Atlantis


For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Atlantis (fleirtyding).


Tittelblad til De Atlantide ad Timaeum atque Critiam, ei latinsk omsetjing av Platon sine dialogar om Atlantis.


Atlantis er eit sogeomspunne land som har vore omtalt sidan antikken. Atlantis skal ha vore ei rik øy eller eit landområde som blei teken av havet og forsvann i løpet av kort tid. Det blei først skildra av Platon og har sidan vore inspirasjon for ei rekkje forfattarar og teoriar.




Innhaldsliste





  • 1 Antikke skildringar av Atlantis


  • 2 Atlantis i seinare tenking


  • 3 Sjå også


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder




Antikke skildringar av Atlantis |


Platon skildra Atlantis i dialogane Timaios og Kritias, etter noko som skulle vera ein 8000 år gammal egyptisk tradisjon som Solon tok med seg til Aten. Landet tilhøyrde havguden Poseidon og sonen hans, Atlas, grunnla hovudstaden deira og blei stamfar til atlantidane. Den atlantiske hovudstaden var eit geometrisk utforma anlegg med strimlar av land og kanalar konsentrisk ordna rundt ei kongeborg. Landet var rikt på åkerjord, malm, dyr og vekstar, og staten deira var den mektigaste i verda så lenge dei sette dygd høgare enn rikdom.


Atlantis-riket herska over eit område frå Italia til Egypt, men blei stoppa av Ur-Aten, Platon sitt moralske og sterke statsideal. Atlantis kom til ende på eitt døgn då jordskjelv og overfløymingar førte til at det blei slukt av havet. Platon sin elev og seinare rival Aristoteles rekna Platon si forteljing om Atlantis som ein rein fiksjon.



Atlantis i seinare tenking |




Kart av Athanasius Kircher over Atlantis, ute i Atlanterhavet. Frå Mundus Subterraneus (1669), gjeve ut i Amsterdam.Kartet er orientert med sør øvst.


I dag reknar dei fleste seriøse forskarar soga om Atlantis for dikting uten tilknyting til historisk røyndom, men gjennom tidene er det blitt lagt fram mange forslag til kvar Atlantis ein gong låg.


Den svenske lærde Olof Rudbeck d.e. hevda i verket Atlantica (3 bd., 1679–1702) at Atlantis eigentleg var Sverige i ei fjern fortid. Ein sovjetisk fortidsgranskar, Ivan Trofimovitsj, fann i 1950-åra ut at Atlantis låg i Syrte, medan landsmannen Lebedev meinte Atlantis hadde lege i Sahara den gong ørkenen var eit innhav. I 1962 la ein tysk teolog og amatørarkeolog, Jürgen Spanuth, fram påstand om at Atlantis var i botnen av Helgoland-bukta. Elles har området rundt Asorane i Atlanterhavet også vore lagt fram som mogleg opphavsstad.


Kreta-området har fleire gonger vore drøfta som Atlantis-stad. Professor Angelos G. Galanopoulos hevda i 1960-åra at han hadde bevis for at Atlantis hadde vore midtvegs mellom Kreta og det greske fastlandet. Han tidfesta undergangen av Atlantis til 1410 f.Kr., og meinte det var blitt øydelagd av eit stort utbrot av vulkanen Santorin. Utgravingar på øya Thíra (Santoríni) har vist at vulkanen eksploderte kraftig rundt år 1520 f.Kr.



Sjå også |


  • Fabelland

  • Fantomøy

  • Geomyte


  • Lemuria, eit hypotetisk, sokke kontinent i Indiahavet/Stillehavet


  • Mu, eit hypotetisk, sokke kontinent i Atlanterhavet


  • Doggerland, eit tidlegare landområde ved dagens Doggerbank


  • Zeelandia (Tasmantis), eit nesten undersjøisk kontinent i Stillehavet


Bakgrunnsstoff |



  • Atlantis – myte eller virkelighet? ved Thomas Hoffmann, Forskning.no, 29. mai 2011 (Norsk)


  • Google: Lenker til Atlantis-relatert stoff (Engelsk)


  • Committee for the Scientific Investigation of Claims of the Paranormal: «Atlantis: No way, No how, No where» (Engelsk)


  • Rainer W. Kühne: «Location and Dating of Atlantis» (Engelsk)


  • Alan Alford: «The Atlantis Secret» (Eridu Books, 2001) Om boken. (Engelsk)


  • Jim Allen's Historic Atlantis in Bolivia. «Atlantis: The Andes Solution» (Engelsk)


  • BBC News: «Satellite images 'show Atlantis'». 6. juni 2004. (Engelsk)


  • BBCNews: «Atlantis 'obviously near Gibraltar'». 20. september 2001. (Engelsk)


  • BBCNews: «Russians seek Atlantis off Cornwall». 29. desember 1997. (Engelsk)


  • Project Gutenberg Presents: Atlantis: the Antediluvian World ved Ignatius Donnelly (Engelsk)


Kjelder |




  • Atlantis (2011, 7. november), Store norske leksikon. Henta 9. august 2013.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?