Husmann




Husmannsplass på Glomdalsmuseet. Stua er frå Hof i Åsnes og bygd rundt 1850.
Foto: Jensens



Husmann er ei nemning på ein jordbrukar som leigde eit ikkje særskilt matrikulert (skattlagt) jordstykke av ein gardbrukar. Som motyting måtte husmannen arbeida for gardeigaren, eller betala leige, eller begge delar.


Husmenn utan arbeidsplikt var meir vanleg på Vestlandet («bygselshusmenn»), og stod sosialt sterkare enn arbeidshusmennene på Austlandet. Tilhøvet mellom gardeigaren og humannen kunne verta regulert i ei husmannskontrakt. Om jordstykket (husmannsplassen) var stort nok til å leva av, kunne husmannen verta kalla «husmann med jord». Ein «husmann utan jord» leigde berre eit lite jordstykke, stort nok til å bu på. Ein husmann som berre leigde hus nedmed sjøen vart kalla «strandsitjar». Ein husmann måtte ofte ha anna arbeid for å klara seg, til dømes innan fiskeri eller handverk. Husmannsvesenet i Noreg utvikla seg frå 1600-talet, og hadde ein topp midt på 1800-talet. Husmenn hadde ikkje røysterett før allmenn røysterett for menn vart innførd i 1898.


I 1928 kom det ei lov som gav husmennene rett til å kjøpe tomta som huset deira stod på,[1] og utover første halvdel av 1900-talet vart husmannsvesenet avvikla. Dei husmennene som var att på landsbygda, og som ikkje hadde fare derifrå og vorte anleggs- eller industriarbeidarar, fekk då kjøpe ut husmannsplassen og omgjorde han til sjølvstendig småbruk. Det var framleis i mange bygder sosiale og andre skilje mellom (større) bønder og småbrukarar. Skiljet mellom «gard» og «småbruk» kunne i somme bygder gå på om jordbrukaren hadde hest eller ikkje.



Referansar |




  1. Bønder og humenn', verdsarvfjord.no. (vitja 28/3-2013)



Bakgrunnsstoff |


  • lokalhistorie.no Hva var en husmann?


  • Digitalskolen; Husmannsvesenet i Norge 1801-1900

    Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command