VM i fotball 1966




Kart over deltakarlanda i VM 1966




Frimerke frå Sovjetunionen i høve fotball-VM 1966


Verdsmeisterskapen i fotball 1966 vart avvikla i England i tida 11. -30. juli 1966. Kampane fann stad på åtte arenaer i sju ulike byar; London (Wembley og White City), Birmingham, Liverpool, Manchester, Sheffield, Middlesbrough og Sunderland. Vertslandet England vart verdsmeister etter å ha vunne 4-2 over Tyskland i finalen. Portugiske Eusébio vart toppskårar i turneringa med sine ni nettkjenningar.


Turneringsformatet var det same som i dei to føregåande VM-turneringane. Dei 16 deltakarlanda vart delt i fire innleiingsgrupper, og dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til kvartfinalane. England, Vest-Tyskland, Portugal og Sovjetunionen vart gruppevinnarar og fekk fylgje av Uruguay, Argentina, Ungarn og overraskingslaget Nord-Korea. Tittelforsvaren Brasil rauk ut etter å ha tapt 1-3 for både Ungarn og Portugal.


Frå kvartfinalane tok alle dei fire gruppevinnarane seg vidare til semifinalespel. Portugal vann 5-3 over Nord-Korea i ein høgdramtisk kamp der nordkoreanarane valsa over Portugal og leia 3-0 etter 22 minuttars spel. Fire mål av Eusébio snudde kampen i Portugals favør.


Begge semifinalane enda 2-1: Vest-Tyskland sigra over Sovjetunionen på Goodison Park i Liverpool, medan Bobby Charlton skåra begge måla då England vann over Portugal på Wembley i London. Også bronsefinalen enda 2-1, her vart José Torres matchvinnar for Portugal to minuttar før fløyta lydde for full tid.




Innhaldsliste





  • 1 Gruppespelet

    • 1.1 Gruppe A


    • 1.2 Gruppe B


    • 1.3 Gruppe C


    • 1.4 Gruppe D



  • 2 Finalen


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Gruppespelet |



Gruppe A |















































#LagKSUTMål±P
1
Flagget til England England
32104–04
5
2
Flagget til Uruguay Uruguay
31202–11
4
3
Flagget til Mexico Mexico
30211–3−2
2
4
Flagget til Frankrike Frankrike
30122–5−3
1


Gruppe B |















































#LagKSUTMål±P
1
Flagget til Vest-Tyskland Vest-Tyskland
32107–16
5
2
Flagget til Argentina Argentina
32104–13
5
3
Flagget til Spania Spania
31024–5−1
2
4
Flagget til Sveits Sveits
30031–9−8
0


Gruppe C |















































#LagKSUTMål±P
1
Flagget til Portugal Portugal
33009–27
6
2
Flagget til Ungarn Ungarn
32017–52
4
3
Flagget til Brasil Brasil
31024–6−2
2
4
Flagget til Bulgaria Bulgaria
30031–8−7
0


Gruppe D |















































#LagKSUTMål±P
1
Det sovjetiske flagget Sovjetunionen
33006–15
6
2
Flagget til Nord-Korea Nord-Korea
31112–4−2
3
3
Flagget til Italia Italia
31022–20
2
4
Flagget til Chile Chile
30122–5−3
1


Finalen |




Lagkaptein Bobby Moore har teke mot Jules Rimet-pokalen etter VM finalen 30. juli 1966


Finalen vart spelt på Wembley stadion i London om ettermiddagen 30. juli med 97 000 tilskodarar til stades.


Helmut Haller gav Vest-Tyskland leiinga etter 12 minuttar, og Geoff Hurst utlikna fire minuttar seinare. Martin Peters sende England opp til 2-1 i det 78. minutt. Kort før ordinær tid var over, fekk vesttyskarane frispark. Etter frisparket greide sidebacken Wolfgang Weber å putte ballen over målstreken ved nærast stolpe. Ti minuttar ut i fyrste ekstraomgang sende Hurst av garde eit skot som trefte tverliggjaren og spratt ned på mållinja. Ballen vart dømt i mål, ei mykje omdiskutert avgjerd. I det 120. minutt, då publikum var klar til storme bana for å feire sigeren, skåra Hurst sitt tredje mål. Han er den einaste mannlege spelaren som har skåra tre mål i ein VM-finale i fotball. Kapteinen Bobby Moore kunne heve Jules Rimet-pokalen som prov på at England var verdsmeister i fotball.


Verdsmeistrar for England vart: Gordon Banks, George Cohen, Jackie Charlton, Bobby Moore (kaptein), Ray Wilson, Nobby Stiles, Alan Ball, Martin Peters, Bobby Charlton, Geoff Hurst og Roger Hunt.


Tysklands mannskap: Hans Tilkowski, Horst-Dieter Höttges, Willi Schulz, Karl-Heinz Schnellinger, Wolfgang Weber, Franz Beckenbauer, Wolfgang Overath, Helmut Haller, Uwe Seeler (kaptein), Sigfried Held og Lothar Emmerich.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «1966 FIFA World Cup» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2015.


Bakgrunnsstoff |


  • VM-finalen 1966








Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?