Billboard 200


Billboard 200 er namnet på den lista som kvar veke rangerer dei 200 best selde musikkalbuma i USA. Lista blir offentleggjort regelmessig kvar veke i magasinet Billboard.


Lista blir basert heilt på salet (både i detaljhandel og på internett, i nedlastiningsform) i USA. Salet byrjar på måndag og avsluttast på søndagen. Dei nya salstala vert gjort kjende på torsdagen og publisert i magasinet komande laurdag.


Døme (2007):
Måndag 1. januar — salsveka byrjar

Søndag 7. januar — salsveka avsluttast

Torsdag 11. januar — den nya lista blir publisert og er med i magasinet som kjem ut laurdagen den 20. januar



Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Statistikk

    • 2.1 Artistar med flest album på lista


    • 2.2 Artistar med flest album på Topp 10[1]


    • 2.3 Artistar med flest album øvst på lista


    • 2.4 Artistar som har vore lengst på førsteplass


    • 2.5 Album som har vore lengst på førsteplass


    • 2.6 Flest veker på lista



  • 3 Notar


  • 4 Kjelder




Historie |


Billboard byrja å samle saman albumlista allereie i 1945. Innleiingsvis inneheldt lista berre fem plasseringar, og var i byrjinga ikkje publisert med faste mellomrom - alt mellom 3 til 7 veker kunne passere innan lista vart oppdatert. Etter rocken sitt gjennombrot byrja Billboard frå og med den 24. mars 1956 å utgje lista med eit mellomrom på ei veke. Antalet plassar på lista varierte enno på mellom 10 og 20. Det første albumet som toppa lista var Belafonte av Harry Belafonte.


Frå og med 25. mai 1959 delte Billboard opp albumlista i to separate delar, ein for stereoalbum (tjue plasseringar) og ein for monoalbum (femti plasseringar).


Den 17. august 1963 slo ein dei to separate listene saman att til ei liste med 150 plasseringar kalla Top LPs. Den 1. april 1967 vart lista utvida til 175 plassar og til slutt til 200 plassar den 13. mai 1967. I 1972 endra lista namn til Top LPs & Tapes; I 1984 fekk lista namnet Top 200 Albums; 1985 vart tittelen endra til Top Pop Albums; I 1991 fekk lista namnet The Billboard 200 Top Albums før ho til slutt fekk sitt noverande namn, The Billboard 200, den 14. mars 1992.



Statistikk |



Artistar med flest album på lista |



  • Elvis Presley (114)


  • Frank Sinatra (83)


  • Johnny Mathis (73)


  • Willie Nelson (57)


  • Barbra Streisand (54)


Artistar med flest album på Topp 10[1] |



  • The Rolling Stones (36)


  • Frank Sinatra (32)


  • The Beatles (31)


  • Barbra Streisand (29)


  • Elvis Presley (27)


Artistar med flest album øvst på lista |



  • The Beatles (20)


  • Elvis Presley (10)


  • Jay-Z (10)


  • The Rolling Stones (9)


  • Barbra Streisand (8)


  • Garth Brooks (8)


  • Bruce Springsteen (8)


Artistar som har vore lengst på førsteplass |


  • The Beatles (132 veker)

  • Elvis Presley (67)

  • Garth Brooks (51)


  • Michael Jackson (50)


  • The Kingston Trio (46)


Album som har vore lengst på førsteplass |


  • (54 veker) West Side Story — Filmmusikk (1962)

  • (37 veker) Thriller — Michael Jackson (1983)

  • (31 veker) Calypso — Harry Belafonte (1956)

  • (31 veker) South Pacific — Filmmusikk (1958)

  • (31 veker) Rumours — Fleetwood Mac (1977)

  • (24 veker) Saturday Night Fever — Filmmusikk (1978)

  • (24 veker) Purple Rain — Prince & the Revolution (1984)

  • (21 veker) Please Hammer Don't Hurt 'Em — MC Hammer (1990)

  • (20 veker) The Bodyguard — Filmmusikk (1992)

  • (19 veker) Blue Hawaii — Elvis Presley (1961)


Flest veker på lista |


  • (741 veker) The Dark Side of the Moon — Pink Floyd

  • (490 veker) Johnny's Greatest Hits — Johnny Mathis

  • (480 veker) My Fair Lady

  • (331 veker) Highlights from the Phantom of the Opera — Original Cast

  • (302 veker) Tapestry — Carole King

  • (295 veker) Heavenly — Johnny Mathis

  • (283 veker) Oklahoma! — Filmmmusikk

  • (282 veker) MCMXC a.D. — Enigma

  • (281 veker) Metallica — Metallica

  • (277 veker) The King and I — Filmmusikk

  • (277 veker) Hymns — Tennessee Ernie Ford


Notar |



  1. Fred Bronson's Chart Beat Chat for May 18, 2007


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Billboard 200» frå Wikipedia på svensk, den 26. februar 2008.







Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command