Nedslagsfelt




Nedslagsfelt. Den stipla linja er vasskiljet til nedslagsfeltet


Eit nedslagsfelt - også kalla nedbørsfelt, tilsigsområde, nedslagsdistrikt, tilsigsfelt, dreneringsområde, samlebassin, avrenningsområde eller elvebekken - er det landområdet som eit vassdrag samlar opp vatn frå. Vatn frå regn eller snøsmelting renn nedover overflata og samlar seg i elvar, innsjøar, reservoar, estuar, våtmarksområde, sjø eller hav. Nedslagsfeltet inneheld både bekkar og elvar som transporterer vatnet og overflata som desse samlar opp vatnet frå.


Kvart nedslagsfelt er topografisk avgrensa frå kvarandre av ein rygg, ås eller eit fjell, som ein kallar vasskiljet. Av og til kan det vere vanskeleg å avgrense nedslagsfeltet fordi ein innsjø eller ei myr kan ha avrenning i fleire retningar.




Innhaldsliste





  • 1 Store nedslagsfelt i verda

    • 1.1 Kart


    • 1.2 Nedslagsfelta til hava


    • 1.3 Endorheiske nedslagsfelt



  • 2 Bakgrunnsstoff


  • 3 Kjelder




Store nedslagsfelt i verda |



Kart |


Ocean drainage.png


Nedslagsfelta til dei største hava i verda. Grå område er endorheiske nedslagsfelt som ikkje har avrenning til havet.



Nedslagsfelta til hava |


Det er mange nedslagsfelt i verda. Dei følgjande er nokre av dei største:
Nedslagsfeltet til Atlanterhavet utgjer om lag 47 % av alle landområda i verda. USA aust for Rocky Mountains, inkludert Dei store sjøane, og Canada, nesten heile Sør-Amerika (landområda aust for Andesfjella), det nordlege Europa og dei vestlege områda av Afrika er ein del av dette nedslagsfeltet. I tillegg er Det karibiske havet og Mexicogolfen (nordlege delar av Sør-Amerika) rekna som ein del av Atlanterhavet.


Middelhavet drenerer dei sørlege og austlege områda av Europa, Nordaust-Afrika (inkludert Egypt, Libya, Sudan og andre land som har avrenning til Nilen), Tyrkia og kystområda av Israel, Libanon og Syria.


Nordishavet drenerer det meste av Nord-Canada og Russland


Nedslagsfeltet til Stillehavet utgjer berre 13 % av landområda i verda. Dette inkluderer det meste av Kina, det søraustlege Russland, Japan, Korea, det meste av Indonesia og Malaysia, Filippinane, alle Stillehavsøyane, nordaustkysten av Australia, det meste av Alaska, den vestlege delen av Canada, USA, Sentral-Amerika og Sør-Amerika (den mindre delen vest for Andesfjella).


Indiahavet drenerer rundt 13 % av landområda på jorda. Dette nedslagsfeltet inkluderer austkysten av Afrika, kysten av Raudehavet og Persiabukta, Det indiske subkontinentet, Burma og det meste av Australia.


Sørishavet sitt nedslagsfelt består av Antarktis, som utgjer om lag 8 % av landområda på jorda.



Endorheiske nedslagsfelt |



For meir om dette emnet, sjå Endorheisk nedslagsfelt.

Endorheiske nedslagsfelt er nedslagsfelt som ikkje har avrenning til havet. Om lag 18 % av landområda på jorda er endorheiske. Dei største av desse områda finn ein i indre område av Asia, som har avrenning til Kaspihavet og Aralsjøen. Andre slike nedslagsfelt er Great Basin i USA, det meste av Sahara, vasskiljet til elva Okavango (Kalahari), høglandet nær Dei store sjøane i Afrika, indre område av Australia og Den arabiske halvøya, og delar av Mexico og Andesfjella.



Bakgrunnsstoff |


  • Detaljert kart over nedslagsfelt i Nord-Amerika


  • Science in Your Watershed, USGS

  • Studying Watersheds: A Confluence of Important Ideas

  • Water Sustainability Project


  • Kart over nedslagsfelt på Jorda, WRI


  • Surf Your Watershed, EPA

  • http://www.wr.udel.edu/cb/whatwhycare.html

  • Cycleau - Eit prosjekt for å kontrollere nedslagsfelta i Nordvest-Europa


Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Drainage basin frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:

  • http://spectre.nmsu.edu/watertaskforce/aboutus.lasso?t=31&v=Watershed%20Management

  • http://watershed.org/news/fall_94/terminology.html

  • DeBarry,Paul A. (2004). Watersheds: Processes, Assessment and Management. John Wiley & Sons.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?