Signalhandsaming




Signalhandsaming i samband med telekommunikasjon.


Signalhandsaming er eit omfattande fagfelt der ein analyserer og handsamar alle tenkjelege former for signal.


Ein skil mellom analog signalhandsaming og digital signalhandsaming.
Innan analog signalhandsaming studerer ein signal som har kontinuerleg variabel amplitude og som oftast òg er kontinuerlege i tid, medan digitale signal er kvantiserte både i tid og amplitude. Det finst ei mellomgruppe, der amplituden er kontinuerleg variabel, men med kvantisert tidsakse, som til dømes svitsja kondensatorfiltre.


I døme i figuren omformar ein mikrofon (transduser) lydbølgjene til eit elektrisk spenning, som så vert omforma til ein tidsdiskret sekvens av binærtal av ein analog-til-digital-omformar, som vert vidare omforma til ein bitsekvens, som vert koda og overført over ein kommunikasjonskanal i form av ei elektromagnetisk bølgje. I mottaleren vert den elektromagnetiske bølgja forsterka og dekoda til ein sekvens av binærtal, som så vert omforma til ei elektrisk spenning i ein digital til analog-omformar. Dette signalet vert så forsterka og nytta for å driva ein høgtalar (transducer), som omformar inngangsspenninga til ei lydbølgje som når øyro til ein eller fleire personar.


Signalhandsaming er ein teknologi som inngår i mange samanhengar, som telekommunikasjon, audioteknologi, radar, sonar, bilete og videohandsaming og så vidare. Utstyr som mobiltelefonar, bilar, fly og satelittar er fullpakka av ulike former for signalhandsaming.



Sjå òg |


  • Analog signalhandsaming

  • Digital signalhandsaming

  • Audiosignalhandsaming

  • Talehandsaming

  • Biletehandsaming

  • Videohandsaming

  • Systemidentifikasjon

  • Estimering








Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...