Matte
- For skulefaget matte, sjå matematikk.
Matte er eit lite teppe eller dekke som ein gjerne bruker på golvområde som blir mykje brukt eller treng eit ekstra teppe av ein annan grunn. Ein kan bruka matter ved dører og i gangar, på baderom, i kjøkken og liknande. Matter kan også brukast til å opphalda seg på, til dømes utandørs, eller til idrett som bryting eller turn. Nokre mattetypar blir også brukte oppå bord og møblar, som musematter eller ølmatter.
Matter kan vera av tekstil eller ulike fibrar som bast, halm, siv eller kokosfiber. Andre kan vera av ulike plastmaterial eller av metall.
Å «halde seg på matta» er eit biletleg uttrykk for å te seg sømeleg eller å halde seg i skinnet. Det viser eigentleg til å bli ståande på ei dørmatte utan å tre inn.
I overført tyding kan ein omtale ein person som lèt seg audmjuka eller utnytta ei «dørmatte».
Kjelder |
«matte» i Nynorskordboka.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|