11. februar


11. februar er den 42. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 323 dagar att av året (324 under skotår).




Innhaldsliste





  • 1 Merkedag

    • 1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar


    • 1.2 Religiøs helgedag


    • 1.3 Namnedag



  • 2 Hendingar

    • 2.1 Utlandet


    • 2.2 Noreg



  • 3 Fødde


  • 4 Døde




Merkedag |



Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |







Det iranske flagget

Sigersdag for den islamske revolusjonen i Iran

Det japanske flagget

Nasjonal grunnleggingsdag i Japan


Religiøs helgedag |



Bevegelege heilagdagar som fell på 11. februar i 2019:
















Namnedag |








Noreg
Ingve og Yngve
Sverige
Yngve og Inge
Danmark
Euphrosyne

Helgendag i den katolske kyrkja:



  • Vår frue av Lourdes og verdsdag for sjuke.


Hendingar |



Utlandet |



  • 660 f.Kr: Tradisjonell dato for grunnlegginga av Japan av keisar Jimmu Tenno.


  • 1531: Henrik VIII av England blei anerkjend som overhovud for den engelske kyrkja.


  • 1809: Robert Fulton tok patent på dampbåten.


  • 1810: Napoleon gifta seg med Marie-Louise av Austerrike.


  • 1928: Vinter-OL 1928 tok til i St. Moritz.


  • 1964: Det braut ut krig mellom Hellas og Tyrkia i Limassol på Kypros.


  • 1971: 87 land, mellom dei USA, Storbritannia og Sovjetunionen, skreiv under ein avtale mot atomvåpen i internasjonalt farvatn.


  • 1979: Den iranske revolusjonen. Ayatollah Khomeini tok makta i Iran.


  • 1990: Den sørafrikanske apartheidmotstandaren Nelson Mandela blei slept fri etter å ha vore i politisk fangenskap i 27 år.


  • 2011: Den egyptiske revolusjonen. Hosni Mubarak gjekk av som president i Egypt etter 18 dagar med folkelege protestar. Det øvste rådet i hæren tok over stryet av landet.


Noreg |



  • 1849: Lofot-stormen tok eit ukjent tal menneskeliv.


  • 1887: Sulitjelma gruber kom i drift.


  • 1945: Ibuarane i Hammerfest vart evakuerte, og heile byen sett i brann.


  • 1974: Fangstskuta «Lance II» av Gratangen forliste ved Syltefjordstauran i Finnmark. Elleve av dei tretten ombord omkom, to berga seg i land.


  • 1979: Eit bustadfelt på Engeset i Ørsta vart knust av snøras, tre personar omkom.


  • 1987: Fjorten år gamle Ingrid Skotte forsvann frå Lesja. Vel ein månad seinare vart ho funnen drepen ved Storfjorden på Sunnmøre.


Fødde |


Sjå òg Fødde den 11. februar.
  • 1380: Gianfrancesco Poggio Bracciolini, italiensk humanist

  • 1535: Pave Gregor XIV

  • 1568: Honoré d'Urfé, fransk renessanseforfattar

  • 1847: Thomas Alva Edison, amerikansk oppfinnar

  • 1855: Erik Werenskiold, norsk biletkunstnar

  • 1874: Elsa Beskow, svensk forfattar

  • 1882: Arne Bjørndal, norsk kulturhistorikar

  • 1898: Leó Szilárd, ungarskamerikansk kjernefysikar

  • 1902: Arne Jacobsen, dansk arkitekt og designer

  • 1920: Faruk I av Egypt, konge

  • 1962: Sheryl Crow, amerikansk musikar


Døde |


Sjå òg Døde den 11. februar.
  • 1650: René Descartes, fransk filosof

  • 1795: Carl Michael Bellman, svensk diktar

  • 1868: Léon Foucault, fransk fysikar

  • 1924: Olav Nygard, norsk diktar

  • 1948: Sergej Eisenstein, russisk filmskapar

  • 1963: Sylvia Plath, amerikansk forfattar

  • 1986: Frank Herbert, amerikansk science fiction-forfattar

  • 2012: Siri Bjerke, norsk poltikar


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...