Ekstremvêr i Noreg





Nyttårsorkanen på veg inn mot Nordvestlandet 04 UTC 1. januar 1992.
Foto: Met.no





Ekstremvêret Dagmar ved Seilet hotell i Molde.


Ekstremvêr i Noreg er eit uvêr som er så kraftig at det er fare for liv og verdiar. I Noreg er det berre Meteorologisk Institutt som er pålagt å varsle og som har lov å varsle om slike vêrforhold, då kalla eit ekstremvarsel. Årsaka til at berre MI gjev ut slike varsel er fordi det ikkje skal oppstå forvirring om til dømes StormGeo eller andre vêrselskap hadde gjeve ut eit ekstremvarsel, medan MI ikkje hadde sendt ut.


I samband med ekstremvarsel vert styresmaktene varsla slik at dei kan sette i gang førebyggjande tiltak. Først vert hovudredningssentralane og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) varsla og deretter Justisdepartementet, fylkesmannen i fylka som vert råka, politiet i aktuelle område i tilfelle evakuering, kommunale etatar i aktuelle område for å sikre verdiar og media for å varsle ålmenta.




Innhaldsliste





  • 1 Kriteria


  • 2 Opphav


  • 3 Namn


  • 4 Kjende ekstremvêr


  • 5 Liste over ekstremvêr

    • 5.1 Etter år


    • 5.2 Etter fylke



  • 6 Kjelder




Kriteria |


For at eit uvêr skal kallast ekstremt må minst eitt av følgjande kriteria oppfyllast:


  • Sterk vind, som regel storm.

  • Store nedbørmengder eller endra temperaturforhold som kan føre til stor flaum.

  • Ekstremt stor snørasfare over store område


  • Stormflod (ekstremt høg vasstand langs delar av kysten)

I tillegg spelar òg kva område som vert råka inn på om det vert sendt ut ekstremvarsel eller ikkje. Til dømes må det kraftigare vind til i Nord-Noreg og på Vestlandet enn på Austlandet.


Kva retning vinden kjem frå spelar vanlegvis òg ei rolle. Om vinden bles parallelt med kysten vil berre dei ytste områda verte råka av kraftig vind, men med ein gong vinden kjem med større vinkel inn på kysten vil større område få merke den kraftige vinden.



Opphav |


Opphavet til at ein starta med varslingsplanar for ekstreme vêrsituasjonar var nyårsorkanen i 1992 i Møre og Romsdal. Orkanen vart godt varsla av Meteorologisk Institutt på nyårsaftan 1991, men sidan varselet mellom anna kom på denne spesielle dagen var det få som fekk varselet med seg. Verken ålmenta eller styresmakter vart varsla om det særs kraftige uvêret og øydeleggingane vart deretter sidan ingen skadeførebyggande tiltakt vart utført og heller ingen beredskap vart sett i gang for å raskt bøte på skadane som oppstod.


Første gong prosedyrane for ekstremvarsel vart nytta var 8. desember 1994 då det vart full til sterk storm langs kysten frå Lindesnes til Fedje. Dei fleste ekstremvêra kjem som følgje av kraftig vind. Ekstremvêr som følgje av ekstrem stor snørasfare har enno ikkje oppstått sidan prosedyrane vart oppretta.



Namn |


Sidan 1995 har òg MI gjeve namn på ekstremvêra på liknande måte som ein gjer med tropiske syklonar i andre delar av verda. Her nyttar ein ei alfabetisk liste der anna kvart namn er eit mannsnamn og eit kvinnenamn. Bokstavane Q, W, X, Z, Æ, Ø og Å vert ikkje nytta. Når ein kjem til siste bokstav (Y) byrjar ein på nytt igjen med A på neste ekstremvêr. På den første lista vart ikkje bokstaven C nytta.


Det første ekstremvêret som fekk namn var Agnar 12. oktober 1995.



