Polythene Pam

















Polythene Pam
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road


Utgjeve
26. september 1969

Innspelt
25 – 30. juli 1969

Sjanger

Rock

Lengd
1:12

Selskap

Apple Records

Låtskrivar(ar)

Lennon–McCartney

Produsent

George Martin

«Polythene Pam» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road i 1969. Songen er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.


«Polythene Pam» handlar tilsynelatande om ei mystisk tøs frå Liverpool kledd i ein søppelsekk. Det er sagt at ein av inspirasjonskjelde var ein gong John Lennon var saman med poeten Royston Ellis og veninna hans, som var kledd i plastikk (polyethylene). Det kan òg ha vore ein underleg kvinneleg tilhengjar frå den første Beatles-perioden på Cavern Club som hadde den eksentriske uvanen med å tygge og spise plastikkbitar. Ho heitte Pat Dawson Hodgetts, men ho var aldri kledd slik som i songen.


She’s killer diller when she’s dressed to the hilt.

She’s the kind of a girl that makes the News of the World.

Yes you could say she was attractively built – Yeah.

På albumet er songen glir songen rett over frå den førre songen, som han òg er tekstmessig knytt til, «Mean Mr. Mustard». Denne songen omhandlar den gjerrige fyren Mr. Mustard har ei syster som heiter Pam. Ho tar han med for å sjå dronninga. «Polythene Pam» går òg direkte over i neste song, «She Came in Through the Bathroom Window», men teknisk sett sluttar «Polythene Pam» når gitarsoloen endar, der Lennon seier «We'll listen to that now», følgd opp av, «Oh, look out!»


Tidsmessig, ved 0:47, er det noko som plukkar opp ein maracas og deretter kan ein i den høgre høgtalaren høyre Paul McCartney sei «Yeah!» medan Lennon svarer «Great!».



Medverkande |



  • John Lennon – solovokal, 12-strengs akustisk gitar, klapping


  • Paul McCartney – korvokal, bass, piano (akustisk og elektrisk)


  • George Harrison – korvokal, sologitar


  • Ringo Starr – trommer, tamburin, maracas, kubjølle[1]


Bakgrunnsstoff |


  • Alan W. Pollack om «Polythene Pam»

  • What Goes On?

  • Tekst


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Polythene Pam» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2009.


  1. «Polythene Pam | The Beatles Bible». www.beatlesbible.com (på engelsk). Henta 17. mars 2018. 








Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...