Koreansk























Koreansk
(한국어, 조선어 Hangugeo, Chosŏnŏ)

Klassifisering:

Altaisk eller isolert

Bruk

Tala i:

Nord-Korea, Sør-Korea, nordaustre Kina, og minoritetar i Russland, USA, Canada, Brasil, Japan, Filippinane

Koreansktalande i alt:
Førstespråk: 71 millionar
Andrespråk: 76 millionar

Rangering:
13 (omtrent som vietnamesisk, telugu, marathi, tamil)

Skriftsystem:

Hangul
Offisiell status


Offisielt språk i:

Nord-Korea og Sør-Korea

Normert av:
National Institute of Korean Language (국립 국어원)

Språkkodar

ISO 639-1:
ko

ISO 639-2:
kor

ISO 639-3:
kor

Koreansk (한국어/한국말) er eit språk som blir snakka av vel 76 millionar menneske. Det er offisielt språk i Korea (Nord-Korea og Sør-Korea), men også
koreanske minoritetar i Kina, Japan og USA snakkar språket. Det finst dei som meiner at koreansk er i slekt med altaiske språk, men det har ikkje vore mogleg å prove det. Koreansk blir dermed rekna for å vere eit isolert språk.




Innhaldsliste





  • 1 Syntaks


  • 2 Skriftsystem


  • 3 Språkpolitikk

    • 3.1 Språkpolitikk i Sør-Korea


    • 3.2 Språkpolitikk i Nord-Korea



  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff




Syntaks |


Koreansk er eit SOV-språk.



Skriftsystem |


Sjå også: Hangul


Koreansk vart opphavleg skrive med kinesiske teikn, kalla for hanja. I 1443 vart det laga eit eige alfabet for koreansk, hangul. Hangul vart innført av kong Saycong, tradisjonen seier at det var kongen sjølv som hadde laga alfabetet.


Ved translittering av koreansk blir fleire ulike system brukt. I Nord-Korea brukar dei offisielt McCune-Reischauersystemet. I 2000 gjekk Sør-Korea over til offisiell bruk av ei revidert romanisering.



Språkpolitikk |


Det dominerande temaet i koreansk språkpolitikk har vore bruk av hangul kontra hanja. Fram til slutten av andre verdskrigen var Korea under sterk kulturell eller politisk dominans frå Kina eller Japan, og hanja dominerte, berre ca. 5 % av koreansk litteratur vart skrive med hangul.



Språkpolitikk i Sør-Korea |


I Sør-Korea vedtok dei å slutte å bruke hanja i 1948, men dei godtok bruken av dei i ein overgangsperiode. Denne overgangsperioden drog ut, sjølv i dag er hanja til ein viss grad i bruk. Hangul dominerer, men i visse aviser (Chosun Ilbo, Hanguk Ilbo, Tong-a Ilbo) praktiserer dei ei blanda form, slik at (ein viss del av) etymologisk kinesiske ord blir skrive med hanja, mens koreanske ord blir skrive med hangul.



Språkpolitikk i Nord-Korea |


Etter delinga av landet gjorde Nord-Korea Pyongyang-dialekten til standardspråk. Dei sette i stand alfabetiseringskampanjar basert på hangul, og i løpet av treårsperioden fram til 1948 var analfabetismen bortimot utrydda. I 1949 vart bruken av hanja forbode, og hangul-ortografien gjennomgjekk mindre endringar (m.a. i reglar for særskriving av samansetjingar), samanlikna med norma i sør. I 1964 sette Kim Il-sung i gang ein puristisk kampanje for å skape koreanske ord i staden for lånord, denne kampanjen hadde også parallellar i sør.



Kjelder |


  • Wikipedia på bokmål

  • Gábor Osváth: Language Policy, Language Planning in Korea


Bakgrunnsstoff |


Wikipedia-logo-v2.svg Wikipedia på koreansk



Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command