UEFA


Union of European Football Associations (UEFA, fransk: Union des associations européennes de football) er det europeiske fotballforbundet som vart skipa 15. juni 1954 i Basel i Sveits. Forbundet er mest kjend under forkortinga UEFA. EUFA er sjølv medlem av FIFA, det internasjonale fotballforbundet. 26. januar 2007 vart Michel Platini vald til ny president i UEFA etter Lennart Johansson.


UEFA har 53 medlemmer, og av desse har 46 eit aktivt kvinnelandslag. Samtlege lag innanfor den geografiske definisjonen av Europa er medlemmer, med unntak av Monaco, Storbritannia og Vatikanstaten. Til gjengjeld har England, Wales, Skottland, Nord-Irland og Færøyane eigne landslag, på tross av at dei ikkje er sjølvstendige nasjonar.


I tillegg er asiatiske land som Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Israel, Kasakhstan og Kypros medlemmer, og både Russland og Tyrkia, som er geografisk delt til både Europa og Asia, høyrer til UEFA. For Israel var det nødvendig å flytte ettersom dei fleste motstandarane deira i Asia ikkje anerkjende dei, og dermed ikkje ville spele mot dei (mellom 1974 og 1994 spelte Israel i Oseania). Kypros sin geografiske situasjon lét dei velje mellom Europa, Asia og Afrika, og dei valde Europa. Kasakhstan gjekk frå Asia til Europa etter semje med UEFA.




Innhaldsliste





  • 1 Turneringar

    • 1.1 Noverande


    • 1.2 Tidlegare



  • 2 Medlemsland


  • 3 Presidentar i UEFA


  • 4 Kjelder




Turneringar |



Noverande |


Organisasjonen arrangerer no følgjande fotballturneringar:


  • EM: Europameisterskap for landslag, som vert halde kvart fjerde år, kor det seinaste var i 2008 i Austerrike/Sveits og det neste er i 2012 i Polen/Ukraina.

  • EM U/21: Europameisterskap for U/21-landslag, som vert halde annakvart år, kor det seinaste var i 2009 i Sverige og det neste er i 2011 i Danmark.

  • UEFA Champions League: Den mest prestisjefylte klubbturneringa i verda. Fungerer også som ei form for uoffisielt europameisterskap for klubblag. Vinnaren av turneringa kvalifiserer seg til FIFA Club World Cup.

  • UEFA Europa League: Ei samanslutning av UEFA sine to tidlegare turneringar UEFA Cup og Intertoto Cup.


Tidlegare |


Organisasjonen har tidlegare arrangert følgjande fotballturneringar:


  • UEFA Intertoto Cup: Ei annleis sommarturnering for klubblag, med tre vinnarar, som får tilgang til UEFA Cup. Avløyste International Football Cup. Turneringa vart spelt for siste gong i 2008.

  • UEFA Cup: Ei turnering for dei «nest-beste» laga i dei nasjonale forbunda, samt for pokalvinnaren. Vart spelt for siste gong i 2008-09-sesongen. Vart bytta ut med UEFA Europa League.

  • UEFA Pokalvinnarane sin Europa Cup: Ei europeisk turnering for pokalvinnarane. Vart spelt for siste gong i 1998.


Medlemsland |

































































































































































ÅrLandNasjonalt fotballforbund
1954
Flag of Albania.svg Albania

1954
Flag of Austria.svg Austerrike

1954
Flag of Belgium (civil).svg Belgia

1954
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria

1954
Flag of Denmark.svg Danmark

1954
Flag of England.svg England

1954
Flag of Finland.svg Finland

1954
Flag of France.svg Frankrike

Fédération Française de Football
1954
Flag of Greece.svg Hellas

1954
Flag of Ireland.svg Irland

1954
Flag of Iceland.svg Island

1954
Flag of Italy.svg Italia

Federazione Italiana Giuoco Calcio
1954
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg

1954
Flag of the Netherlands.svg Nederland

Koninklijke Nederlandse Voetbal Bond
1954
Ulster Banner.svg Nord-Irland

1954
Flag of Norway.svg Noreg

Norges Fotballforbund
1954
Flag of Poland.svg Polen

1954
Flag of Portugal.svg Portugal

Federação Portuguesa de Futebol
1954
Flag of Romania.svg Romania

1954
Flag of Russia.svg Russland, tidlegare Sovjetunionen

1954
Flag of Serbia.svg Serbia, tidlegare Jugoslavia

1954
Flag of Scotland.svg Skottland

1954
Flag of Spain.svg Spania

Real Federación Española de Fútbol
1954
Flag of Switzerland.svg Sveits

1954
Flag of Sweden.svg Sverige

Svenska Fotbollförbundet
1954
Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia, tidlegare Tjekkoslovakia

1954
Flag of Germany.svg Tyskland

Deutscher Fußball-Bund
1954
Flag of Hungary.svg Ungarn

1954
Flag of Wales (1959–present).svg Wales

1960
Flag of Malta.svg Malta

1962
Flag of Cyprus.svg Republikken Kypros

1962
Flag of Turkey.svg Tyrkia

1974
Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein

Liechtensteiner Fussballverband
1988
Flag of San Marino.svg San Marino

1990
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane

Fótbóltssamband Føroya
1992
Flag of Armenia.svg Armenia

1992
Flag of Estonia.svg Estland

Eesti Jalgpalli Liit
1992
Flag of Georgia.svg Georgia

1992
Flag of Latvia.svg Latvia

1992
Flag of Lithuania.svg Litauen

1992
Flag of Ukraine.svg Ukraina

1993
Flag of Croatia.svg Kroatia

1993
Flag of Belarus.svg Kviterussland

1993
Flag of Moldova.svg Moldova

1993
Flag of Slovakia.svg Slovakia

1994
Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan

1994
Flag of Israel.svg Israel

1994
Flag of Slovenia.svg Slovenia

1996
Flag of Andorra.svg Andorra

Federació Andorrana de Fútbol
1996
Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina

2002
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan

2007
Flag of Montenegro.svg Montenegro


Presidentar i UEFA |























Nr.NamnPeriode
1.
Flagget til Danmark Ebbe Schwartz

1954 – 1962
2.
Flagget til Sveits Gustav Wiederkehr

1954 – 1972
3.
Flagget til Italia Artemio Franchi

1972 – 1983
4.
Flagget til Frankrike Jacques Georges

1983 – 1990
5.
Flagget til Sverige Lennart Johansson

1990 – 2007
6.
Flagget til Frankrike Michel Platini

2007 –


Kjelder |



  • UEFA-COEFFICIENTS.COM - Country Ranking, Champions League and Europa League statistics


  • Denne artikkelen bygger på «UEFA» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2011, «Liste over medlemmer i UEFA» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2011 og «UEFA» frå Wikipedia på dansk, den 21. juli 2011.



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...