Kiel



























Kiel

KielerStadtzentrumLuftaufnahme.jpg


Byvåpen

Plassering

Byvåpenet til Kiel




Kiel is located in Tyskland









Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis

Tyskland Tyskland
Schleswig-Holstein
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd

1233
Geografi
Flatevidd
 - By


118,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik


233 340
  1 959/km²
Koordinatar

54°19′31″N 10°8′26″EKoordinatar: 54°19′31″N 10°8′26″E
Høgd over havet
5 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer
24103–24159
Telefon-retningsnummer
0431
Bilnummer
KI

Heimeside: www.kiel.de

Kiel er ein by nord i Tyskland i delstaten Schleswig-Holstein med om lag 235 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Kielbukta, i enden av Kielerfjorden, og har vore ein av landet sine største marinebasar ved Austersjøen sidan 1860-åra. Kiel har eit skipsverft og er Kielkanalen startar her. Eit kjend universitet, Universitet i Kiel, oppretta i 1665 ligg i Kiel.


Kiel er kjend for seglregattaene som vert halde her, mellom anna Kieler Woche (Kielveka), ein av dei største regattaene i verda. I 1936 og 1972, då OL vart halde i Berlin og München vart seglkonkurransane arrangert ved Kiel.




Innhaldsliste





  • 1 Geografi


  • 2 Historie

    • 2.1 Folketalsutvikling


    • 2.2 Religion

      • 2.2.1 Kristne


      • 2.2.2 Jødar


      • 2.2.3 Muslimar




  • 3 Politikk

    • 3.1 Våpen


    • 3.2 Partnarbyar


    • 3.3 Venskapsbyar



  • 4 Økonomi og infrastruktur

    • 4.1 Transport

      • 4.1.1 Skipsfart


      • 4.1.2 Vegar


      • 4.1.3 Kollektivtransport


      • 4.1.4 Jernbane


      • 4.1.5 Flytrafikk



    • 4.2 Media


    • 4.3 Undervisning og forsking



  • 5 Kultur og attraksjonar

    • 5.1 Bybilete


    • 5.2 Kieler Woche


    • 5.3 Sport


    • 5.4 Kulinariske spesialitetar



  • 6 Kjende personar


  • 7 Bakgrunnsstoff


  • 8 Kjelder




Geografi |


Kiel er ei viktig naturleg hamn ved Austersjøen og ligg på begge sider av Kielerfjorden. Gjennom Kiel går vasskilje mellom Nordsjøen og Austersjøen, og elvane Schwentine, som munnar ut i Kielerfjorden, og Eider, som munnar ut i Nordsjøen, renn gjennom byområdet. Dessutan endar Nord-Ostsee-Kanalen (Kielkanalen) i bydelen Holtenau. Området er prega av morener som dannar Holsteinsk Sveits aust for byen.



Historie |


Kielfjorden var busett av normannarar og vikingar. Kiel vart grunnlagd i 1233 som Holstenstadt tom Kyle av grev Adolf IV, og fekk byrettar i 1242 av Adolf sin eldste son John I av Schauenburg.[1]


Kiel, hovudstaden i Holstein, vart eit medlem av Hansaen frå 1284 fram til han vart kasta ut i 1518 etter å ha gjeve hamn til sjørøvarar. I 1431 vart den første Kieler Umschlag (handelsmesse) halde, som vart eit sentralt varemarknad i Schleswig-Holstein før han vart mindre viktig frå 1850-åra. Siste gong messa vart halde var i 1900. Universitetet i Kiel vart grunnlagd 29. september 1665 av Kristian Albert, Hertug av Holstein-Gottorf. Fleire viktige vitskapsmenn, som Theodor Mommsen og Max Planck, studerte eller underviste her.


Frå 1773 til 1864 høyrte byen til kongen av Danmark. Men sidan kongen regjerte over Holstein som eit len i Det tysk-romerske riket gjennom ein personalunion, vart ikkje byen ein del av sjølve Danmark. Sjølv om riket vart oppløyst i 1806 styrte den danske kongen framleis Kiel gjennom stillinga si som Hertug av Holstein. Då Schleswig og Holstein gjorde opprør mot Danmark i 1848 (den første Schleswigkrigen) vart Kiel hovudstad i Schleswig-Holstein fram til danskane vann i 1852.


