Per Egil Ahlsen
| Per Egil Ahlsen | |
| Fødd | 4. mars 1958 Fredrikstad | 
| Yrke | fotballspelar | 
Per Egil Ahlsen (fødd 4. mars 1958 i Fredrikstad)[1] er ein norsk tidlegare fotballspelar. Ahlsen starta som midtbanespelar, men blei seinare flytta til midtstoppar.
Ahlsen begynte karrieren på seniornivå i Fredrikstad på midten av 1970-tallet. Han blei cupmeister med FFK i 1984, der han skåra eit frispark frå 30 meter.[1]
Ahlsen var med på det norske herrelandslaget i fotball under sommar-OL 1984.[2][3]Han fekk Kniksenprisen i 1992.[1]
Han var også med i serien Mesterens Mester på NRK.
Kjelder | 
 ↑ 1,01,11,2 Jan Holm. «Per Egil Ahlsen». Store norske leksikon. Henta 2. april 2017.
 ↑ «Per Egil Ahlsen» (engelsk). olympic.org. Henta 2. april 2017.
 ↑ «Per Egil Ahlsen» (engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 2. desember 2016. Henta 2. april 2017.
 «Per Egil Ahlsen» (engelsk). national-football-teams.com. Henta 2. april 2017.
|  Det norske herrelandslaget i fotball – Sommar-OL 1984  | |
|---|---|
| 
 |