Starefamilien













Starefamilien



Masaistare Lamprotornis hildebrandti Foto: Noel Feans
Masaistare
Lamprotornis hildebrandti
Foto: Noel Feans


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:
Sturnidae

Slekter




  • Vitskapleg namn
    Sturnidae

    Rafinesque, 1815

    Starar er små til middels store sporvefuglar i familien Sturnidae. Namnet 'Sturnidae' kjem frå det latinske ordet for starar, Sturnus. Mange afrikanske artar er kjente som glansstarar på grunn av den iriserande effekten ein ser i fjørdrakta. Familien inkluderer òg mange store artar i Asia med fellesnamnet 'myna' på engelsk. Starar finst naturleg i den gamle verda, frå Europa, Asia og Afrika, til nordlege Australia og øyane i det tropiske Stillehavet. Fleire europeiske og asiatiske artar har vorte introduserte til desse områda, så vel som til Nord-Amerika, Hawaii og New Zealand, kor dei vanlegvis konkurrerer med innfødde fuglar innanfor felles habitat. Ein art er kjent for dei fleste menneska i Europa og Nord-Amerika, det er den europeiske stare. Gjennom store delar av Asia og Stillehavet er hyrdestare vanleg.


    Starar har kraftige føter, flyginga er sterk og direkte, og dei er mykje sosiale. Føretrekte habitat er ganske ope land, føda er mest insekt og frukt. Fleire artar lever nær menneskebustader der dei er altetande fuglar. Mange artar søkjer etter byttedyr som biller ved å setje nebbet inn i ein sprekk og deretter presse opp nebbet, og utvidar dermed holet til dei får tilgang til byttedyret i sprekken.[1]


    Fjørdrakta til mange artar er vanlegvis mørk med ein metallisk glans. Dei fleste artane hekkar i hòl, og legg blå eller kvite egg.


    Starar har mangfaldige og komplekse lydar, og har vore kjente for å leggje inn lydar frå omgivnadene i sine eigne songar, inkludert bilalarmar og menneskeleg talemønster. Fuglane kan gjenkjenne bestemte individ på lætet deira, og er for tida gjenstand for forsking på utviklinga av menneskeleg språk.[2]




    Innhaldsliste





    • 1 Skildring


    • 2 Utbreiing, habitat og rørsler


    • 3 Åtferd

      • 3.1 Herming


      • 3.2 Kosthald og beiting



    • 4 Artslista


    • 5 Kjelder

      • 5.1 Referansar



    • 6 Bakgrunnsstoff




    Skildring |


    Starar er mellomstore sporvefuglar.[3] Den minste arten målt i lengd er bekstare (Poeoptera kenricki), på 15 centimeter, men den lettaste arten er munkestare (Poeoptera femoralis), på 34 gram. Dei største starane finn ein i slekta Mino, spesielt klovnestare (Mino dumontii) og gullmaskestare (Mino kreffti). Desse fuglane kan overstige 30 centimeter i lengd og vege over 225 gram. Fleire stareartar viser kjønnsdimorfisme i storleik.


    Det syner derimot mindre kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, berre 25 artar viser slike skilnader mellom kjønna. Fjørdrakta av starar er ofte fargerike grunna irisering, denne farga er avleidd frå strukturen i fjører, ikkje frå pigmenta. Nokre artar av asiatisk starar har fjørtoppar eller oppreiste fjører på hovudet. Anna ornamentikk inkluderer langstrekte halefjører og fargerike nakne område i andletet. Desse fargane kan vere avleidd frå pigment, eller, som hos balistare, strukturelle farger som kjem av lysspreiing av parallelle kollagenfibre. Irisen hos mange artar er raud og gul, sjølv om yngre fuglar har mykje mørkare iris.[3]



    Utbreiing, habitat og rørsler |





    Gråhovudstare er ein delvis migrant over store delar av austre utbreiingsområde, men rørslene deira er dårleg forstått
    Foto: J.M.Garg



    Starar lever i eit breitt spekter av habitat frå polarsirkelen i nord sør til ekvator, faktisk unngår dei berre dei tørraste sandørkenar. Familien er naturleg fråverande frå Amerika og frå store delar av Australia, men er til stede over mesteparten av Europa, Afrika og Asia. Slekta Aplonis har òg spreidd seg over øyane i Stillehavet og har nådd Polynesia, Melanesia og Mikronesia,[3] i tillegg har éin art i slekta Mino nådd Solomonøyane,[4] er det òg ein art av denne slekta som er den einaste stare funnen i det nordlege Australia.[3]


