City of London













City of London
City of London skyline from London City Hall - Oct 2008.jpg
Motto: Domine dirige nos
Latin:
Herre, rettlei oss

LondonCity.svg
Geografi
Status

Sui generis; by og seremonielt grevskap

Region

Stor-London

Areal
2,6 km²
Demografi

Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik


7 900
3 038,5 /km²
Etnisitet
84,4 % kvite
6,8% sørasiatiske
2,6% svarte
2,0% kinesiske
Distrikt

City of London (ofte kalla City, men ikkje til å forveksla med metropolen London) er ein sjølvstendig by i England. Byen blei grunnlagd av romarane i det første hundreåret e.Kr.


City blir rekna som finanssenteret i Storbritannia. Byen har berre rundt 8 000 innbyggjarar, og etter kontortid er det ikkje mykje som skjer der, men i arbeidstida er det meir enn 300 000 som oppheld seg på det litle området.


Byen har ein unik politisk status med grunnlag i ei rekkje privilegi tildelt av den britiske monarken gjennom hundreår. Den har stor grad av fridom frå andre myndigheiter, fordi den har status som eit grevskap. City blir styrt av City of London Corporation, ført an av ein overborgarmeister, Lord Mayor of London (i motsetning til London som blir leia av Mayor of London). Valsystemet er eineståande: forretningsmenn har stemmerett, og fordelinga av stemmer per valdistrikt er svært ujamn. Byen driv fem skular og har sin eigen politistyrke, City of London Police.


City har to sjølvstendige enklavar – Inner Temple og Middle Temple. Den har også eit tal eksklavar utanfor sine grenser: 8 friareal (parker, skogar og allmenningar) i og rundt London.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Kollektivtransport

    • 2.1 Jernbanestasjonar


    • 2.2 Undergrunnsstasjonar


    • 2.3 Docklands Light Railway



  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Historie |



For meir om dette emnet, sjå Historia til London.

Romarane skipa busetnaden Londinium på området der dagens City of London ligg rundt år 43.
På sitt største hadde byen eit innbyggjarar tal på rundt 45 000–60 000. Allereie frå byrjinga stamma innbyggjarane frå mange ulike stader i Romarriket, inkludert britiske innfødde, kontinentaleuropearar og folk frå Midtausten og Nord-Afrika.[1] Romarane bygde ein bymur ein gong mellom 190 og 225. Dei romerske bygrensene likna mykje på grensene for City of London i dag, men Londinium gjekk ikkje lenger vest enn Ludgate eller Fleet, og Themsen var vidare enn i dag. Romarane bygde ei bru over elva så tidleg som i år 50, nær der ein i dag finn London Bridge.



Kollektivtransport |


Kollektivtransporten i City of London blir drive av Transport for London, og er fullt ut integrert i kollektivsystemet til Stor-London. Dei følgjande stasjonane ligg i eller rett utanfor City.



Jernbanestasjonar |


  • Barbican stasjon

  • Blackfriars stasjon

  • Cannon Street stasjon

  • City Thameslink stasjon

  • Fenchurch Street stasjon

  • Liverpool Street stasjon

  • Moorgate stasjon


Undergrunnsstasjonar |


  • Aldgate undergrunnsstasjon

  • Bank og Monument stasjoner

  • Barbican stasjon

  • Cannon Street stasjon

  • Chancery Lane undergrunnsstasjon

  • Farringdon stasjon

  • Holborn undergrunnsstasjon

  • Liverpool Street stasjon

  • Mansion House undergrunnsstasjon

  • Moorgate stasjon

  • St. Paul's undergrunnsstasjon

  • Temple undergrunnsstasjon

  • Tower Hill undergrunnsstasjon


Docklands Light Railway |


  • Tower Gateway DLR-stasjon


Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «City of London» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2018.


  1. DNA study finds London was ethnically diverse from start, BBC, 23 November 2015



Bakgrunnsstoff |


  • City of London

  • City of London Police

  • City of London Academy

  • City of London School for Boys

  • City of London School for Girls

  • City of London Freemen's School

  • Guildhall School of Music and Drama
















Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...