Skardsfjorden


Skardsfjorden er ein fjord i Rødøy og Meløy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km austover, der han deler seg i to. Inn til botn av Nordfjorden er han 31 km lang.


Fjorden har innløp mellom Sleipnesodden i sør og Åmnøyhamna i nord. Det meste av fjorden ligg på sørsida av Åmnøya. Fleire mindre grender ligg på begge sider av fjorden. Om lag 10 km inn i fjorden ligg Forøya og Esøya. Her deler fjorden seg i to. Eine delen går nordaustover til innløpet til Bjærangfjorden. På sørsida av desse øyane går Arhaugfjorden søraustover og går etter kvart over i Holandsfjorden, som igjen går over i Nordfjorden.


Fv464 går langs nordsida av fjorden på Åmnøya. Ved Åmnøyhamna heilt i vest møter Skardsfjorden Bolgfjorden som går på nordsida av Åmnøya.







Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Nidaros erkebispedøme