Vågsvåg stad Land Noreg Fylke Sogn og Fjordane Kommune Vågsøy Areal 0,26 km² Folketal 204 ( 2017 ) Folketettleik 785 / km² Postnummer 6700 MÅLØY Preposisjon i Vågsvåg Vågsvåg er ei bygd på sørsida av Vågsøy, ved utløpet av Nordfjord. I Vågsvåg ligg garden Våge som er rekna for den fyrste busetnaden på Vågsøy. Bilveg med dagleg bussrute frå byen Måløy går gjennom Vågsvåg og vidare til Kannesteinen i Oppedal. Vågsvåg har naturleg og lun hamn. Den gamle handelsstaden Vågsberget frå 1600-talet ligg i Vågsvåg. Der ligg også verksemdene Vågsøy ferdigbetong, Solheims fiskeferie, Vågsvåg mekaniske verkstad og ei avdeling av Måløy gjestgiveri. Torskangerpoll musikklag held stormfestival for korps kvart tredje år i Vågsvåg. Kjelder | Fotnotar | Denne So...