Under den andre Schleswigkrigen i 1864 vart Schleswig og Holstein erobra av ein allianse mellom Keisardømet Austerrike og Preussen. Etter krigen vart Kiel ei kort tid styrt av både austerrikarar og prøyssarar, men den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 førte til at Kiel vart annektert av Preussen i 1867. 24. mars 1865 flytta kong Vilhelm den prøyssiske marinebasen i Austersjøen frå Gdansk til Kiel.




Hamna i Kiel


Då Vilhelm I av Prøyssen vart Keisar Vilhelm I av Tyskland i 1871 utpeikte han Kiel og Wilhelmshaven som Reichskrieghafen, eller «Rikskrigshamn». Som den største marinebasen i Tyskland auka folketalet i Kiel kraftig dei neste åra, frå 18 770 i 1864 til om lag 200 000 i 1910. Mykje av det gamle bysentrumet og andre omliggjande område vart jamna med jorda og bygd opp att for å tilpasse den veksande byen. Kiel var åstad opprøret til sjømennene, som utløyste den tyske revolusjonen seint i 1918.


Kiel hadde fleire arbeidsleiarar som gav slavearbeidarar til den lokale industrien under den andre verdskrigen. Sidan han var ei viktig marinehamn og produserte ubåtar vart Kiel kraftig bombardert av dei allierte under krigen, og det er estimert at 80 % av gamlebyen, 72 % av bustadområda og 83 % av industriområda vart øydelagd. Byen vart bygd opp att etter krigen, men ikkje slik han såg ut før krigen. Kiel var mindre omhyggeleg rekonstruert enn andre byar i Schleswig-Holstein som Lübeck, Flensburg eller Schleswig.


I 1946 vart Kiel sete for styret i Schleswig-Holstein, og vart offisielt delstatshovudstad i 1972. Kieler Umschlag vart oppretta igjen som ei årleg hending frå 1975. Det er i dag ein festival med musikk, mat, historiske kostymer, spesiallaga brød og eit bryllaup kalla Umschlagshochzeit der alle unge bruder og brudgomar kan delta.



Folketalsutvikling |




Folketalsutvikling


I 1885 hadde Kiel meir enn 50 000 innbyggere. I 1900 nådde byen 100 000, og Kiel vart ein storby. Fram til 1910 vart talet meir enn dobla til 211 000. Høgdepunkt var i desember 1942 med 306 000. I 2007 budde 233 340 menneske i Kiel



Religion |



Kristne |


Opphavleg høyrte Kiel til erkebispedømet Bremen og bispedømet Schleswig. I 1526 vart reformasjonen innført. Etterpå vart Kiel hovudsakleg protestantisk og høyrte til den Evangelisch-Lutherische Landeskirche Schleswig-Holstein som i 1977 vart del av Nordelbische Evangelisch-Lutherische Kirche.


I tillegg finn ein i byen den Selbständige Evangelisch-Lutherische Kirche, den Dansk Kirke i Sydslesvig, den Evangelisch-Freikirchliche Gemeinde, den Evangelisch-methodistische Kirche, den Freie evangelische Gemeinde, den Pfingstkirche, den Apostolische Gemeinschaft og adventistane.


Etter at katolikkar kom til byen på 1800-talet vart den den første katolske kyrkja etter reformasjonen bygd i 1891. Kiel har høyrt til erkebispedømet Hamburg sidan det vart grunnlagd i 1993.


I tillegg finn ein i byen Den nyapostoliske kyrkja, dei Siste dagars heilage (mormonar) og Kristensamfunnet.


I dag er folkesetnaden om lag 48 % protestantisk og 7 % katolsk.



Jødar |


Det er ingen historisk bevis for at det budde jødar i Kiel før slutten av 1600-talet. Det var
Christian VII som hjelpte jødar å busette seg i Kiel. I 1782 vart det første bedehuset grunnlagd. I 1933 hadde trussamfunnet rundt 600 medlemmar. Under krystallnatta i 1938 vart den dåverande synagogen øydelagd, men då hadde allereie halvparten av jødane flytta frå byen. Dei fleste av dei som framleis var i byen i 1939 vart deportert og drepne av nasjonalsosialistar.


I 1961 budde berre 27 jødar i Kiel, men etter 1989 førte innvandring frå Aust-Europa til at talet voks til om lag 400. Siden 2004 er det to jødiske synagogar i Kiel.