Kjende ekstremvêr |


Nyårsorkanen i 1992 var det dyraste uvêret som har råka landet.[1] Det vart registrert 33 000 skadar og utbetalt ei total erstatning på om lag 1,3 milliardar kroner.[2]


Vesleofsen, flaumen som råka Austlandet i juni 1995, vart òg særs dyr med om lag 6900 skadar for 1,8 milliardar kroner og utbetalt erstatning for 940 millionar kroner.[2]Ekstremvêret Narve råka Nord-Noreg i januar 2006 og det vart rapportert 2478 skadar som totalt gav ei erstatning på rundt 188 millionar kroner.[2]. Eit av dei mest omfattande uvêra som har råka landet var dei tre ekstremvêra Gudrun, Hårek og Inga som kom på løpande band i januar 2005. Områda heilt frå Østfold til Nordland vart råka i denne uvêrsperioden og det vart rapportert 4306 skadar for totalt 160 millionar kroner.[2]


Storofsen er ein av dei største flaumane som har råka landet nokon gong. Han skjedde i 1789 og tok livet av minst 61 menneske. Den galne måndagen var eit anna kjend uvêr med orkan som i 1822 tok meir enn 300 menneskeliv på Vestlandet.



Liste over ekstremvêr |































































































































































































































































































Ekstremvêr i Noreg
DatoNamnOmråde råkaÅrsak
8. desember 1994Namnlaus
Lindesnes til Fedje
Vind opp mot sterk storm; høg vasstand frå Lindesnes til Karmøy
19. januar 1995Namnlaus
Rogaland til Sogn og Fjordane
Vind opp i sterk storm.
30. januar 1995Namnlaus
Hordaland, Sogn og Fjordane og Trøndelag
Vind opp i sterk storm.
31. januar 1995NamnlausTrøndelag til Narvik
Høg vasstand
27. mai 1995
Namnlaus, men i ettertid kalla Vesleofsen

Telemark og Austlandet
Store nedbørmengder
31. mai 1995
Namnlaus, men i ettertid kalla Vesleofsen

Telemark og Austlandet
Store nedbørmengder
7. juni 1995
Namnlaus, men i ettertid kalla Vesleofsen
AustlandetStore nedbørmengder
12. oktober 1995Agnar
Nordmøre, Trøndelag og Helgeland
Sterk storm, full storm på Helgeland
11. november 1995Bera
Troms og Vest-Finnmark
Full storm, fare for snøras og vanskelege køyreforhold
29. januar 1996DagAust-FinnmarkSterk storm
28. februar 1996ErikaTrøndelagKortvarig sterk storm
12. oktober 1996Frode
Nordland, Troms og Vest-Finnmark
Full eller sterk storm
28. oktober 1996GerdLindesnes til Oslofjorden med landområdeOpp til storm med kast
14. januar 1997HaukSpitsbergenSterk storm
29. januar 1997IdunNordland, Troms og FinnmarkFull storm, sterk storm i Finnmark
6. februar 1997Joar
Vestfjorden og Ofoten - Nordfjord
Høg vasstand
7. februar 1997Joar
Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag
Sterk storm og høg vasstand
17. februar 1997KariRogaland til Sogn og Fjordane og i TrøndelagSterk storm
16. november 1997LeifSpitsbergenSterk storm
9. november 1998MariIndre Sør-Trøndelag
Full storm
26. november 1999Njål
Stad til Narvik
Høg vasstand
28. november 1999OlrunHordaland, Sogn og Fjordane og TrøndelagFull eller sterk storm
24. desember 1999Peter
Agder til Østfold
Liten eller full storm
28. januar 2000Reidun
Lindesnes til Østfold
Høg vasstand
27. mars 2000SølveAust-FinnmarkFull storm
28. oktober 2000ToraAgderFull storm, store nedbørsmengder og høg vasstand
15. januar 2001UlfTroms og FinnmarkFull storm
15. desember 2001ValdisFinnmarkSterk storm
17. desember 2002Yrjan
Vesterålen, Troms og Finnmark
Full eller sterk storm
14. januar 2003AgdaMøre og Romsdal og Sør-Trøndelag sør for Trondheimsfjorden
Full eller sterk storm
28. oktober 2003Bengt
Tromsø til Vardø
Høg vasstand
3. desember 2003Clara
Salten til Vest-Finnmark
Full storm
6. desember 2003DyreMøre og Romsdal og TrøndelagFull storm
10. desember 2003EddaNord-Helgeland til Sør-TromsFull storm. Sterk storm i Lofoten.
21. desember 2004FinnNord-Møre til VesterålenFull storm
8. januar 2005GudrunSør-Rogaland til SvenskegrensaSterk storm i Rogaland, ellers liten til full storm, Høg vasstand frå Egersund til Svenskegrensa
10. januar 2005HårekNord-Trøndelag til LofotenKortvarig sterk storm. Høg vasstand.
11. januar 2005IngaEgersund til KristiansundHøg vasstand. Liten til sterk storm.
August 2005Jostein-Varselet vart trekt tilbake på grunn av at uvêr minka i styrke og ikkje kvalifiserte til ekstremvêr.
14. september 2005KristinHordaland og Sogn og FjordaneFørste ekstremvarsel på grunn av ekstreme nedbørmengder.
14. november 2005LokeRogaland til Sogn og FjordaneLokalt ekstreme nedbørmengder.
11. desember 2005MonaHelgeland, Saltfjellet, Salten og LofotenFull storm og store nedbørmengder
18. januar 2006Narve
Namdalen til Vest-Finnmark
Søraust full til sterk storm.
4. desember 2006Oda
Stavanger til Stad
Høg vasstand
13. januar 2007PerRogaland til SognNordvest sterk storm
19. desember 2007RitaNord-Troms og FinnmarkVestleg full til sterk storm
26. januar 2008SondreSognefjorden til KristiansundSærs høg vasstand kombinert med vestleg full storm.
31. januar 2008TuvaFarsund til svenskegrensaVarsla sørleg full storm langs kysten, vart stort sett berre liten storm på det meste.
25.-26 oktober 2008UlrikStad til HelgelandVarsla fare for sterk storm på kysten, noko det også vart.
20. november 2008VeraTrøndelagEit polart lågtrykk medførte storm, høge bølgjer, stormflod og tett snøfall.
31. desember 2008YngveNordlandEit kraftig lågtrykk medførte storm og lokalt orkan i områda rundt Vestfjorden
26. januar 2010AskNordland, Troms og FinnmarkKortvarig sterk storm 30 m/s utsette stader i Nordland, Troms og Vest-Finnmark. Sørvestleg full storm 25 m/s, sterk storm 30 m/s utsette stader i kyst- og fjordstrøka i Aust-Finnmark.
25. november 2011BeritMøre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og LofotenKraftig vind og høge bølgjer; særs høg vasstand langs kysten. Vasstanden var estimert til å vere 110 cm over tidvatnet i tidvasstabellen.
25. desember 2011CatoSalten, Ofoten, Lofoten, Vesterålen, Troms og kyst- og fjordstrøka i Vest-FinnmarkStormflod
25. desember 2011DagmarSogn og Fjordane, Møre og Romsdal, TrøndelagEkstrem vind, men også høg vasstand kombinert med høge bølgjer.
3. januar 2012EmilVest-AgderSterk storm

