Tysdag



Veka
  • måndag

  • tysdag

  • onsdag

  • torsdag

  • fredag

  • laurdag

  • sundag

Tysdag blir gjerne rekna som den andre dagen i veka. Han er oppkalla etter den norrøne krigsguden Ty i dei fleste germansk-språklege land, medan den romerske guden Mars har namngjeve han i dei romanske. Dagen heiter Martis dies på latin, martedí på italiensk og mardi på fransk.


Somme stader blir tysdagen sett på som uheppen. For grekarane er han mellom anna dagen Konstantinopel fall til tyrkarane. I den spansktalande verda seier eit ordtak at på tysdagar bør ein korkje gifta seg eller leggja ut på reis - En martes, ni te cases ni te embarques. Dagen er også rekna som uheppen somme stader i India på grunn av tilknytinga til planeten Mars, og ein del hinduar dreg til tempel denne dagen for å motverka den vonde innverknaden hans.



Spesielle tysdagar |



  • Feitetysdag er dagen før oskeonsdag, ein dag ein tradisjonelt brukte opp alt feittet før fastetida byrja.

Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Nidaros erkebispedøme