Alan Parsons
Alan Parsons | |
| |
Fødd | 20. desember 1948 |
---|---|
Fødestad | London |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1968-til i dag |
Sjanger | Rock |
Instrument | Tangentinstrument, vokal og fløyte |
Tilknytte artistar | The Alan Parsons Project |
Verka som | Musikar, plateprodusent og lydteknikar |
- Denne artikkelen omhandlar Alan Parsons. Sjå artikkelen The Alan Parsons Project for detaljert historie om bandet.
Alan Parsons (fødd 20. desember 1948) frå London i England, er ein britisk lydteknikar, musikar og plateprodusent.
Karriere |
Parsons vart først kjend som lydteknikar i Abbey Road Studios for kjende plater som The Beatles si Abbey Road og Pink Floyd si The Dark Side of the Moon. Han gjekk ofte lenger enn det som normalt vart rekna for å vere ein lydteknikar sine oppgåver, og han såg på seg sjølv som ein innspelingsregissør der han samanlikna sine medverknadar til innspelinga med det Stanley Kubrick gjorde på film. Dette er tydleg på Al Stewart si Year of the Cat, der Parsons la til saksofon og omforma det som kunne vore ei vanleg vise til ein jazzpåverka ballade, som fekk Al Stewart inn på hitlistene. Ein kan òg høyre påverknaden til Alan Parson på The Hollies sine songar «He Ain't Heavy, He's My Brother» og «The Air That I Breathe», som skil seg mykje ut frå deira tidlegare popsinglar på 60-talet. .
Parsons har òg produsert tre album av bandet Pilot, eit skotsk rocke-/popband, der medlemmane Ian Bairnson på gitar, Stuart Tosh på trommer og David Paton på vokal, gitar og bass, seinare vart med i The Alan Parsons Project.
Tilsynelatande inspirert av sine eigne påverknadar på Stewart sitt arbeid grunnla han The Alan Parsons Project med produsent og låtskrivar Eric Woolfson i 1975. The Project vart oppløyst i 1987, og Parsons haldt fram med ei solokarrierere og samarbeida med andre musikarar.
Sjølv om han var både vokalist, tangentspelar og fløytist, song ikkje Parsons så ofte på sine eigne album, og spelte stort sett berre tangentar. Innspelingar av han på fløyte er derimot så godt som ukjend. Gitaristen Ian Bairnson har arbeida med Parsons på soloalbuma hans.
I det siste har han delvis brukt det gamle bandnamnet sitt på konsertar, der han kallar seg The Alan Parsons Live Project (med lov frå Woolfson). I åra 2004-2006 spelte The Alan Parsons Live Project konsertar over heile verda etter det siste albumet hans A Valid Path.
Solodiskografi |
1993 Try Anything Once,
1996 On Air - inneheld CD-ROM med litt flyhistorie.
1999 The Time Machine,
2004 A Valid Path, med David Gilmour på «Return to Tunguska».
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell side
- Intervju med Alan Parsons om historia til bandet
Pink Floyd | |||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
David Gilmour · Nick Mason Syd Barrett · Roger Waters · Richard Wright | |||||||||||||||||||||||||||||
Studioalbum | The Piper at the Gates of Dawn · A Saucerful of Secrets · More · Ummagumma · Atom Heart Mother · Meddle · Obscured by Clouds · The Dark Side of the Moon · Wish You Were Here · Animals · The Wall · The Final Cut · A Momentary Lapse of Reason · The Division Bell · The Endless River | ||||||||||||||||||||||||||||
Konsertalbum | London '66–'67 · Ummagumma · Delicate Sound of Thunder · PULSE · Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 | ||||||||||||||||||||||||||||
Samleplater | The Best of the Pink Floyd / Masters of Rock · Relics · A Nice Pair · A Collection of Great Dance Songs · Works · 1967: The First Three Singles · Echoes: The Best of Pink Floyd · The Best of Pink Floyd: A Foot in the Door | ||||||||||||||||||||||||||||
Plateboksar | Shine On · Oh, by the Way · Discovery | ||||||||||||||||||||||||||||
Konsertfilmar | London '66–'67 · Live at Pompeii · Delicate Sound of Thunder · Pulse | ||||||||||||||||||||||||||||
Forteljande filmar | The Wall · The Final Cut | ||||||||||||||||||||||||||||
Dokumentarar | The Pink Floyd and Syd Barrett Story · The Making of The Dark Side of the Moon · London '66–'67 · The Story of Wish You Were Here | ||||||||||||||||||||||||||||
Filmmusikkalbum | Tonite Lets All Make Love in London · The Committee · Zabriskie Point · More · Obscured by Clouds · La Carrera Panamericana | ||||||||||||||||||||||||||||
Singlar |
| ||||||||||||||||||||||||||||
Turnear | Pink Floyd World Tour 1968 · The Man and The Journey Tour · Atom Heart Mother World Tour · Meddle Tour · Dark Side of the Moon Tour · Pink Floyd 1974 tours · Wish You Were Here Tour · In the Flesh (1977 Pink Floyd 'Animals' tour) · The Wall Tour · A Momentary Lapse of Reason Tour · The Division Bell Tour | ||||||||||||||||||||||||||||
Plateprodusentar | Clive Brooks · Joe Boyd · Bob Ezrin · James Guthrie · John Leckie · Alan Parsons · John Elder Robison · Norman Smith · Chris Thomas · Peter Watts | ||||||||||||||||||||||||||||
Platestudio | Abbey Road · Astoria · Britannia Row · Hookend | ||||||||||||||||||||||||||||
Turnémusikarar | Andy Bown · Jon Carin · Scott Page · Dick Parry · Guy Pratt · Tim Renwick · Andy Roberts · Gary Wallis · Snowy White · Peter Wood | ||||||||||||||||||||||||||||
Korvokalistar | Sam Brown · Lesley Duncan · Venetta Fields · Claudia Fontaine · Rachel Fury · Jim Haas · Carol Kenyon · Durga McBroom · Clare Torry · Doris Troy | ||||||||||||||||||||||||||||
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songliste · Ron Geesin · Bob Klose · Ian Emes · Max Barrett · Carolyne Christie · Willie Christie · Polly Samson · Azimuth Co-ordinator · EMS Synthi A · Dark Side of the Rainbow · Games for May · The Man and The Journey · Midsummer High Weekend · The 14 Hour Technicolor Dream · Music from The Body · Publius Enigma · 19367 Pink Floyd · Pinkfloydia · Proper Education · Roy Harper · Pink Anderson & Floyd Council · Gerald Scarfe · Hipgnosis · * Peter Christopherson · * George Hardie · * Aubrey Powell · * Storm Thorgerson · The Amazing Pudding · Why Pink Floyd...? · Bob Geldof · Alan Parker · Picnic – A Breath of Fresh Air | ||||||||||||||||||||||||||||
Tema:Pink Floyd |
|