H
































Alfabetet

A

B

C

D

E

F

G

H

I

J

K

L

M

N

O

P

Q

R

S

T

U

V

W

X

Y

Z

Æ

Ø

Å


H er den åttande bokstaven i det latinske alfabetet og den sjuande i det greske alfabetet (H, η), der han vart overteken frå fønikisk skrift. Etruskarane og romarane overtok bokstaven med namnet ha. I dei nordiske språka utvikla namnet seg lydrett til hå på 1200-talet. I den eldre runeskrifta er bokstaven den niande og i den yngre runeskrifta det sjuande teiknet.


H er ein såkalla pustelyd. I visse språk vert h uttalt sterkare, som ein x-lyd, til dømes i finsk. H som framlyd kan falla vekk i nokre målføre, noko som blir kalla halvemål. Enkelte språk, til dømes fransk og italiensk, har ikkje h som språklyd, men nyttar han som skriftteikn. I engelsk er h stum i framlyd av nokre ord av fransk opphav, til dømes honour og hour. I tysk er han stum inne i og slutten av ord etter vokal, der han tener til å forlenge vokalen, til dømes Hahn og Reh. Herfrå stammar bruken i personnamn, som Dahl. I dansk, norsk og svensk er h føre j og v stum. På islandsk vert hn, hr, og hl uttalt som ein ustemt n, r og l.


Ein kan framstilla bokstaven som ⠓ i brailleskrift og som «DitDitDitDit», · · · ·, i morsealfabetet. I det internasjonale NATO-alfabetet blir H markert med ordet «Hotel». For å sikra forståing også med dei som ikkje uttaler H, er H-en i ordet offisielt stum.




Innhaldsliste





  • 1 Bruk

    • 1.1 Vitskap


    • 1.2 Samfunn



  • 2 Musikk


  • 3 Kjelder




Bruk |



Vitskap |


  • H kan stå for SI-eininga henry, eininga for sjølvinduktans.

  • h kan stå for SI-prefikset hekto. Skrive føre eit einingssymbol tyder h at eininga skal multipliserast med hundre.

  • h er symbol for Plancks konstant: h = 6,63 x 10-34Js, som inngår i all kvantefysikk. Symbolet ℏ (h-strek) syner til Plancks konstant dividert med 2π.


  • H (i kursiv) er i termodynamikk symbol for entalpi.


  • H (i kursiv) er i elektromagnetisme symbol for magnetisk feltstyrke.

  • h er internasjonalt symbol for time.

  • Innan kjemi er H symbolet for hydrogen.

  • Innan biokjemi er H symbol for histidin


Samfunn |


  • H er forkortinga for partiet Høgre

  • H er nasjonalitetsmerket for bilar frå Ungarn (engelsk: Hungary; fransk: Hongrie)

  • På bilar frå Tyskland: Hannover

  • På bilar frå Noreg før 1971: Telemark fylke

  • På spanske bilskilt før 2000: Huelva


  • 4H er namnet på ein verdsomspennande ungdomsorganisasjon


Musikk |


I det tyske notesystemet er tonen H heiltonen etter A. Han svarer til nota B i det engelske systemet.



Kjelder |



  • «H – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.

Popular posts from this blog

六本木駅

Joseph Lister

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$