Musikaren Jonas Fjeld






















Jonas Fjeld
Jonas Fjeld2.JPG
Fødd
24. september 1952
FødestadBodø
FødenamnTerje Lillegård Jensen
AliasJonas Fjeld
OpphavNoreg
Sjangercountryrock
Instrument
gitar, vokal
PlateselskapGrappa musikkforlag
Verka som
songar, gitarist
Prisar
Spellemannprisen i rock, Kardemommestipendiet, Spellemannprisen i rock, Spellemannprisen i roots og country, Spellemannprisen for årets mannlige artist

Jonas Fjeld (fødd 24. september 1952), eigentleg Terje Lillegård Jensen, er ein norsk songar, låtskrivar og gitarist. Fjeld, som har teke artistnamnet sitt etter Øvre Richter Frich sin romanfigur, byrja musikkarriera si i tøysebandet Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (der òg Herodes Falsk var medlem), seinare omdøypt til Jonas Fjeld Band då gutane (minus Falsk) bestemte seg for å bli seriøse musikarar. Musikken til Jonas Fjeld Band er bluesprega countryrock, med til dels heftige gitarriff.


Eit anna av Fjeld sine musikkprosjekt er Danko Fjeld Andersen, som var eit samarbeid mellom Fjeld og dei amerikanske musikarane Eric Andersen og Rick Danko – sistnemnde kjent frå The Band.


Eit tredje prosjekt er To Rustne Herrer, som består av Jonas Fjeld og Ole Paus. Fjeld har brukt fleire tekstar skrivne av Paus, men på den siste plata si, Mårrakvist, har han òg teke med stoff frå Lars Saabye Christensen, Jo Nesbø og Klaus Hagerup.



Prisar |



  • Spellemannprisen 1985 i klassen Rock for albumet Neck'n Neck (med Jonas Fjeld Band)


  • Spellemannprisen 1986 i klassen Rock for albumet Time and Motion (med Jonas Fjeld Band)


  • Gammleng-prisen i 1986 i klassen Pop.


  • Spellemannprisen 1991 i klassen Roots & country med Rick Danko og Eric Andersen.


  • Spellemannprisen 1994 i klassen Mannlege artist for albumet Nerven i min sang


  • Kardemommestipendiet 2006


Diskografi |


Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band



  • Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (1973)


  • Pans Fløyte (1974)


  • Endelig (Uff, Ikke Nå Igjen) (1976)

Jonas Fjeld Band



  • Tennesseee Tapes (1977)


  • Back in the USA (1978)


  • Make up (1979)


  • Neck n' Neck (1984)


  • Time and Motion (1985)

Jonas Fjeld (soloalbum)



  • Take Two Asprins and Call Me in the Morning (1975)


  • Living for the Weekend (1983)


  • Svært Nok For Meg (1990)


  • Texas Jensen (1992)


  • Beste (samleplate, 1999)


  • Voice on the Water (2000)


  • Tidevann (2001)


  • Mårrakvist (2006)

Danko Fjeld Andersen



  • Danko Fjeld Andersen (1991)


  • Ridin' on the Blinds (1993)

To Rustne Herrer



  • To Rustne Herrer (1996)


  • Damebesøk (1997)


  • 12 Rustne Strenger (2002)


Bakgrunnsstoff |



  • «Morgenkaffe med Jonas» — Intervju med Fjeld i Bergens Tidende 25. feb. 2006

Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?