Casey-stasjonen
| Casey-stasjonen | |
| stasjon | |
|  Casey-stasjonen frå lufta. | |
| Land |  Antarktis | 
|---|---|
| Stad | Wilkes Land | 
| - koordinatar | |
| Administrert under | Antarktistraktaten | 
|   Casey-stasjonen (Antarktis) | |
| Wikimedia Commons: Casey Station | |
Casey-stasjonen er ein permanent base i Antarktis driven av Australian Antarctic Division (AAD) som ligg ved Vincennes Bay i Australsk Antarktis.
Innhaldsliste
 1 Historie
 2 Flystriper
 3 Klima
 4 Kjelder
 5 Bakgrunnsstoff
 6 Sjå òg
Historie | 
Casey ligg nær den no fråflytta Wilkes-stasjonen oppretta av USA under Det internasjonale geofysiske året (IGY) i 1957/8. Basen vart kalla opp etter Richard Casey.[1]
Australia tok over Wilkes etter det internasjonale geofysiske året, men dei amerikanske bygningane var ikkje mogeleg å bruke fordi isen hadde bygd seg opp kring dei. Australia bygde den første Casey-basen like ovanom, på sørsida av Newcomb Bay seint i 1960-åra. Desse bygngingane var eit unikt forsøk på å unngå isproblemet ved å heve bygningane på stylter, slik at vinden kunne blse under bygningane. I tillegg vart bygningane knytte saman med ein bølgjeblikktunnel. Dette håpte ein skulle hindre snøen i å bygge seg opp år for år, medan personellet kunne flytte seg mellom bygningane utan å gå ut i friluft. Det fungerte ei tid. 
Den noverande Casey-stasjonen («Red Shed») vart bygt seint i 1980-åra. Bygningen vart prefabrikkert i Hobart på Tasmania av Contas Pty Ltd, og frakta til Antarktis. Den store bygnignen vart først teken i bruk i 1988. 
Flystriper | 
Casey er eit viktig transportknutepunkt for det australske forskingsprogrammet i Antarktis med flyruter til frå Hobart til Wilkins ice runway, 5 km inn for Casey-stasjonen. Det første flyet som landa her var eit Airbus A319 den 9. desember 2007.
Dem mindre Casey Station Skiway ligg 8 km aust for stasjonen og opna 30. desember 2004.
Klima | 
Casey-stasjonen har eit arktisk klima:
| Klimadata for Casey-stasjonen | |||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | 
| Normal maks. temp. °C | 2.5 | −1.4 | -7.1 | -11.7 | -13.4 | -13.5 | -14.9 | -15.6 | -14.3 | -9.9 | -2.7 | 2.1 | -8,3 | 
| Normal min. temp. °C | -2.7 | -7.3 | -13.2 | -17.3 | -19.2 | -19.5 | −20.8 | −21.7 | −20.6 | −16.4 | -8.9 | −3.2 | -14,2 | 
| Normale månadlege solskinstimar | 234 | 217 | 150 | 107 | 45 | 0 | 17 | 85 | 144 | 212 | 246 | 251 | 1 708 | 
| Kjelde: Klimadata for Casey-stasjonen [2] | |||||||||||||
Kjelder | 
 Denne artikkelen bygger på «Casey Station» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
 Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
 
 ↑ Australian Philatelic Bulletin, Vol. 16, s. 28
 ↑ «[[Bureau of Meteorology]]». URL–wikilink conflict (hjelp)
 
Bakgrunnsstoff | 
- AAD Casey-stasjonen page
- Casey-stasjonen webcam
- A Year i Antarktis (1972)
- COMNAP Antarktis Facilities
- COMNAP Antarktis Facilities Map
Sjå òg | 
Brown Bay
| Forskingsstasjonar i Antarktis | |||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 
 | |||||||||||||||||||
| 
 | |||||||||||||||||||
| 
 | |||||||||||||||||||
| 
 |