Åna-Sira
| Åna-Sira | |
| stad | |
|  Åna-Sira, august 2009  Foto: | |
| Land |  Noreg | 
|---|---|
| Fylke | Vest-Agder | 
| Kommune | Flekkefjord | 
| Postnummer | 4420 ÅNA-SIRA | 
Åna-Sira er ein tettstad i Flekkefjord og Sokndal kommunar i sør-vestre Noreg. Tettstaden ligg på grensa mellom fylka Vest-Agder og Rogaland, langs Riksveg 44. 
Åna-Sira kyrkje
 Foto: Jarle Vines 
Åna-Sira har namnet frå fjorden Åna og elva Sira, som er ein del av Sira-Kvina-kraftutbygginga. Det meste av busetnaden ligg på Rogalandssida av fylkesgrensa, som går midt etter fjorden og elva. På austsida ligg rekepillefabrikken og hovudkontora til næringsmiddelverksemda til Finny Sirevaag.[1] og Åna-Sira kraftstasjon. På vestsida ligg mellom anna ein interkommunal skule og Åna-Sira kyrkje.
Fotnotar | 
 ↑ Nettstaden til Finny Sirevaag
 Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
 Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.