Zilog Z80

Ein av dei fyrste Z80 mikroprosessorane som vart fabrikkert, datostempla er frå juni 1976.

Ein CMOS Z80 i ein QFP pakke.
Zilog Z80 er ein 8-bits mikroprosessor som vart mykje nytta på 1970- og 1980-talet. Den fyrste brikka vart produsert i 1976. Z80 vart nytta både i heimedatamaskinar, i spelekonsollar og i sokalla embedded systems. Den norskutvikla datamaskinen Tiki 100 var til dømes basert på Z80-prosessoren.
Z80 er framleis å få kjøpt i laus vekt, men vert i dag langt mindre nytta enn det han var tidlegare. Alle moderne datamaskinar er i dag baserte på 32-bits eller 64-bits mikroprosessorar.
I sokalla embedded systems er det framleis ein stor marknad for 8-bits mikroprosessorar, men her har nyare RISC-baserte prosessorar som til dømes AVR frå Atmel teke meir og meir over for dei gamle prosessorane.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell heimeside for Zilog, Inc.
Ei samling med Z80-ressursarDenne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.