Marianne




Gamal byste av det franske nasjonalsymbolet Marianne i det franske Senatet (ukjend kunstnar).


Marianne eller Mariann (sjå òg Mari og Anne) er eit kvinnenamn med fleire moglege kjelder. Kanskje er det ei fransk form av det latinske namnet Mariana, som tyder kvinne og kvinneleg.


Lenger tilbake i tida kan det hebraiske namnet Mariamne. I bibelen bar kona til Herodes dette namnet. Det kan òg vere ein sideform av det hebraiske namnet Mirjam (arameisk: Mariam). Det kan vidare komme ifrå Mariana, ein hokjønnsform av det latinske mannsnamnet Marianus (frå slektsnamnet Marius). Marianne vart eitt motenamn i Frankrike på 1700-talet og var der ein diminutivform av Marie. Det kom seinare til å bli oppfatta som ein samansetting av Marie og Anne.


Marianne har norsk namnedag den 4. april.




Innhaldsliste





  • 1 Det franske nasjonalsymbolet


  • 2 Utbreiing


  • 3 Kjende namneberarar

    • 3.1 Annan bruk



  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Fotnotar




Det franske nasjonalsymbolet |





La Liberté guidant le peuple, Fridomen leier folket av Eugène Delacroix. Fridomen er i dette måleriet personifisert som Marianne, det franske nasjonalsymbolet, som med det franske flagget i handa leiar folket i fridomskampen.


Etter den franske revolusjonen vart Marianne eit symbol for den franske republikken. Ho vart avbilda som ei ung bondejente eller jente av folket, og symboliserte den fridomen for alle som vart uttrykt med orda Liberté, égalité, fraternité (Fridom, likskap, brorskap).



Utbreiing |


Tabellen nedanfor gjev ei oversikt over populariteten til namnet Marianne i nokre land der statistikk har vore tilgjengeleg.



































































LandMellom befolkninga i landetMellom nyfødde
TalProsentRangeringTalProsentRangering

Sverige [1]
95 457 (2006)
2,11 %14.- (2006)
-
(> 99.)

Danmark [2]
28 097 (2007)
1,03 %12.- (2005)
-
(> 50.)

Finland [3]
23 765 (2007)
0,90 %-- (2005)
-
(> 69.)

Noreg [4]
18 014 (2006)
0,77 %14.18 (2006)
0,06 %239.

Tyskland [5]
- (1890–2007)
-46.- (2006)
-
(> 200.)

Belgia [6]
12 183 (2002)
0,24 %87.- (2000)
-
(> 100.)

Frankrike [7]
30 002 (2004)
0,1 %173.146 (2004)
0,04 %292.

USA [8][9]
63 406 (1990)
0,04 %380.- (2005)
-
(> 500.)

Namnet Marianne er kjent i Noreg frå 1500-talet av. I nyare tid har Marianne vore mellom dei mest populære dåpsnamna på jenter i Noreg, i perioden 1955 til 1985. Det toppa seg i 1967.






Historisk utvikling av populariteten til namnet Marianne i Noreg.[10][11]


Kjende namneberarar |



  • Marianne Ahrne, svensk regissør og forfattar


  • Marianne Dahlmo, norsk langrennar


  • Marianne Faithfull, britisk songar og skodespelar


  • Marianne Heske, norsk biletkunstnar


  • Marianne Clementine Håheim, norsk forfattar


  • Marianne Kjørstad, norsk skirennar


  • Marianne Marthinsen norsk politikar


  • Marianne Rokne, norsk handballspelar


  • Marianne von Werefkin, russisk-sveitsisk målar


  • Marianne Aasen, norsk politikar


Annan bruk |


I kulturen


  • Marianne Dashwood er ein hovudperson i Fornuft og følelser av Jane Austen


  • Marianne på sykehus er ei norsk barnebok og film


  • Vekebladet Marianne er eit fransk nyhendeblad


  • Mariann Grammofon AB er eit svensk plateselskap

I stadnamn



  • Mariannenplatz i Berlin


  • Mariannelund (tettstad i Småland)


Bakgrunnsstoff |


  • Søk etter norsk namnestatistikk for Marianne hjå Statistisk Sentralbyrå

  • SCB:s namnstatistik


Fotnotar |




  1. Statistikk for namn i Sverige (svensk)


  2. Danmark Statistik (dansk)


  3. [url=http://192.49.222.187/Nimipalvelu/default.asp?L=2 Befolkningsregistercentralen] (svensk)


  4. [url=http://www.ssb.no/navn/ Statistisk sentralbyrå]


  5. [url=http://www.beliebte-vornamen.de/beliebte.htm Knud Bielefeld] (tysk)


  6. FOD Economie Statistikk for namn i Belgia (nederlandsk/fransk)


  7. Le Journal des Femmes L'encyclopédie des prénoms (fransk)


  8. [url=http://www.ssa.gov/OACT/babynames/ Social Security Administration; Popular Baby Names] (engelsk)


  9. Name Statistics(engelsk) }}


  10. Statistisk Sentralbyrå:Statistikk for navn i Norge


  11. Arkivverket:Folketellinger i Norge



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command