Nissedal kommune


























Nissedal kommune

kommune




kommunevåpen

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Telemark


Adm.senter

Treungen

Areal
905 km²
 - land
789 km²
 - vatn
116 km²

Folketal
1 489 (1. januar 2018)
Folketettleik

2 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Halvor Homme (Ap)


Kommunenr.
0830




NO 0830 Nissedal.svg




Wikimedia Commons: Nissedal

Nettstad: www.nissedal.kommune.no

Nissedal kommune er ein kommune i Telemark fylke, som grensar til Fyresdal i vest, Kviteseid i nord, Drangedal i aust og i sør til tre kommunar i Aust-Agder: Gjerstad, Vegårshei og Åmli.


Kommunen omkransar innsjøen Nisser, og har fleire mindre vatn og innsjøar. Dei viktigaste næringsvegane er industri, kraft og småbruk. Kommunesenteret Treungen er den einaste tettstaden i kommunen.[1]


Nissedal kommune vart til i 1838, då han vart skild ut frå Kviteseid. Namnet stammar frå innsjøen Nisser. Kommunevåpenet har tre raude nisseluver på gull grunn og spelar på kommunenamnet.[2]




Innhaldsliste





  • 1 Næringsliv


  • 2 Geografi


  • 3 Samferdsel


  • 4 Kultur


  • 5 Kjende folk frå Nissedal


  • 6 Fotnotar


  • 7 Bakgrunnsstoff




Næringsliv |




Kyrkjebygda i Nissedal





Nissedal kyrkje




Vanntårnet og lokstallen på nedlagd Treungen stasjon


Jordbruk er den viktigaste næringa i Nissedal, og kommunen har fleire smågardar. Skogen er viktig for gardsdrifta og det vert avverka om lag 21 000 m³ tømmer årleg. Seks kraftverk innan kommunen gir ein årleg produksjon på 535 GWh.


Det finst noko trevareindustri og produksjon av dyrefôr i kommunen. Turisme har òg vorte viktig dei seinare åra, og Nissdeal har både hyttegrender og campingplassar.



Geografi |


Nissdeal kommune er gjennomskoren av den 35 km lange innsjøen Nisser. Busetnaden held for det meste til på austsida av Nisser, med kommunesenteret Treungen i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda i nord. Sør for innsjøen finst det moreneavsetjingar med store furumoar.


Dalføret langs Nisser har bratte sider, og frå der innsjøen ligg lyftar landskapet seg snøgt til ei fjellvidd med toppar på kring 800-1000 moh. Høgste punkt er Førheinutane på 1049 m.o.h., som ligg på grensa til Fyresdal i nordvest.



Samferdsel |


Riksveg 41 går gjennom kommunen frå nord til sør på austsida av Nisser. På vestsida av innsjøen går ein fylkesveg frå Treungen til Fjone og Sundsodden, med kabelferje til austsida. Fylkesveg 355 fører frå Tjønnefoss til Fyresdal i nordvest og fylkesveg 358 frå Drangedal over Gautefallheia til Treungen.



Kultur |


Det finst fleire hellemålingar i kommunen. Ved garden Trontveit på vestsida av Nisser finst ei hellemåling i ein ovande bratt fjellvegg. Denne stammar truleg frå bronsealderen. Ved Kvithamar lenger nord er det òg funne hellemålingar. Søraust for Treungen står Treungen kyrkje.[1]



Kjende folk frå Nissedal |



  • Dagny Tande Lid (1903-1998), målar, illustratør og lyrikar


Fotnotar |




  1. 1,01,1 Jan Erik Nilsen (19. mai 2012). «Nissedal». Store Norske Leksikon. Henta 19. juli 2010. 


  2. Eirik Helleve (28. oktober 2011). «Nissedal kommune, Telemark». Allkunne. Henta 19. juli 2010. 



Bakgrunnsstoff |


  • Nissedal kommune


  • Vest-Telemark Blad - Lokalavis i Nissedal


  • Historiske arkiv etter Nissedal kommune på Arkivportalen





Koordinatar: 59°1′10.5″N 8°31′16.6″E



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...