Tor Fuglevik

Multi tool use
Multi tool use








Tor Fuglevik

Tor fuglevik.jpg

Nasjonalitetnorsk
Fødd7.april 1950
Kristiansand
Yrkejournalist og medieleiar

Tor Fuglevik på Commons

Tor Aslak Fuglevik (fødd 7. april 1950 i Kristiansand) er ein norsk journalist og medieleiar.




Innhaldsliste





  • 1 Bakgrunn


  • 2 Anna verksemd


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Bakgrunn |


Fuglevik tok eksamen frå Norsk journalistskule i 1971, og Samfunnsvitskapeleg embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1975.


Fuglevik starta i NRK Radio i 1971 som nyhendereporter i Dagsnytt som 21-åring. I 1976-1977 var han informasjonssjef i Justisdepartementet, og 28 år gamal vart Fuglevik i 1978 sjef for NRK Sørlandet. Han var så sjef for NRK Austlandssendinga (1984-1986), assisterande radiodirektør i NRK P1 (1986-1988) og radiodirektør i NRK (1989-2000). Fuglevik var vara-kringkastingssjef og direktør for NRK Futurum 2000-2001.


Som radiodirektør var Fuglevik mellom anna ansvarleg for innføringa av eit nytt, nasjonalt trekanaltilbod med kanalane P1, P2 og Petre i 1993, for verdas første heildigitale radiokanal NRK Alltid Klassisk i 1995 og for etableringa av Noregs første nyhendekanal, NRK Alltid Nyheter, i 1997.


Etter 30 år i NRK slutta han i 2001 som vara-kringkastingssjef i NRK for å bli administrerande direktør i Norges televisjon (NTV). Her leia Fuglevik den faglege og politiske prosessen fram til Stortinget si endelege avgjerd i 2004 om bygging av det landsdekkjande, digitale tv-nettet som NRK og RiksTV i dag nyttar.


Fuglevik slutta i NTV i 2006 etter endt årmål, og vart same år tilsett som direktør i MTG.



Anna verksemd |




Måltrolla Ottar Grepstad (til venstre) og Tor Fuglevik i Språkrådet sitt styre inntek Oslo i 2009. Inge Grødum si teikning står i verket Norsk presses historie 1-4 (1660–2010) og er fritt etter Olaf Gulbransson si teikning i Tyrihans i 1899, den gong med dei tre trolla Arne Garborg, Per Sivle og Ivar Aasen.


Bokmålsmannen Fuglevik har jamvel som mangeårig radiodirektør i NRK og som medlem av styret i Språkrådet engasjert seg for nynorsken si stilling i Noreg. I 2009 tok han til orde for at dei store landsdekkjande Oslo-avisene burde bli fråtekne den store, indirekte statsstøtta i form av såkalla nullmoms dersom dei held fram med å undertrykke nynorskjournalistikken. Det vart det i ettertid mykje bråk av.


Fuglevik har gjeve ut fleire bøker om kringkasting. Han har hatt leiande verv i den europeiske kringkastingsunionen EBU, og har vore medlem av styra i mellom anna Språkrådet og Det Norske Samlaget. Fuglevik fekk i 2008 Prix Radio sin heiderspris for å ha hatt «ansvaret for mye av moderniseringen av radiomediet i Norge».[1]



Kjelder |




  1. Radiodager 2009: «Prix Radios Hederspris til Tor Fuglevik»



  • http://www.ordtak.com/forfatter.php?fn=Tor&ln=Fuglevik Ordtak.com]


Bakgrunnsstoff |


  • Artikkel i Store norske leksikon


  • En "tyv" med hjerte for klassisk musikk (Artikkel i tidsskriftet Ballade)

  • Intervju med Tor Fuglevik i Aftenposten 24.1.2009


  • Omvising i Radiohuset med dåverande radiodirektør Tor Fuglevik, og fotobok om huset av Morten Krogvold. Innslag i fjernsynsprogrammet Absolutt 13.11.1996, programleiar Fredrik Skavlan.


  • NRK Frokost-TV. Tor Fuglevik i samtale med Finn Ersfjord i Frokost-tv frå Tromsø lørdag 2. oktober 1993 om trekanalsåpninga. Samtale med Svanhild Mundheim om hennar arbeid i NRK, og med Erik Bye som fortel hva slags program han helst lyttar til.(Sjå frå 29 min. og 25 sek. og til 41 min. og 34 sek.)


UWUr cgLp7EA0XUc7EcKcKbPGgGdtRdf,E4,sTiLnb,Ew,n,mzcK7IxdTFvZJ,8N5 VCW,HJ4PnWgvd A0 hk,d,v8X,uoPSOdalRoOO QdD9,J,zPv
OTp t,GKATaq GMZhfBJMpUk79RO8XbE

Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Birsay