Pite älv
| Pite älv | |
Piteälven, , Piteå älv | |
| elv | |
Trollforsen i september 2010 | |
| Land | |
|---|---|
| Nedslagsfelt | 11 285,3 km² |
| Lengd | 400 km |
| Vassføring | |
| - middel | 160 m³/s |
| Kjelde | Pieskehaure |
| Munning | Bottenviken |
| - koordinatar | |
Pite älv | |
Wikimedia Commons: Pite älv | |
Pite älv ved Benbryteforsen.
Kombibru bil/tog på Inlandsbanan.
Pite älv eller Piteälven er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 410 km lang[1], med eit nedslagsfelt på 11 285 km²[2] og ein middelvassføring ved utløpet på 160 m³/s.
Elva har utspring frå innsjøen Pieskehaure ved grensa mot Noreg, like aust for Sulitjelma. Ho renn derfrå i søraustleg retning og passerer gjennom fleire store innsjøer, som Tjeggelvas og Vuolvojaure. Ho munnar ut i Bottenviken ved Pitsund, 10 kilometer sør for Piteå. Dei største sideelvane er Abmoälven, Varjisån, Vistån og Lillpiteälven.
Pite älv er ei av nasjonalelvane i Sverige, og er saman med Vindelälven, Torne älv og Kalixälven ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til kraftproduksjon. Den største fossen er Storforsen ved Vidsel, som òg er det største turistmålet i Norrbotten med ca. 180 000 vitjande per år. Andre kjende fossar er Trollforsarna, Benbryteforsen, Åkerselforsen, Trångforsen og Fällforsen. Ved Hundforsen kryssar Inlandsbanan elva på ein av dei få gjenverande kombibruene i Sverige som vert trafikkert av både bil og tog i same løp.
Referansar |
↑ SMHI Vattendragsregistret
↑ Sveriges huvudavrinningsområden
Bakgrunnsstoff |
|