Styx


For månen til Pluto med same namnet, sjå plutomånen Styx.



Ferd over Styx. Etsing av Gustave Doré frå 1861.


Styx er i gresk mytologi den underjordiske elva som vert oppfatta som ei grense mellom livets rike og dødsriket.


Kharon var ferjekaren som på ein båt førte dei døde over elva Styx til Hades. Til betaling for skyssen la ein ein mynt, ein obol, under tunga på den døde. Om ein ikkje hadde gjort det fekk den døde ikkje passere Styx, men måtte i staden vere i eitt limbo midt mellom livet og døden i all æve. Ein del kjelder, både greske og romerske, seier liksom Dante at Kharon førte dei døde over Acheron og ikkje over Styx.


Gudinna Thetis gjorde de nyfødde sonen sin, Akhilles, usårleg gjennom å dyppe han i elva Styx. Men hælen som ho heldt i vart ikkje dyppa. Under den trojanske krigen vart Akhilles skoten i hælen av ei pil og døydde. Derav uttrykket akilleshæl.


Lik andre elvar hadde Styx ei eiga gudinne eller vassnymfe, som også vart kalla Styx. Ho var gift med titanen Pallas, og deira dotter var sigersgudinna Nike.



Sjå òg |



  • Yomotsuhirasaka motsvarer Styx i den japanske mytologien.


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Styx» frå Wikipedia på svensk, den 31. mars 2010.


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Styx



Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Nidaros erkebispedøme