Jackie Charlton







Jackie Charlton

Jack Charlton.jpg

Fødd
8. mai 1935
Ashington
Yrke
fotballspelar, sjølvbiograf, fotballtrenar

Jackie Charlton på Commons

John Charlton (fødd 8. mai 1935), kjend som Jack eller Jackie Charlton, er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Ashington i Storbritannia. Han vart verdsmeister for England i 1966, og både seriemeister, FA-cupvinnar, ligacupvinnar og to gongar Messebycup-vinnar med Leeds United. Han deltok i 629 ligakampar, fleire enn nokon annan Leeds-spelar, og skåra 70 mål. Bobby Charlton er bror hans.




Innhaldsliste





  • 1 Spelar

    • 1.1 Klubbspel


    • 1.2 Landslagsspel



  • 2 Kjelder




Spelar |



Klubbspel |


Jackie Charlton debuterte på Leeds United 25. april 1953, men det var fyrst hausten 1955, etter å ha gjennomført militærtenesta, han vart Leeds-spelar på rett. Dei neste 18 sesongane var han fast midtstoppar på laget, som fram til 1964 var eit ordinært klubblag i vekselvis 2. og 1. divisjon. I 1965 kom Leeds på andreplass i serien og tapte finalen i FA-cupen mot Liverpool FC etter ekstraomgangar. Også i 1966 vart Leeds serietoar, og i 1967 tapte laget finalekampane mot Dinamo Zagreb i Messebycupen. Året etter, i 1968, kunne Charlton for fyrste gong heve ein vinnarpokal då Leeds i byrjinga av mars sigra med 1-0 over Arsenal FC i ligacupen. Seks månader vann han pokal nummer to då Leeds heldt Ferencvaros til 0-0 på bortebane i Budapest i den andre og siste finalekampen i Messebycupen, heime vann Leeds 1-0.


Eit høgdepunkt for Charlton og Leeds var ligameisterskapen 1969, då laget sette poengrekord for 1. divisjon med 67 av 84 moglege poeng, og vann med heile seks poengs margin til Liverpool FC. Dei neste tre sesongane hamna Leeds på andreplass i ligaen, både i 1971 og 1972 enda laget eitt poeng bak ligameisterlaget. I 1970 måtte Leeds også sjå seg slått i FA-cupfinalen, medan laget i 1971 sigra i Messebycupen og i 1972 i FA-cupen.



Landslagsspel |


Charlton debuterte på det engelske landslaget i april 1965, ein månad før han fylte 30 år. Han spelte alle kampane under fotball-VM 1966 på heimebaner, som enda med VM-tittel etter siger 4-2 mot Vest-Tyskland på Wembley stadion. Åra 1967-68 spelte han berre tre landskampar, men deltok i fleire kampar. Han var med i troppa til VM i fotball 1970 i Mexico, der han fekk vere med på 1-0 over Tsjekkoslovakia, hans 35. og siste landskamp. Seks gongar i landslagsdrakta fekk han nettkjenning.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Jack Charlton» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2016.

  • eu-football













Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?