Örebro


Koordinatar: 59°16′21.169″N 15°12′15.808″E




Örebros byvåpen


Örebro er ein by i landskapet Närke i Sverige. Han er centralort i Örebro kommun og residensstad i Örebro län og den sjette største byen i landet etter innbyggjartal med 107 038 innbyggjarar (2011). Byen ligg på vestbreidda av Hjälmaren.


Byen er sete for länsadministrasjonen og har betydeleg industri, mellom anna metallvare- og maskinindustri, papirfabrikk og verkstader. Her ligg fleire statlege institusjonar, som ei avdeling Statistiska centralbyrån. Store arbeidsgjevarar i dag er Örebro universitet og Universitetssjukhuset i Örebro. Byen var tidlegare garnisonsby, men denne aktiviteten er no borte. Kulturreservatet Wadköping med fleire 1500- og 1600-talsbygninger ligg i byen og det same gjer Nikolaikyrkan frå 1300-talet. Örebro slott ligg på ein holme i Svartån og er frå 1570-åra, men avløyste eit eldre anlegg. Bykjernen er elles prega av gjenoppbygginga etter bybrannen 1854.


Örebro er eit samferdselsknutepunkt med jernbane, samt at E18 frå Oslo og E20 frå Göteborg møtest i Örebro og går vidare som motorveg, Västerleden, til Stockholm. Byen har òg flyplass.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Sport


  • 3 Demografi


  • 4 Galleri


  • 5 Kjelder




Historie |


Örebro vart grunnlagd på 1200-talet av tyske kjøpmenn som sentrum for jernhandelen. På 1400- og 1500-talet vart den økonomiske utviklinga til byen hemma av unionskonfliktane, men han vart igjen eit økonomisk sentrum mot slutten av 1500-talet. Örebro slott har hatt ein viktig plass i svensk historie, mellom anna under opprøra til Engelbrekt og Gustav Vasa opprør. Riksdagen møttest fleire gonger i Örebro, bl.a i 1810, då Jean-Baptiste Bernadotte vart valt til tronfølgjar.


Örebro var i første halvdelen av 1900-talet kjent som «skostaden», ettersom det låg mange skofabrikkar der. Desse er no lagde ned. Framleis er Örebro til viss grad ein industriby, sjølv om byen på den seinare delen av 1900-talet meir og meir har blitt meir prega av service- og tenestverksemd og utdanning.



Sport |


Örebro SK har eit fotballag i den øvste divisjonen for menn, og rykte ned frå den øvste divisjonen i bandy for menn, medan KIF Örebro spelar i den øvste divisjonen for kvinner.



Demografi |


Folketalsutvikling:




















ÅrFolketal
17492 147
18404 227
18709 100
188011 785
189014 547
189214 893
200598 237
2010107 380


Galleri |



Kjelder |


  • Örebro. (19.11.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Örebro






Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command