønsamt jordbruk. Frå Zonguldak i vest til Rize i aust vidar den smale kyststripa seg ut fleire stader til frodige, kraftig oppdyrka delta. Samsunormådet er eit stort tobakkproduserande område og i aust er det mange sitruslunder. Aust for Samsun, er området kring Trabzon verdskjend for produksjon av hasselnøtter, og lenger aust i Rize-området er det mange teplantasjar. Alle område som kan oppdyrkast, inkludert fjellsidene der dei ikkje er for bratte, er oppdyrka eller nytta som beitemark. Vestlege område av Svartehavsregionen, særleg Zonguldak-området, er eit senter for kolgruvedrift og tungindustri.


Dei nordanatoliske fjella i nord er ei nær ugjennomtrengeleg fjellrekkje som generelt går parallelt til Svartehavskysten. I vest er fjella generelt lågare med høgder sjeldan over 1500 meter, men dei stig gradvis austover til høgder over 3000 meter sør for Rize.



Turisme |


Dei som mislikar varmen og fukta om sommaren ved Middelhavet og Egearhavet i Tyrkia,[1] kan rømme til platåa i fjella i Svartehavsregionen, som nesten er permanent dekt av skyer og som får mykje regn med eit rikt dyre- og planteliv med skogar, kratersjøar, fossar, elvar, fjellturar, rafting, kanopadling og vintersport, jakt og fiske.[2]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Black Sea Region» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. Land: Black Sea Region of Turkey


  2. Blacksea Region culture and travel







Koordinatar: 41°00′N 36°00′E







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?