Cirrus












Cirrus


Ein himmel dekt av cirrusskyer


Ein himmel dekt av cirrusskyer

Høgd
Over 7000 m

Utsjånad
Tynne, pistrete trådar

Nedbørsky?
Nei

Forkorting
Ci

Ei cirrussky eller fjørsky er ein skytype som består av iskrystallar og er karakterisert ved tynne, pistrete trådar som ofte er vove saman i eit slør. Ofte er desse tynne skytrådane så utstrakte at dei er umogeleg å skilje frå kvarandre og dei dannar eit slør kalla cirrostratus eller slørskyer. Av og til kan konveksjon i stor høgde danne ei anna form for cirrus kalla cirrocumulus eller makrellskyer. Namnet «cirrus» kjem av det latinske ordet som betyr «hårstrå» eller «hårdott».


Mange cirrusskyer produserer hårliknande trådar som er laga av iskrystallar som fell frå desse. Desse «fallstripene», ei form for virga, er ofte teikn på forskjellig vindretning (vindskjer) mellom den øvre delen av cirrusskya og lufta under den. Av og til kan toppen av cirrusskya bevege seg raskare enn lufta like under skya, eller stripene kan falle ned i et luftlag som bevegar seg raskare enn lufta over. Retninga på desse vindane kan også variere.


Cirrus blir vanlegvis danna i høgder over 5000 m (16 000 ft). Det kan av og til sjå ut til at fallstripene er rette visst det ikkje er eit vindskjer i luftlaget, og skyene ser ut som eit komma (meiskyer eller cirrus uncinus). Viss fallstripene er samanfiltra er det ein indikasjon på turbulens. Dei fallande iskrystallane fordampar før dei når bakken. Ein mindre vanleg art av cirrusskyer er cirrus radiatus. Desse oppstår som lange parallelle striper, som ser ut til å stråle ut frå eit punkt på himmelen.


Cirrusskyer medverkar både til atmosfæren sin drivhuseffekt og til Jorda sin albedo (mengda av sollys som Jorda reflekterer). Dermed er ein ikkje sikker på om nettoeffekten av cirrusskyene faktisk varmar opp eller kjøler ned Jorda. Mykje av vanskane rundt dette ligg i å modellere effekten av albedoen i skyer som består av krystallar av forskjellig storleik og form. Eldre modellar underestimerte effekten av albedo i cirrusskyer. Betringar av denne effekten i klimamodellane vil gje betre klimavarsel.


Cirrusskyer kan både dannast i isolerte flak eller dekke store delar av himmelen, alt etter korleis fukta er fordelt. Visst cirrusskyene dekkjer store område kan det tyde på at eit frontsystem eller forstyrringar i høgda nærmar seg. Cirrusskyer kan òg vere restande av torevêr. Ambolten som blir danna i samband med cumulonimbusskyer er eigentleg cirrus. Ambolten blir danna når torevêr pumpar fukt opp til toppen av troposfæren. Når uvêret er fullt utvikla kan høgdevindar fordele ambolten over himmelen og danne omfattande cirrusformasjonar over lange strekningar i den retninga vinden bles.
Eit stort område med cirrus og cirrostratus er også vanleg i samband med tropiske orkanar. Cirrusskyer kan også bli danna som følgje av kondensasjonsstriper frå jetfly. Effekten av desse kondensasjonsstripene har blitt eit auka problem og er ein viktig del av diskusjonen rundt luftfart og klimaendringar.



Galleri |



Sjå òg |


  • Luftfart og klimaendringar

  • Vêr

  • Jordatmosfæren

  • Skytypar


Bakgrunnsstoff |


  • Bilete av Cirrus radiatus

  • Bilete av cirrusskyer opplyst ved solnedgang

  • Cirrusskyer på planeten Mars

  • Online guide til meteorologi

  • NASA-forsking på albedo i cirrusskyer












Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?