    Asiatiske artar er mest vanlege i eviggrøne skogar, 39 artar funne i Asia er hovudsakleg skogsfuglar i motsetnad til 24 andre artar som finst i meir opne eller menneskepåverka miljø. I kontrast til dette er afrikanske artane mest sannsynleg å finne i ope skog og på savannar, 32 artar er spesialistar på ope område mot 13 typiske skogsartar. Det høge mangfaldet av artar som finst i Asia og Afrika er ikkje samanliknbart med situasjonen i Europa, som har ein utbreidd, og svært vanleg art og to meir avgrensa artar. Den europeiske staren er både svært utbreidd og ekstremt trufast i sitt leveområde, han opptar dei fleste typane av opne habitat. Som mange andre stareartar har han òg tilpassa seg lett menneskepåverka habitat, inkludert jordbruksland, frukthagar, plantasjar og urbane område.[3]


    Nokre stareartar er trekkfuglar, anten heilt, som akasiestare, som hekkar i Etiopia og nordlege Somalia og vandrar til Kenya og Sør-Somalia, eller kvitskulderstare, som er trekkfugl i ein del av utbreiingsområdet, men er standfugl i andre delar.[3]



    Åtferd |


    Starar er generelt ein svært sosial familie. Dei fleste artane dannar flokkar av varierande storleik heile året. Desse flokkane kan omfatte andre stareartar og nokre gonger artar frå andre familiar. Denne sosiale åtferda er spesielt tydeleg ved oppsamling i kvileplassar, utanom hekkesesongen kan slike flokkar samle tusenvis av fuglar.[3]



    Herming |


    Starar imiterer ei rekkje fugleartar, og har eit repertoar av 15-20 ulike imitasjonar. Dei føretrekkjer å imitere ropa frå artar med læte som er enkle i frekvens struktur, og rop som viser liten amplitudemodulasjon. Det finst lokale dialektar av hermelydar.[3] I tillegg til fuglar imiterer dei òg andre lydar, til dømes telefonar og bilar.



    Kosthald og beiting |


    Føda til starar er vanlegvis dominert av frukt og insekt. Mange artar er viktige spreiarar av frø i Asia og Afrika, til dømes kvit sandeltre (Santalum album), og banyan (Santalum album). I tillegg spreier dei parasittiske misteltein. I Sør-Afrika er raudvengstare er ein viktig spreiar av introduserte Acacia cyclops. Starar har vorte observerte i å beite på gjærande, overmoden frukt, noko som førte til spekulasjonar om at dei kan bli rusa av alkohol.[3] Laboratorieforsøk på den europeiske staren har funne ut at dei har eit enzym tilgjengeleg som tillèt dei å bryte ned alkohol veldig fort.[5] I tillegg til frukt, vil mange starar òg ta for seg av nektar. I kva for ei grad starar er viktige pollinatorar er ukjent, i det minste er somme det, som smalnebbstare i høgtliggjande Aust-Afrika, som pollinerer store lobelia-artar.[3]



    Artslista |





    Klovnestare, Mino dumontii
    Foto: Doug Janson






    Beltestare, Gracupica nigricollis
    Foto: Pohan






    Svartstrupestare, Gracupica contra
    Foto: J.M.Garg






    Langhaleglansstare, Lamprotornis caudatus
    Foto: Thom Haslam






    Blåøyreglansstare, Lamprotornis chalybaeus
    Foto: Steve Garvie






    Irisglansstare, Lamprotornis iris
    Foto: Doug Janson






    Kongestare, Lamprotornis regius
    Foto: Micha L. Rieser



    Starefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]