6. august 2012
Frida
Aust- og Vest-Agder
Varsel om store nedbørmengder i forbindelse med kraftige regn- og tordenbyger. «Etter gjeldende kriterier for ekstremvær kvalifiserte ikke Frida som ekstremvær i Agder-fylkene. Nedbørmengdene som ble registrert var store, men på ingen måte ekstreme. Derimot kom det ekstreme mengder nedbør i Vestfold og Nedre Buskerud, hvor kraftige byger og store nedbørmengder førte til oversvømmelser og jordras som gjorde skade på hus, veier og jernbane.» (Meteorologisk institutt)

21. juni 2013
Geir
Aust- og Vest-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland
Lokalt ekstremt mye nedbør (50–90 mm)

16. november 2013
Hilde
Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Helgeland
Meteorologisk institutt melde om lokale vindkast inn over land som var venta å kome opp i mellom 40 og 50 meter per sekund, i tillegg til mellom 13 og 15 meter høge bølgjer inn mot kysten.[3]«Sørvest full og kan hende sterk storm, som etterhvert dreier vestlig. Lokale vindkast på 35-45 m/s innover land lørdag kveld og første del av natt til søndag. Lørdag kveld er det også ventet høye bølger inn mot kysten. Signifikant bølgehøyde kan bli 13-15 m» (Meteorologisk institutt)

12. desember 2013
Ivar
Møre og Romsdal og Trøndelag
Torsdag ettermiddag og kveld melde Meteorologisk institutt om kortvarig vest og nordvest sterk storm (30 m/s) eller orkan (33 m/s), med vindkast opptil 40-45 m/s inn over land [4].

8. mars 2014
JorunFinnmarkVestlig full til sterk storm over store deler av Finnmark, med vindkast på 35-40 m/s. [5].

