Hurtigruta





MS «Polarlys»





MS «Nordlys»





MS «Richard With»


Hurtigruta er ei passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes. 11 skip som kvar brukar 11 dagar på ein rundtur betener ruta. Til saman er det 34 stoppestader.


Samferdsledepartementet har løyveansvaret for Hurtigruta og kjøper tenester på strekninga i den private leverandørmarknaden. Gjeldande avtale er inngått med reiarlaget Hurtigruten AS for perioden 2012-2019, med opsjon på eitt års forlenging.[1] For perioden 2021-2030 er det inngått avtale med reiarlaga Havila Kystruten AS og Hurtigruten AS for høvesvis fire og sju skip.[2]


Hurtigruta er avhengig av statstilskot, og har vore det sidan oppstarten i 1893. Samferdselsdepartementet la ut nytt anbod for trafikkering på denne strekninga frå 1. januar 2005 fram til 31. desember 2012 og var open for internasjonale verksemder, men fekk berre eitt anbod, nemleg frå OVDS og TFDS. (Desse 2 selskapa utgjorde i si tid Hurtigruta, men fusjonerte 1. mars 2006 til HRG). I desember 2004 gjorde så Staten og hurtigruteselskapa ein avtale for tida fram til 2012 om at Hurtigruta skal segla dagleg, heile året, mot eit statstilskot på 1,9 milliardar kroner.




Innhaldsliste





  • 1 Historie

    • 1.1 Hurtigruta vert etablert


    • 1.2 Den første rundreisa



  • 2 Reisetid og stoppestader

    • 2.1 Stoppestader dag for dag[3]



  • 3 Hurtigruteskip


  • 4 Ulukker


  • 5 Hurtigruten minutt for minutt


  • 6 Referansar


  • 7 Bakgrunnsstoff




Historie |



Hurtigruta vert etablert |


Indredepartementet lyste ut anbod i 1891 for igangsetjing av ei snøggrute som skulle gå frå Trondheim og nordover til Vadsø om sommaren, eller til Hammerfest om vinteren, to gonger i veka. Ingen leverte inn anbod.


Denne utlysinga vart forandra 21. september 1892 etter forslag frå Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), der det berre var krav om ein tur i veka, og at ho berre skulle gå til Tromsø om vinteren og til Hammerfest om sommaren. VDS vann anbodet.



Den første rundreisa |






DS «Vesteraalen» nær Bodø i 1893


DS «Vesteraalen» gjekk på den første reisa si frå Trondheim 2. juli 1893, og Richard With var kaptein. Ho gjekk innom Rørvik, Brønnøy, Sandnessjøen, Bodø, Svolvær, Lødingen, Harstad, Tromsø, Skjervøy og til slutt Hammerfest.


Det var mange som ikkje trudde på at Hurtigruta ville kunna halda ein stram ruteplan i den mørke og vêrharde nordnorske vinteren. Det første prøveåret viste likevel at dette lét seg gjera. «Vesteraalen» var omtrent like punktleg om vinteren som om sommaren. Kaptein Richard With og los Anders Holte hadde gått nøye gjennom seglingsleia og hadde skrive ned kursar, strekningar og passeringstider. Dei utarbeidde så kurstabellar som gjorde at ein kunne segla på bestikk (etter klokke, logg og kompass) i dei fleste vêrtypane.


Sommaren 1894 blei det gjeve klarsignal for skip nummer to, medan det tredje skipet kom til i 1898. Dette var det første som segla frå Bergen.



Reisetid og stoppestader |





Stoppestader






MS «Nordkapp» og MS «Polarlys»



Den første reisa, frå Trondheim til Hammerfest, tok 67 timar. Dagens reisetid, over hundre år seinare, er 33 timar for strekket frå Trondheim til Svolvær, og 41 timar og 15 minutt for strekket frå Trondheim til Hammerfest.


Ein rundtur Bergen–Kirkenes–Bergen tek 11 døgn. Sørgåande sigling (Kirkenes–Bergen) tek fem døgn, nordgåande seks døgn.



Stoppestader dag for dag[3] |


  • Hurtigruta siglar frå Bergen om kvelden 1. dag

  • 2. dag: Florø - Måløy - Torvik - Ålesund - Geiranger (sommar) - Molde

  • 3. dag: Kristiansund - Trondheim - Rørvik

  • 4. dag: Brønnøysund - Sandnessjøen - Nesna - Ørnes - Bodø - Stamsund - Svolvær

  • 5. dag: Stokmarknes - Sortland - Risøyhamn - Harstad - Finnsnes - Tromsø - Skjervøy

  • 6. dag: Øksfjord - Hammerfest - Havøysund - Honningsvåg - Kjøllefjord - Mehamn - Berlevåg - Båtsfjord

  • 7. dag: Vardø - Vadsø - Kirkenes - Vardø - Båtsfjord - Berlevåg

  • 8. dag: Mehamn - Kjøllefjord - Honningsvåg - Havøysund - Hammerfest - Øksfjord - Skjervøy – Tromsø

  • 9. dag: Tromsø - Finnsnes - Harstad - Risøyhamn - Sortland - Stokmarknes - Svolvær - Stamsund

