1914



< 1914 >




1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916





  • Vitskap i 1914





1914 (romartal MCMXIV) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen.
Dette året braut første verdskrigen ut.




Innhaldsliste





  • 1 Hendingar

    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg



  • 2 Fødde


  • 3 Døde


  • 4 Kjelder




Hendingar |



Utlandet |





Kagoshima og Sakurajima i 1914.



  • 1. januar: To britiske protektorat i Vest-Afrika blei slått saman til éin koloni, Nigeria, namngjeven av guvernørkona Flora Shaw.


  • 11. januar: Vulkanen Sakurajima nær Kagoshima i Japan byrja eit utbrot som voks etter eit stort jordskjelv 13. januar. Lavaflaumen band saman vulkanøya med Osumihalvøya.


  • 1. mars: Republikken Kina blei medlem av verdspostforeininga.


  • 7. mars: Prins Wilhelm av Wied kom til Albania for å bli konge der. Regjeringstida hans vara berre i 6 månader.


  • 16. mars: Henriette Caillaux, kona til den franske ministeren Joseph Caillaux, drap avisredaktøren Gaston Calmette ved Le Figaro etter ein lengre aviskampanje mot ektemannenn.


  • 27. mars: Den belgiske kirurgen Albert Hustin utførte den første vellukka ikkje-direkte blodoverføringa ved hjelp av antikoagulantar.


  • 20. april: Ludlowmassakren mot streikande gruveabeidarar og familiane deira i Ludlow i Colorado førte til at 39 arbeidarar, kvinner og barn blei drepne.


  • 21. april: «Banankrigane». Marinesoldatar frå USA okkuperte Veracruz i Mexico etter at ein mindre krangel i Tampico førte til ei større diplomatisk tildraging.


  • 14. mai: President Woodrow Wilson skreiv under ein proklamasjon som gjorde morsdagen til ei offentleg feiring i USA.


  • 25. mai: Det britiske underhuset vedtok Government of Ireland Act 1914, som skulle gje Irland sjølvstyre som del av Storbritannia.


  • 29. mai: Linjeskipet RMS «Empress of Ireland» gjekk ned i St. Lawrence-elva etter ein kollisjon med det norske lasteskipet DS «Storstad». 1 012 menneske omkom.


  • 30. mai: Linjeskipet RMS «Aquitania» la ut på jomfruturen sin.


  • 7. juni: Panamakanalen stod klar.[1]



Ein fanga mann (kanskje Gavrilo Princip) etter skota i Sarajevo.



  • 23. juni: Kaiser-Wilhelm-kanalen (Kielkanalen) gjennom Schleswig-Holstein blei gjenopna av keisar Vilhelm. Det britiske dreadnoughtskipet HMS «King George V» vitja Kiel og blei inspisert av den tyske keisaren.


  • 28. juni: Erkehertug og kronprins Franz Ferdinand av Austerrike og kona hans blei skotne under ei vitjing til Sarajevo av den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip. Drapet sette i gang ei rekkje alliansar mellom land i Europa og førte til første verdskrigen.[1]


  • 29. juni: Den austerriksk-ungarske legasjonssekretæren i Beograd sende ei melding til Wien om mogleg serbisk innblanding i drapa i Sarajevo. Antiserbiske opptøyar braut ut i heile Bosnia.


  • 5. juli: Eit rådsmøte i Potsdam mellom austerriksk-ungarske og tyske leiarar diskuterte mogleg krig mot Serbia, Russland og Frankike.


  • 6. juli: Tyskland gav Austerrike-Ungarn bindande løfte om støtte i høve krig mot Serbia.


  • 23. juli: Julikrisa. Austerrike-Ungarn stilte Serbia eit ultimatum som kravde at landet skulle forhindra anti-austerriksk propaganda og aktivisme og fjerna involverte i Sarajevo-attentatet frå statleg teneste.


  • 25. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn hevda å ikkje ha fått eit tilfredsstillande svar på ultimatumet til Serbia, og byrja mobilisera.


