For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme. Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet. Innhaldsliste 1 Utbreiing og jurisdiksjon 2 Overhyrdar 2.1 Lydbiskopar 3 Biskopar 3.1 Biskopar 3.2 Erkebiskopar Utbreiing og jurisdiksjon | Kart over den nordiske kyrkjeprovinsen (1153-1387) Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar: Bj...
Redningsselskapet Type Humanitær medlemsorganisasjon Org.nummer 954 360 709 Skipa 9. juli 1891 Grunnleggjar Oscar Tybring Hovudkontor Lysaker Generalsekretær Rikke Lind Misjon Redde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen Frivillige 4 200 Tilsette 197 sjøtilsette og 83 årsverk på land Medlemmer 111 342 Motto Ingen skal drukne Nettstad https://www.redningsselskapet.no/ RS «Idar Ulstein», første fartøy i den nye Ulstein-klassen. RS 5 «Liv», den første av det Colin Archer kalla ei ideell redningsskøyte. Skøyta berga 132 menneske frå den visse død i løpet av si tenesteperiode frå 1894 til 1932. Redningsselskapet , opphavleg Norsk Selskap til Skibbrudnes Redning , er ein norsk humanitær medlemsorganisasjon med målsetjing om å redde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen. Visjonen til Redningsselskapet er «Ingen skal ...