IKEA




IKEA logo




IKEA butikk i Regensburg





██ Land som har 1-2 IKEA butikkar ██ Land som har 3-5 IKEA butikkar ██ Land som har 6-10 IKEA butikkar ██ Land som har 11-20 IKEA butikkar ██ Land som har 21-40 IKEA butikkar ██ Land som har meir enn 40 IKEA butikkar ██ Land som skal få IKEA butikkar


IKEA er ein verdsomspennande møbelvarehuskjede. Pr. vinteren 2004 var det 202 store IKEA-butikkar i 32 ulike land. Dei fleste ligg i Europa, mens resten er plassert i USA, Canada, Asia og Australia. IKEA-katalogen, som inneheld om lag 12 000 IKEA-produkt, vert trykt opp i hundre millionar eksemplar årleg på mange språk.



Historie |


Selskapet er opphavleg svensk og stifta av Ingvar Kamprad då han var 17 år i 1943. Namnet IKEA er eit akronym:



  • I = Ingvar


  • K = Kamprad


  • E = Elmtaryd (garden der Kamprad vart fødd)


  • A = Agunnaryd (bygda der Elmtaryd, eller Älmtaryd, låg)

I byrjinga selde IKEA pennar, lommebøker, rammer, klokker, smykke og nylonstrømper – praktisk talt alt som Kamprad følte det var behov for, og som han kunne selje til redusert pris. Det fyrste møbelet vart introdusert i produktporteføljen i 1947 og i 1955 byrja dei å formgje sine eigne møblar.


Kamprad selde til å byrje med møblar frå heimen sin og via post. Men etter kvart vart den fyrste butikken opna i nærleiken av byen Älmhult. Dette var òg staden der det fyrste IKEA-varehuset kom, og som skulle bli ein modell for dei andre IKEA-varehusa som blei opna. Det fyrste varehuset utanfor Sverige kom på Nesbru i Asker kommune, vest for Oslo, i 1963. Dette varehuset var lite og låg i leigde lokale, før det vart opna eit stort nytt varehus på Slependen i den same kommunen, ikkje langt frå Nesbru. På denne tomta har IKEA framleis eit varehus. IKEA har no fleire varehus i Noreg.



IKEA-møblar |


Møblane til IKEA-kjeda er kjend for å vere enkle, men stilige. Dei er utforma av kjende formgjevarar, og kvar type har namn, slik som Billy.


Kjeda sel møblane som flate pakkar, som kundane må ta heim og sette saman sjølve. Dette sparer for møbelkjeda for mykje plass under transport og lagring, men gjer òg at kundane kan ta med seg det dei har kjøpt i sine eigne bilar eller på bussane som IKEA gjerne tilbyr gratis.



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command