Sotsji

























Sotsji
Сочи


Sotsji sett frå Svartehavet
Sotsji sett frå Svartehavet






Flagget til Sotsji

Byvåpenet til Sotsji

Flagget til Sotsji

Byvåpenet til Sotsji



Plassering




Sotsji is located in Russland













Sotsji is located in Krasnodar kraj









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Krasnodar kraj
Grunnlagd
Bystatus
1838
1917
Borgarmeister
Dsjambulat Tsjatuov
Geografi
Flatevidd
 - By


3 502 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik


331 100
  94,5 /km²
Koordinatar

43°36′0″N 39°43′0″EKoordinatar: 43°36′0″N 39°43′0″E
Høgd over havet
30 moh
Tidssone
- Ved sommartid

MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer
354000–354396
Retningsnummer (tlf)
(+7)8622

Nettstad: www.sochiadm.ru

Sotsji (russisk Сочи) er ein russisk kurstad ved Svartehavet og foten av Kaukasus der mellom anna det høgaste fjellet i Europa, Elbrus, ligg på 5648 moh. Byen skal arrangere Vinter-OL 2014. Byen har om lag 330 000 innbyggjarar og ligg i Krasnodar kraj. Byen har ein internasjonal flyplass, Adler-Sotsji lufthamn, ei hamn og jernbanesamband.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Klima


  • 3 I dag


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelde




Historie |


Frå 700-talet til 1600-talet høyrte området til kongane av Georgia, som bygde eit dusin kyrkjer der. I bydelen Loo står ruinane etter ein bysantinsk basilika frå 1200-talet. Frå 1600-talet vart kysten dominert av Det osmanske riket. Etter den tyrkisk-russiske krig vart byen formelt avstått til Russland i Adrianopeltraktaten i 1829.


Byen vart offisielt grunnlagt i 1838 som fortet og busetnaden Aleksandrija (Александрия). Fortet fekk det nye namnet Navaginskij (Навагинский) alt i 1839. Under krimkrigen vart det gjeve opp av dei russiske styrkane og vart ikkje gjenoppbygd før i 1864 som utposten Dakhovskij (Даховский). I 1874 fekk utposten det nye namnet Dakhovskij Posad (Даховский Посад).


Byen fekk så namnet Sotsji i 1896. Det nye namnet er frå ybiske namnet på elva som renn gjennom byen, Soatsjsje (eventuelt frå det adygeiske Sjatsja).


Under Sovjetunionen utvikla byen seg til ein særs populær kur- og badeby. Josef Stalin bygde seg ein datsja der og han vert rekna for å ha vore hans yndlingsdatsja. Den russiske staten har framleis ein representasjonsstad der, dit dei stundom tek med seg utanlandske dignitærar.



Klima |


Sotsji og omlandet har det varmaste klima i Russland. Snø er ytst sjeldan i låglandet, sidan gjennomsnittstemperaturen i dei kaldaste månadane er +7 C (januar og februar). I juli er gjennomsnittstemperaturen + 26 C. Somrane er lange og varme, noko som saman med kjeldene, grønkledde fjell og fine strender langs Svartehavet, har gjort byen til ein populær ferieby.



I dag |


Sotsji har mange hotell, sanatorium og mineralbad. Vegetasjonen er subtropisk med palmar, blomar og parkar. Sør for sentrum ligg den høgt lovpriste Dendrarij botaniske hage med mange eksotiske planter. Utanfor byen ligg Dagomy teplantasje og i nord finn ein det kaukasiske biosfærereservatet, som UNESCO har oppført som del av verdsarva.


Byen har eit delfinarium og mange sportsanlegg for tennis, fotball og symjing. Om vinteren er det skisport i fjella nokre få mil innanfor byen. Kvar sommar vert filmfestivalen «Kinotavr» halden i Sotsji.


Den 4. juli 2007 vart det avgjort at Sotsji skal arrangere Vinter-OL 2014. Dei to konkurrerande kandidatbyane var sørkoreanske Pyeongchang og austerrikske Salzburg.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sotsji



Kjelde |



  • Denne artikkelen bygger på «Sotsji» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!




Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...