  • 28. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia.[1]


  • 29. juli: Cape Cod-kanalen opna i Massachusetts. Kanalen korta ned sjøreisa mellom Boston og New York med ca. 10 mil, men gjorde også Cape Cod om til ei øy.


  • 30. juli: Første verdskrigen. Russland byrja allmenn mobilisering. Tyskland la fram eit ultimatum om at ordren skulle takast tilbake.


  • 31. juli: Den franske politikaren Jean Jaurès vart myrda av ein høgrenasjonalist på ein kafe i Paris.


  • 1. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Russland.[1] Allmenn mobilisering i Frankrike[2] og Tyskland.



Tyske soldatar går inn i Brussel 20. august 1914.



  • 2. august: Første verdskrigen. Tyskland besette Luxembourg og gav nøytrale Belgia eit ultimatum om fritt leide.


  • 3. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Frankrike. Belgia avviste kravet om fritt leide.


  • 4. august: Første verdskrigen. Tyskland invaderte Belgia. Storbritannia erklærte krig mot Tyskland for å ha brote nøytraliteten til Belgia.[3] Dette hadde konsekvensar for dei britiske og tyske koloniane i resten av verda.


  • 5. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Belgia. Montenegro erklærte krig mot Austerrike-Ungarn.

  • 5.-16. august: Slaget ved Liège under første verdskrigen. Tyske styrkar overvann dei belgiske. Tidleg i slaget blei Liège bomba frå tyske luftskip.


  • 6. august: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Russland.


  • 12. august: Slaget ved Haelen under første verdskrigen. Belgiske styrkar slo tilbake dei tyske.


  • 20. august: Første verdskrigen. Tyske styrkar okkuperte Brussel.


  • 23. august: Første verdskrigen. Slaget ved Mons. Britiske styrkar heldt tilbake tyske styrkar, men byrja så ein månadlang retrett langs elva Marne.

    • Japan erklærte krig mot Tyskland.


  • 26. august til 2. september: Første verdskrigen. Slaget ved Tannenberg i Aust-Preussen mellom tyske og russiske styrkar enda med tysk siger. Den tyske øvstkommanderande Paul von Hindenburg fekk status som krigshelt.


  • 1. september: St. Petersburg i Russland bytta namn til Petrograd.
    • Den siste kjende vandredua, «Martha», døydde i Cincinnati Zoo.


  • 3. september: Pave Benedikt XV, fødd Giacomo della Chiesa, etterfølgde pave Pius X.

    • Wilhelm av Albania forlét Albania etter seks månader som konge der grunna sterk motstand mot han.


  • 5.-9. september: Første verdskrigen. Det første slaget ved Marne stoppa den tyske frammarsjen mot Paris.


  • 7. september: Første verdskrigen. Det osmanske riket erklærte krig mot Belgia.


  • 17. september: Arbeidarpartipolitikaren Andrew Fisher blei statsminister i Australia for tredje gong.


  • 3. oktober: Eit jordskjelv fann stad sørvest i Tyrkia med episenter nær Burdursjøen. Rundt 4 000 menneske døydde og heimar og monument blei øydelagde.[4]


  • 9. oktober: Første verdskrigen. Tyske styrkar tok Antwerpen i Belgia.


  • 19. oktober–22. november: Første verdskrigen. Det første slaget ved Ypres stoppa den tyske framrykkinga mot havet etter store tap på begge sider.


  • 5. november: Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Det osmanske riket. Storbritannia annekterte Kypros.



Franske soldatar går til åtak i slaget ved Marne i september 1914.



  • 2. desember: Første verdskrigen, kampen om Serbia. Austerriksk-ungarske styrkar okkuperte Beograd.


  • 8. desember: Første verdskrigen. Ein overveldande britisk marinestyrke leidd av Doveton Sturdee sigra over skip frå den tyske marinen under Maximilian von Spee.


  • 12. desember: Børsen i New York opna att etter å ha blitt stengd 1. august ved krigsutbrotet.


  • 15. desember: Ein gasseksplosjon ved Mitsubishi si kolgruve i Hojyo på Kyūshū i Japan førte til tap av 687 menneskeliv.