Muslimar |


Den første muslimske trussamfunnet i Kiel vart grunnlagd i 1978. I dag har talet vakse til ti. Sommaren 2004 var den første moskeen ferdig.



Politikk |


Opphavleg vart byen styrt av ein fut som vart sett inn av landsherren. Ved sida av futen hadde Kiel svært tidleg eit bystyre som etter 1315 fekk stadig meir makt i byen. Bystyret vert i dag kalla Ratsversammlung og formannen Stadtpräsident, medan Oberbürgermeister er rådmannen. Etter 2003 vert òg denne stillinga vald av innbyggjarane.


Den noverande rådmannen Angelika Volquartz (CDU) er den første kvinna i denne stillingen i byen sin historie.


Partia i Ratsversammlung er:



  • CDU: 24


  • SPD: 18


  • Bündnis 90/Die Grünen: 7

CDU og Bündnis 90/Die Grünen har avtalt å samarbeide.



Våpen |


Kiel sitt våpen er det såkalla «holsteinske neslebladet» i sølv på raudt med ein mørkgrå båt. Det sølvfarga neslebladet på raud grunn er våpenet til grevane av Schauenburg og Holstein.



Partnarbyar |



  • Frankrike Brest, sidan 1964


  • Storbritannia Coventry, sidan 1967


  • Flag of Finland.svg Vasa, sidan 1967


  • Flag of Poland.svg Gdynia, sidan 1985


  • Estland Tallinn, sidan 1986


  • Tyskland Stralsund, sidan 1987


  • Flag of Russia.svg Kaliningrad, sidan 1992


  • Flag of Russia.svg Sovjetsk, sidan 1992


Venskapsbyar |



  • Noreg Drammen


  • Sverige Göteborg


  • Flag of Finland.svg Helsingfors


  • Israel Jerusalem


  • Danmark København


  • Sverige Malmö


  • Noreg Oslo


  • Latvia Riga


  • Tyskland Rostock


  • Sverige Stockholm


  • Litauen Vilnius


Økonomi og infrastruktur |




Ferjer og cruiseskip i hamna


78,5 % av alle tilsette i Kiel jobbar i tertiærnæringar, 21,4 % i sekundærnæringar og 0,2 % i jordbruk.


Utsikta over Kiel sin horisont er prega av store portalkranar, og viser at byen er ein viktig verftsby. Dessutan finst maskinfabrikkar og andre industriar, t.d. data- og kontormaskinfabrikasjon. Kiel er òg Tyskland si viktigaste cruisskiphamn. Inntil 60 m høge ferjer (som MS «Color Fantasy») og cruiseskip pregar bilete.



Transport |



Skipsfart |


Kiel er ei viktig hamn i Austersjøen


Passasjerferjer seglar til



  • Sverige Göteborg (Stena Line, 13½ t, dagleg)


  • Noreg Oslo (Color Line, 19½ t, dagleg)


  • Litauen Klaipėda (DFDS Lisco, 21 t, 6x/veke)

Fraktferjer seglar til



  • Flag of Russia.svg St. Petersburg (DFDS Lisco, 2x/veke)


  • Flag of Russia.svg Kaliningrad (NSA, 1x/veke)

I Kiel ligg austenden av Nord-Ostsee-Kanalen (Kielkanalen).
Sidan Kielerfjorden skil dei austlege og vestlege bydelane frå kvarande, går det ferjer på fjorden som ein del av kollektivtrafikken.



Vegar |


Ved motorvegane A210 og A215 er Kiel knytt til A7/E45 frå Hamburg–Danmark.
Andre hovudvegar er B4, B76, B202, B404, B502 og B503.



Kollektivtransport |


Kommunal kollektivtransport vert utført av bussar frå Kieler Verkehrsgesellschaft (KVG) og ferjer frå Schlepp- und Fährgesellschaft Kiel (SFK). Regional busstrafikk vert utført Autokraft.


I dag vert det rekna som ein feil avgjersle å stenge ned trikken i 1985. Det finst planar om å byggje ein bybane, men på grunn av uklar finansiering går planane tregt på fram.



Jernbane |


Sentralstasjonen vart renovert 1999–2006. Det er berre strekninga mot Neumünster–Hamburg som er elektrifisert.
Som fjerntog går ICE dagleg mot



  • Dortmund–Köln–Frankfurt

  • Frankfurt–Stuttgart

  • Frankfurt–Basel–Zürich


  • Berlin–Leipzig–München.