12. mars 2014
Kyrre
Trøndelag, Helgeland og Saltfjellet
Ekstreme nedbørsmengder. [6].

9. august 2014
Lena
Hordaland, og Sogn og Fjordane
Eit uvanleg kraftig lavtrykk for årstida. Lokale vindkast på 25-35 m/s.[7].

30. desember 2014
Mons
Namdalen, Helgeland, Saltfjellet og Sør-Salten
Mildvêr og ekstreme nedbørsmengder. [8].

10. januar 2015
Nina
Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Agder, Telemark og Ytre Oslofjord
Målt til orkan styrke i 4 timar, var oppe i 33,8 m/s. Høge bølgjer inn mot kysten. Vindkast målt til 44,7 m/s.[9]

6. februar 2015
Ole
Trøndelag, Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Ofoten og Troms
Vind av orkan styrke inn mot nordlege Nordland og Sør-Troms. Meir enn 50 000 var utan straum.[10]

17. september 2015
Petra
Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud
Langvarig nedbør og store nedbørmengder.[11]

1. oktober 2015
Roar
Nordland, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag
Store nedbørmengder.[12]

5. desember 2015
Synne
Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder[13]
Store nedbørmengder, flom, ras, stengte veier og jernbaner, innstilte ferjer[14] Fortsette innover Vest-Sverige.

29. januar 2016
Tor
Hedmark, Oppland, Buskerud, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland[15]
Kraftig vind. Ved Kråkenes fyr (Vågsøy, Sogn og Fjordane) blei middelvinden målt til 48,9 meter i sekundet, noko som er ny vindrekord for dei offisielle målingane i Noreg etter nyttårsorkanen i 1992.




Etter år |
















































År
Tal på
ekstremvêr
1994
1
1995
8
1996
4
1997
6
1998
1
1999
3
2000
3
2001
2
2002
1
2003
5
2004
1
2005
7
2006
2
2007
2
2008
5
2009
0
2010
1
2011
3
2012
2
2013
3
2014
4
2015
5


Etter fylke |












































Fylke
Tal på
ekstremvêr
Østfold
8
Akershus
3
Oslo
3
Hedmark
4
Oppland
4
Buskerud
5
Vestfold
9
Telemark
8
Aust-Agder
8
Vest-Agder
10
Rogaland
10
Hordaland
13
Sogn og Fjordane
14
Møre og Romsdal
10
Sør-Trøndelag
16
Nord-Trøndelag
17
Nordland
18
Troms
12
Finnmark
13
Svalbard
2


Kjelder |



  • «Ekstremvær». Meteorologisk Institutt. Henta 27. januar 2008. 


  • «Prosedyrer for varsling og navnsetting av ekstremvær». Meteorologisk Institutt. Henta 27. januar 2008. 


  • «Ekstremvær 1994 - d.d.». Meteorologisk Institutt. Henta 27. januar 2008. 

Fotnotar


  1. Nyttårsorkanen. Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon. Kunnskapsforlaget. 2007. 


  2. 2,02,12,22,3 «Det verste uværet». Meteorologisk Institutt. 21. september 2008. Henta 30. september 2008. 


  3. «Orkan flere steder langs kysten». Yr.no. 16. november 2013. Henta 18. november 2013. 


  4. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 26. desember 2013. Henta 26. desember 2013. 


  5. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 26. desember 2013. Henta 29. desember 2014. 


  6. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 9. januar 2015. Henta 9. januar 2015. 


  7. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 9. januar 2015. Henta 9. januar 2015. 


  8. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 9. januar 2015. Henta 9. januar 2015. 


  9. «Ekstremvarsel». yr.no. 10. januar 2015. Henta 12. januar 2015. 


  10. «50.000 er uten strøm». nordlys.no. 7. februar 2015. Henta 8. februar 2015. 


  11. «Disse rammes av ekstremværet Petra». tv2.no. 16. september 2015. Henta 16. september 2015. 


  12. Ekstremværet Roar på vei til Trøndelag. adressa.no (1. oktober 2015)


  13. Fase D: Ekstremværet Synne er nå over. met.no (6. desember 2015)


  14. Veier er stengt, togene vestover innstilt og ferjene ligger ved kai Fædrelandsvennen (6.desember 2015)


  15. Fase B: Ekstremværet Tor treffer Sør-Norge . met.no (29. januar 2016)








Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister