Anne-Cath. Vestly
| Anne-Cath. Vestly | |
|  | |
| Fødd | 15. februar 1920 Rena | 
| Død | 15. desember 2008 | 
| Yrke | skodespelar, skribent, omsetjar, barnebokforfattar | 
| Anne-Cath. Vestly på Commons | |
Anne Catharina Vestly (15. februar 1920–15. desember 2008), meir kjend som Anne-Cath. Vestly, var ein norsk barnebokforfattar og skodespelar, fødd på Rena i Østerdalen.
Innhaldsliste
 1 Liv
 2 Verk
 2.1 Barnetimen
 2.2 Geografi
 2.3 Skodespel igjen
 
 3 Verkliste
 3.1 Barneromanar
 3.1.1 1953–1958 - Ole Aleksander
 3.1.2 Lese-lett-bøker
 3.1.3 Bokormen
 3.1.4 Mormor og de åtte ungene (1957–1961; 1986, 1999)
 3.1.5 Knerten-bøkene (1962–1974; 1998–2002)
 3.1.6 Aurora-bøkene (1966–1972)
 3.1.7 Guro-bøkene (1975–1981)
 3.1.8 Kaos-bøkene (1982–1987)
 3.1.9 Mormor-bøkene (1992–2004)
 
 3.2 Biletbøker
 3.3 Skodespel
 3.4 Sjølvbiografi
 
 4 Prisar
 5 Referansar:
Liv | 
Anne-Cath. Vestly opplevde ein barndom med mykje flytting, noko som går igjen i mange av bøkene hennar. Ho skildrar seg sjølv som eit sjenert barn som vart modig berre ho fekk opptre. Etter kvart vart draumen hennar å bli skodespelar. 
Vestly laga sine eigne små kabaretprogram som ho oppførte i privatheimar under den andre verdskrigen. Ho blei lagd merke til, og kom med i Studioteateret som starta etter krigen. 
Etter å også ha underhalde på tivoli, byrja Anne-Cath. Vestly å skriva høyrespel for barn for NRK. I 1952 byrja ho å sjølv lesa tekstane sine i Barnetimen for dei minste. Forteljingane blei til ei rekkje bøker som ho gav ut frå 1950- til 2000-talet.
Anne-Cath. Vestly døydde i Mjøndalen i Nedre Eiker.
Verk | 
Barnetimen | 
Ho fortalde historier om dagleglivet til små barn på ein levande, barnleg måte, som gjorde at både små og store vart gripne av det ho fortalde. Men forteljingane hennar er ikkje berre kos. Dei skildrar samfunnet slik det er, og tek for seg mykje av det barn strir med i kvardagen, som syskensjalusi, det å mista ein forelder, eller å vera redd for at det skal bli krig. 
Nokre av emna vekte reaksjonar. Då Ole Aleksander fekk ei lillesøster og foreldra forklarte at ho kom frå magen til mora, var det mange som vart sinte for at ho lærte ungane slik «styggedom». Det var òg mange som ikkje likte at ho skildra ein heimeverande far og ei mor med karriere i bøkene om Aurora.
Geografi | 
Anne-Cath. Vestly sine hovudpersonar er for det meste barn under skulealder, med unntak av Mormor, som har gått igjen i fleire seriar. Ho byrja med å fortelja om vesle Ole Aleksander som budde i eit høghus i Oslo, men flytte snart handlinga ut av «Den store byen». Vestly-universet dreier seg rundt Tiriltoppen, ein oppdikta drabantby utanfor hovudstaden, men handlinga kan òg gå føre seg på Gampetreff og Vetleby på Austlandet, Fabelvik i Nord-Noreg, eller verkelege stader, som Amsterdam og Lagos.
Skodespel igjen | 
Sjølv om forfattarverksemda vart viktigare, gav ikkje Anne-Cath. Vestly heilt opp med skodespelet. Ho laga fjernsynsserien om Kanutten saman med mannen Johan Vestly, der Alf Prøysen òg var med som Romeo Clive. Seinare spela ho Mormor i filmatiseringane av bøkene om dei åtte ungane. Ho brukte kanskje òg skodespelarteknikk når ho lærte seg å spela fiolin for å kunna skriva om Guro og fiolinen, eller når ho reiste til Island for at Mormor òg skulle kunna reisa dit.