Regionaltog går minst kvar time mot



  • Eckernförde–Flensburg (DB)


  • Rendsburg–Husum (NOB)


  • Neumünster–Hamburg (DB)


  • Eutin–Lübeck (DB)


Flytrafikk |


Flyplassen Kiel-Holtenau har hatt nokre faste flysamband fram til oktober 2006, men sidan flyplassen Hamburg-Fuhlsbüttel berre ligg ein køyretime frå Kiel vart tilbodet lagt ned.



Media |


I Kiel ligg både NDR og ZDF sine regionalstudio for Schleswig-Holstein. Kommersielle radiostasjonar er R.SH (Radio Schleswig-Holstein), NORA (Nord-Ostsee-Radio) og Delta Radio. Opne kanalar er TV-stasjonen Kiel.tv og radiostasjonen 101.2 KielFM.


Frå Kiel-Nord sendar britisk hærstasjonen British Forces Broadcasting Service (BFBS).


Daglege aviser er Kieler Nachrichten som vert gjeve ut av Kieler Zeitung Verlags- und Druckerei KG-GmbH & Co.



Undervisning og forsking |


  • Christian-Albrechts-Universität zu Kiel


Kultur og attraksjonar |



Bybilete |




Sentrum av Kiel rundt 1910


Kiel er prega av å ligge nær havet. Den første byen vart grunnlagd på halvøya mellom fjorden og Litlekielen. Den nordlege landtilgangen vart sikra av borga. Byen var bygd planmessig med med torget i midten og åtte vegar frå kvart hjørne i rett vinkel til kvarandre.


I fleire hundreår låg Kiel i skuggen av andre austersjøbyar (som Flensburg og Lübeck), men vart rekna som ein av Holstein sine største byar og har vore medlem av Hansaen i lang tid. Berre mot slutten av 1700-talet byrja byen å vekse ut over halvøya.
Då Kiel vart skild frå Danmark i 1864 og seinare vart marinebase i Preussen, byrja byen å vekse i alle retningar, raskare enn dei fleste byar i Tyskland. Villabydelar oppstod i nord, medan det vart bygd bygardar rundt sentrum. På austbreidda vart nokre av dei største skipsverfta i Europa bygd og fleire arbeidarkvarter.


Sidan det vart trongt i sentrum alt i 1920-åra planla ein å bygge om byen. Då bombene som fall over byen i den andre verdskrigen øydela store delar av sentrum vart byen bygd opp at i ein meir moderne og opnar stil.



Kieler Woche |


Kieler Woche vert arrangert kvart år den siste vela av juni. Det er det største seglearrangementet i verda.



Sport |


  • Kiel sin fotballklubb Holstein Kiel vart tysk meister i 1912, men det er lenge sidan klubben var ein toppklupp og spelar i dag i Regionalliga Nord.

  • Handballklubben THW Kiel har derimot vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale titlar og fyllar ofte Ostseehalle.

  • Ved sida av Kieler Woche er det fleire yachtklubbar omkring fjorden. Den største er Kieler Yacht Club (KYC).

  • Med Erste Kieler Ruder-Club von 1862 e.V. har Kiel òg den eldste roklubben i Tyskland.


Kulinariske spesialitetar |



  • Kieler Sprotten (røykt brisling)


  • Köm (ein akevitt)


Kjende personar |



  • Peter III av Russland (1728–1762), tsar av Russland, født i Kiel


  • Detlev von Liliencron (1844–1909), forfattar, født i Kiel


  • Maria Ney (1890–1961), revyartist, født i Kiel


  • Max Planck (1858–1947), fysikar, fekk Nobelprisen, født i Kiel


  • Annik Saxegaard (1905–1990), forfattar, død i Kiel


  • Gerhard Stoltenberg (1928–2001), politikar, født i Kiel


  • Ferdinand Tönnies (1855–1936), sosiolog, død i Kiel


  • Carl Friedrich von Weizsäcker (født 1912), fysikar og filosof, født i Kiel


  • Harald Wust (født 1921), generalinspektør for Bundeswehr, født i Kiel


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kiel


  • Nettstaden til Kiel


Kjelder |




  1. A brief history of Kiel



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kiel frå Engelsk Wikipedia .


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?