  • 18. desember: Sultanatet Egypt blei eit britisk protektorat.[5]


  • 19. desember: Første verdskrigen, kampen om Serbia. Slaget ved Kolubara enda med ein klar serbisk siger over austerriksk-ungarske styrkar.


  • 24. desember: Julefreden, ein uoffisiell våpenkvile og fraternisering mellom britiske og tyske soldatar, fann stad.

  • Hamnebyen Dover sør i England blei bombardert av tyske fly, luftskip og krigsskyp.


Noreg |





Postkort frå 1914 med sitat av Bjørnstjerne Bjørnson.


  • Hundreårsjubilem for den norske grunnlova

  • 5. mai-11. november: Jubilæumsutstillingen blei halden i Kristiania (Oslo) for å markera grunnlovsjubileet.


  • 31. juli: Første verdskrigen. Noreg erklærte seg nøytrale i konflikta mellom Austerrike-Ungarn og Serbia.[6]

  • 7. september: Det første norske krigsforliset under første verdskrigen fann stad då dampskipet «Tyskla» gjekk på ei mine utanfor Nederland. 3 omkom.

  • 8. september: Første verdekrigen. Noreg og Sverige inngjekk ein nøytralitetsavtale.


  • Grønligrotta i Rana blei utforska for første gong av geologen J. Oxaal.


Fødde |




Alf Prøysen i 1964


Sjå òg Fødde i 1914.

  • 14. januar: Hugh Trevor-Roper, britisk historikar


  • 15. februar: Jan-Magnus Bruheim, norsk forfattar


  • 3. mars: Asger Jorn, dansk biletkunstnar


  • 31. mars: Octavio Paz, meksikansk forfattar


  • 2. april: Alec Guinness, britisk skodespelar


  • 4. april: Marguerite Duras, fransk forfattar og regissør


  • 21. april: Gunnar Randers, norsk fysikar


  • 15. mai: Tenzing Norgay, nepalsk fjellklatrar


  • 23. juli: Alf Prøysen, norsk visesongar og forfattar


  • 9. august: Tove Jansson, finsk forfattar


  • 26. august: Julio Cortazar, argentinsk forfattar


  • 24. september: Andrzej Panufnik, polsk-britisk komponist


  • 6. oktober: Thor Heyerdahl, norsk oppdagar


  • 27. oktober: Dylan Thomas, britisk (walisisk) diktar


  • 9. desember: Max Manus, norsk motstandsmann og forretningsmann


Døde |




Bertha von Suttner rundt 1911.


Sjå òg Døde i 1914.

  • 21. januar: Theodor Kittelsen, norsk målar og forfattar


  • 3. februar: Johannes Skar, norsk folkeminnesamlar


  • 25. mars: Frédéric Mistral, fransk forfattar og nobelprisvinnar


  • 2. april: Paul Heyse, tysk forfattar


  • 21. juni: Bertha von Suttner, austerriksk forfattar, pasifist og vinnar av Nobels fredspris


  • 28. juni: Erkehertug Franz Ferdinand av Austerrike


  • 16. juli: Hans Ross, norsk teolog, ordbokredaktør og målmann


  • 4. august: Hubertine Auclert, fransk kvinnesaksforkjempar


  • 20. august: Pave Pius X


  • 26. september: August Macke, tysk målar


  • 1. oktober: Kitty Kielland, norsk målar


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «1914» frå Wikipedia på svensk, den 27. januar 2014.



  1. 1,01,11,21,3 20:e århundrades När Var Hur – 1914, Bernt Himmelstedt, Forum, 1999. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.


  2. 100 år med Aftonbladet – 1914, 1999. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.


  3. Faktakalendern 2000 – 1914 (Utlandet) , Semic, 1999


  4. Significant Earthquake, ngdc.noaa.gov


  5. «Egypt: a constitution», Time, 1923-04-28, henta 2012-08-24  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.


  6. Sverige 1900-talet – 1914, NE, Bra Böcker, 2000. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?