  • 10. dag: Bodø - Ørnes - Nesna - Sandnessjøen - Brønnøysund - Rørvik

  • 11. dag: Trondheim - Kristiansund - Molde

  • 12. dag: Ålesund - Torvik - Måløy - Florø - Bergen


Hurtigruteskip |


Ti skip bygde mellom 1964 og 2009 utgjer dagens flåte. Dei har ein maksfart på rundt 20 knop, men ruta er lagt opp til ca. 15 knop. Skipa er:[3]


  • MS «Lofoten»

  • MS «Vesterålen»

  • MS «Kong Harald»

  • MS «Richard With»

  • MS «Nordlys»

  • MS «Polarlys»

  • MS «Nordkapp»

  • MS «Nordnorge»

  • MS «Finnmarken»

  • MS «Trollfjord»

  • MS «Spitsbergen»

Det tidlegare hurtigruteskipet MS «Narvik» vart seld til Rogaland sjøfartskole i februar 2007. Skipet vert nytta som skuleskip med namnet MS «Gann». MS «Lyngen» vart seld til amerikanske Lindblad Expedition hausten 2007. Bortsett frå «Trollfjord», «Narvik» og «Nordkapp» har desse namna lange tradisjonar innan hurtigrutefarten.


Havila Kystruten har fire skip under bygging som skal inn i Hurtigruta frå 2021, alle med lengd på 112,7 meter, breidd på 22 meter og passasjerkapasitet på 640. Dei fire skipa vil få namna «Havila Capella», «Havila Castor», «Havila Polaris» og «Havila Pollux».[3] Hurtigruten AS som skal halde fram med sju skip i Hurtigruta vil bygge om dei aktuelle skipa for å innfri krava til utslepp og miljø.[4]



Ulukker |


Laurdag 9. april 2011 då hurtigruteskipet MS «Trollfjord» å til kai i Tromsø fall ei 70 år gammal kvinne frå Trondheim ned heile gangbrua mot kaia. Ho vart frakta medvistlaus til Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Seinare vart ho frakta til eit sjukehus i Trondheim, der ho døydde 14. april.[5]


Torsdag 15. september 2011 byrja hurtigruteskipet MS «Nordlys» å brenne ca. 10 nautiske mil frå Ålesund. Brannen starta i maskinrommet. Skipet låg til kai i nærleiken av Radisson Blu Hotel, så heile hotellet vart evakuert. To personar omkom, ni vart sendt til Ålesund sjukehus og ein vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus. 16 personar vart skada ein eksplosjonsarta brann som starta i maskinrommet. Då skipet la til kai vart eit hol i skipssida og skipet byrja å ta inn vatn og fekk slagside.[6][7][8]



Hurtigruten minutt for minutt |


Hurtigruten minutt for minutt er verdas lengste direktesendte fjernsynsprogram, laga av NRK. Programmet gjekk på NRK2 og NRK Nett-TV frå 16. juni 2011 klokka 19:45 til 22. juni 2011 klokka 09:45 og varte i heile 134 timer, 42 minuttar og 45 sekunder. I programmet får ein sjå hele turen med hurtigruteskipet MS «Nordnorge» frå Bergen til Kirkenes. Hausten 2011 kom programmet med i Guinness rekordbok som verdas lengste direktesendte fjernsynsdokumentar.[9]



Referansar |



  1. Samferdselsdepartementet (2016-12-15), «Kystruten Bergen-Kirkenes», Regjeringen.no (på norsk), henta 2019-03-05 


  2. Samferdselsdepartementet (2018-12-12), «Kystruteavtale for perioden 2021-2030», Regjeringen.no (på norsk), henta 2019-03-05 


  3. 3,03,13,2 Samferdselsdepartementet, «Opplysninger om omfanget av gjeldende kystruteavtale» (PDF), Regjeringen.no (på norsk), henta 2019-03-05  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «:0» er definert fleire gonger med ulikt innhald


  4. Samferdselsdepartementet (2018-03-23), «Havila og Hurtigruten får kontrakter på kystruten Bergen-Kirkenes», Regjeringen.no (på norsk), henta 2019-03-05 


  5. Døde etter å ha falt ned gangbrua


  6. Hurtigruten i brann


  7. Brann om bord i Hurtigruten: Politiet bekrefter at to er omkommet


  8. Hurtigruten tar inn vann og har fått slagside


  9. Fordal, Jon Annar (2011-06-14), «Hurtigruten minutt for minutt», NRK (på bokmål), henta 2019-03-05 


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hurtigruta


  • Hurtigruten AS sine heimesider

  • yr.no: Vêrvarsel for Hurtigruta

  • Hurtigrute-Klubb

  • Pressemelding frå samferdselsdepartementet om vinnaren av anbodet

  • Detailed history of the Hurtigrute and other coastal services in English

  • Hurtigruten minutt for minutt

  • Sørkoreanerne følger Hurtigruten direkte fra t-banen

  • Nå kommer Hurtigruta til Danmark

  • Hurtigruten inn i Guinness rekordbok

  • Hurtigruten: Explore beautiful Norway... Ein blogg om Hurtigruten


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?