Verkliste | 
Barneromanar | 
1953–1958 - Ole Aleksander | 
 1953 - Ole Aleksander Filibom-bom-bom
 1954 - Ole Aleksander på farten
 1955 - Ole Aleksander får skjorte
 1956 - Ole Aleksander og bestemor til værs
 1958 - Ole Aleksander på flyttefot
Lese-lett-bøker | 
(Desse hefta kom ut på Tiden Norsk Forlag i både bokmåls- og nynorskutgåver.)
 1971 - Ole Aleksander hjemme og ute
 1971 - Ole Aleksander og den slemme gutten
 1971 - Ole Aleksander på skolen
 1971 - Ole Aleksander på sirkus
 1971 - Ole Aleksander og julepresangene
Bokormen | 
 2002 - Ole Aleksander på skolen
 2002 - Ole Aleksander flytter
Mormor og de åtte ungene (1957–1961; 1986, 1999) | 
 1957 - Åtte små, to store og en lastebil
 1958 - Mormor og de åtte ungene i skogen
 1959 - Marte og mormor og mormor og Morten
 1960 - En liten takk fra Anton
 1961 - Mormors promenade
 1986 - Mormor og de åtte ungene på sykkeltur i Danmark
 1999 - Morten og mormor og Stormvind
Knerten-bøkene (1962–1974; 1998–2002) | 
 1962 - Lillebror og Knerten
 1963 - Trofaste Knerten
 1964 - Knerten gifter seg
 1965 - Knerten i Bessby
 1973 - Knerten og forundringspakken
 1974 - Knerten på sykkeltur
 1998 - Knerten detektiv og Handelsreisende Lillebror
 2001 - Knerten Politimann
 2002 - Den store boken om Knerten
Aurora-bøkene (1966–1972) | 
 1966 - Aurora i blokk Z
 1967 - Aurora og pappa
 1968 - Aurora og den vesle blå bilen
 1969 - Aurora og Sokrates
 1970 - Aurora i Holland
 1971 - Aurora på Hurtigruten
 1972 - Aurora fra Fabelvik
Guro-bøkene (1975–1981) | 
 1975 - Guro
 1976 - Guro og nøkkerosene
 1977 - Guro alene hjemme
 1978 - Guro og fiolinen
 1979 - Guro og Lille-Bjørn
 1980 - Guro på Tirilltoppen
 1981 - Guro og Frydefoniorkesteret
Kaos-bøkene (1982–1987) | 
 1982 - Kaos og Bjørnar
 1983 - Lilla Olaug og Lubben
 1984 - Kaosgutten i Vetleby og verden
 1985 - Kaos førskolegutt
 1987 - Kaos og hemmeligheten
Mormor-bøkene (1992–2004) | 
 1992 - Ellen Andrea og mormor
 1993 - Forundringspakken og Lagertha rasebasse
 1994 - 5 på reise
 1995 - Kostemarsj på Tirilltoppen
 1996 - Mormor og én til hos Rosa
 2000 - Småtassene og andre folk på Tirilltoppen
 2002 - Monrad tenker
 2004 - Monrad og mormor i den store klubben
Biletbøker | 
 1997 - Lille-Draugen
Skodespel | 
 1960 - Huset i skogen
 1997 - Heksen Innmari og Frankogfri
Sjølvbiografi | 
 1990 - Lappeteppe fra en barndom
 2000 - Nesten et helt menneske
Prisar | 
 1977 - Kirke- og undervisningsdepartementets sine premiar for barnebøker
 1977 - Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris
 1979 - Oslo bys kunstnerpris
 1980 - Peer Gynt-prisen
 1982 - Kulturdepartementets pris
 1986 - Bokhandlarprisen for Mormor og de åtte ungene på sykkeltur i Danmark
 1986 - Teskjekjerringas hederspris
 1987 - Sofus mediepris
 1989 - Regnbogeprisen
 1990 - Paul Robeson-prisen
 1990 - Oslo bys kulturpris
 Spellemannprisen 1991 i klassen Barneplate for Marte og mormor og mormor og Morten 1-4
 1992 - Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden
 1994 - Norsk kulturråds ærespris
 1995 - Brageprisens heiderspris
 1998 - Folkehelseprisen
Referansar: | 
- Denne artikkelen bygger på «Anne-Cath. Vestly» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2008.
| 
 |