Morell




Eit blømande morelltre.



Morell eller søtkirsebær (Prunus avium) er ei steinfrukt. I same planteslekta, prunus, finn ein mellom anna hegg og kirsebær.
Omgrepet «morell» er opphavleg namnet på ein gamal kirsebærsort som skal ha stamma fra Château de Moreilles i Frankrike. Dette er eigentleg sure, mørke kirsebær (Prunus cerasus), men på norsk vert namnet feilaktig brukt om søtkirsebær.


Morelltre veks vilt i Vest-Asia og Europa, og i Noreg langs heile kysten opp til Nord-Trøndelag. Trea kan verta både store og gamle. Treverket er fast, tydeleg strukturert og kan brukast i møblar, musikkinstrument, og til tredreiing. Moreller har vorte dyrka i Noreg sidan 1700-talet.


Både treet og blada er større enn kirsebær. Fruktkjøtet er fastare enn kjøtet i kirsebær. Fargen på frukta kan variera frå svart, brunt raudt og til gult både hjå viltveksande og dyrka sortar. Storleiken varierer òg, men dyrka morellfrukter er større enn dei viltveksande. Morellfrukta har ofte kløft mellom stilken og botnen. Smaken er mild og søt, noko som gjer moreller populære blant folk flest. Næringsinnhaldet per 100 mg er ca 10 mg C-vitamin, 173 mg kalium, 86 % vatn og 207 kJ tilført energi.



Morell i Noreg |


Morellen er den av norske frukttreartar som toler minst frost over jorda. Moreller vert difor særleg dyrka der normaltemperaturen er kring 0 °C om vinteren. Morellen blømer tidleg, i Noreg om lag i mai månad, og kan difor vera utsett for frost i bløminga. Nokre morelltre vert nytta som prydtre for den vakre bløminga. I Noreg vert det dyrka mest moreller i indre Hardanger, men også noko i Telemark og Vestfold.


På Lofthus i Hardanger vert Morellfestivalen halde siste helga i juli kvart år grunna den utbreidde morelldyrkinga i bygda og kommunen. Her vert det m.a. avhalde NM i morellsteinspytting som er hovudattraksjonen til festivalen.


Nokre kjende morellslag er:


  • Van

  • Werderske (Werderske hjerte)

  • Dønningens gule

  • Kvit spansk

  • Hedelfinger kjempe


Kjelder |


  • Wikipedia på bokmål om morell.

  • Store Norske Leksikon om kirsebær.

  • Dei offisielle heimesidene til Morellfestivalen.












Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command