Maria
For språka mari, sjå mariske språk
Maria, Marie og Mari er norske variantar av det hebraiske kvinnenamnet מִריָם [mirjām], som tyder bitter, og var svært mykje brukt i tida Jesus levde. Især var det namnet til mor hans, ofte kalla jomfru Maria, og på grunn av dette er det blitt eitt av det vanlegaste i den kristne verda. Det opphavlege namnet finst framleis på hebraisk som Miriam, og på arabisk som Maryam eller Maryem (مريم).
Namnet kjem til oss frå den greske septuaginten som Mariam (Μαριαμ) og
Maria (Μαρια).
Ein kan òg skriva namnet som Mairi eller Maire på gælisk, Meri på gresk og Meriju på finsk. Mary er den engelske utgåva av Maria. Det har òg kome i bruk som eit norsk namn, då gjerne uttala «Marri» (men òg «Merri»). Namnet har fleire avleiingar, til dømes Mol, Molly, Polly, Mara, Misie, Mameie og Mally.
Maria kan òg brukast som mellomnamn for menn, som til dømes i Erich Maria Remarque.
Innhaldsliste
1 Kjende namneberarar
1.1 Bibelen
1.2 Kongelege
1.3 Andre
1.4 Oppdikta personar
1.5 Oppkallingar
1.6 Bakgrunnsstoff
Kjende namneberarar |
Bibelen |
Me finn ei rekkje namneberar i Bibelen, særleg i Det nye testamentet.
- Jomfru Maria
- Maria Magdalena
Miriam, syster til Moses
Kongelege |
- Fleire dronning Maryar
- Maria I av England
- Maria II av England
- Maria Stuart
- Maria I av Portugal
- Maria II av Portugal
- Maria av Ungarn
- Kronprinsesse Mary av Danmark
Andre |
Maria Amelie, norsk forfattar
Mari Boine, norsk-samisk songar
Maria Bonnevie, norsk skodespelar
Mary J. Blige, amerikansk songar
Mariah Carey, amerikansk songar
Marie Corelli, engelsk forfattar
Maria Gripe, svensk forfattar
Marie Hamsun, norsk skodespelar og forfattar
Mary Higgins Clark, amerikansk forfattar
Marie Curie, polsk-fransk vitskapskvinne
Mari Maurstad, norsk skodespelar
Mari Osmundsen, norsk forfattar
Mary Shelley, engelsk forfattar
Marie Takvam, norsk diktar
Marie Under, estisk forfattar
Oppdikta personar |
- Maria er hovudpersonen i musikalen Sound of Music
- Maria er den eine hovudpersonen i musikalen West Side Story
Oppkallingar |
Ei rekkje ting og stader er oppkalla etter Jomfru Maria. Fleire blomar ber namnet hennar, som maria gullsko, marianøkleband, og insektet marihøne.
Det finst byar med marianamn, som Mariestad og Mariehamn. Vulkanen Santa Maria i Guatemala har òg fått namn etter henne.
Cocktailen Bloody Mary er kalla opp etter dronning Maria I av England.
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Mari hjå Statistisk Sentralbyrå
Søk etter norsk namnestatistikk for Maria hjå Statistisk Sentralbyrå
Søk etter norsk namnestatistikk for Marie hjå Statistisk Sentralbyrå
Søk etter norsk namnestatistikk for Mary hjå Statistisk Sentralbyrå