    Aplonis: 21 øyartar i Indonesia, Oceania og Australasia


    Mino



    • Klovnestare, Mino dumontii, Yellow-faced Myna


    • Gyllenstare, Mino anais, Golden Myna


    • Gullmaskestare, Mino kreffti, Long-tailed Myna

    Basilornis



    • Sulawesistare, Basilornis celebensis, Sulawesi Myna


    • Hjelmstare, Basilornis galeatus, Helmeted Myna


    • Toppstare, Basilornis corythaix, Long-crested Myna


    • Brudestare, Basilornis mirandus, Apo Myna

    Sarcops: Coletostare, Sarcops calvus, Coleto


    Streptocitta



    • Halsbandstare, Streptocitta albicollis, White-necked Myna


    • Sulastare, Streptocitta albertinae, Bare-eyed Myna

    Enodes: Raudbrynstare, Enodes erythrophris, Fiery-browed Myna


    Scissirostrum: Hakkestare, Scissirostrum dubium, Finch-billed Myna


    Saroglossa



    • Flekkvengstare, Saroglossa spiloptera, Spot-winged Starling


    • Madagaskarstare, Saroglossa aurata, Madagascar Starling

    Ampeliceps: Gulhovudstare, Ampeliceps coronatus, Golden-crested Myna


    Gracula



    • Beostare, Gracula religiosa, Common Hill Myna


    • Malabarbeostare, Gracula indica, Southern Hill Myna


    • Engganobeostare, Gracula enganensis, Enggano Myna


    • Niasbeostare, Gracula robusta, Nias Myna


    • Veddabeostare, Gracula ptilogenys, Ceylon Myna

    Acridotheres: 10 artar typiske mynas


    Leucopsar: Balistare, Leucopsar rothschildi, Bali Myna


    Gracupica



    • Beltestare, Gracupica nigricollis, Black-collared Starling


    • Svartstrupestare, Gracupica contra, Asian Pied Starling

    Sturnia



    • Mandsjuriastare, Sturnia sturnina, Daurian Starling


    • Brunkinnstare, Sturnia philippensis, Chestnut-cheeked Starling


    • Kvitskulderstare, Sturnia sinensis, White-shouldered Starling


    • Gråhovudstare, Sturnia malabarica, Chestnut-tailed Starling

    • manglar norsk namn, Sturnia blythii, Malabar Starling


    • Kvithovudstare, Sturnia erythropygia, White-headed Starling


    • Kvitmaskestare, Sturnia albofrontata, White-faced Starling

    Temenuchus: Pagodestare, Temenuchus pagodarum, Brahminy Starling


    Pastor: Rosenstare, Pastor roseus, Rosy Starling


    Sturnus



    • Silkestare, Sturnus sericeus, Red-billed Starling


    • Stare, Sturnus vulgaris, European Starling


    • Middelhavsstare, Sturnus unicolor, Spotless Starling


    • Sotstare, Sturnus cineraceus, White-cheeked Starling

    Creatophora: Flikstare, Creatophora cinerea, Wattled Starling


    Lamprotornis: 21 artar glansstarar


    Cinnyricinclus: Ametyststare, Cinnyricinclus leucogaster, Violet-backed Starling


    Spreo



    • Karoostare, Spreo bicolor, African Pied Starling


    • Gråbryststare, Spreo fischeri, Fischer's Starling


    • Oskestare, Spreo unicolor, Ashy Starling


    • Kvitkronestare, Spreo albicapillus, White-crowned Starling

    Onychognathus: 11 afrikanske stareartar


    Poeoptera



    • Spisshalestare, Poeoptera lugubris, Narrow-tailed Starling


    • Blåstare, Poeoptera stuhlmanni, Stuhlmann's Starling


    • Bekstare, Poeoptera kenricki, Kenrick's Starling

    Pholia



    • Kanelbukstare, Pholia sharpii, Sharpe's Starling


    • Munkestare, Pholia femoralis, Abbott's Starling

    Grafisia: Kvitbryststare, Grafisia torquata, White-collared Starling


    Speculipastor: Skjorstare, Speculipastor bicolor, Magpie Starling


    Neocichla: Kvitvengstare, Neocichla gutturalis, Babbling Starling


    Rhabdornis



    • Stripetreklatrar, Rhabdornis mystacalis, Stripe-sided Rhabdornis


    • Stortreklatrar, Rhabdornis grandis, Long-billed Rhabdornis


    • Bruntreklatrar, Rhabdornis inornatus, Stripe-breasted Rhabdornis

    • manglar norsk namn, Rhabdornis rabori, Visayan Rhabdornis


    Kjelder |



    • Denne artikkelen byggjer på «Starling» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2011


    Referansar |




    1. R. East and R. P. Pottinger (November 1975). «(Sturnus vulgaris L.) predation on grass grub (Costelytra zealandica (White), Melolonthinae) populations in Canterbury». New Zealand Journal of Agricultural Research (The Royal Society of New Zealand) 18 (4): 417–452. ISSN 0028-8233.  (Sjå s. 429.)


    2. Zimmer, Carl. "Starlings' Listening Skills May Shed Light on Language Evolution". The New York Times, May 2, 2006. Henta 25. januar 2012.


    3. 3,03,13,23,33,43,53,63,73,83,9 del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., red. (2009). «Family Sturnidae (Starlings)». Bush-shrikes to Old World Sparrows. Handbook of the Birds of the World. Band 14. Barcelona: Lynx edicions. s. 654–709. ISBN 978-84-96553-50-7. 


    4. Doughty, Chris; Day, Nicholas & Andrew Plant (1999). Birds of The Solomons, Vanuatu & New Caledonia. London: Christopher Helm. ISBN 0-7136-4690-x Check |isbn= value: invalid character (hjelp).  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)


    5. Prinzinger, R.; Hakimi G.A. (1996). «Alcohol resorption and alcohol degradation in the European Starling Sturnus vulgaris». Journal fur Ornithologie 137 (3): 319–327.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)


    6. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 


    7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)



    Bakgrunnsstoff |



    • Videoar, bilete og lydopptak av starar hos Internet Bird Collection

    Popular posts from this blog

    Nidaros erkebispedøme

    Birsay

    Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...